jon fosse · jon fosse for seint libretto. 2 personar eldre kvinne, kring seksti-sytti...

59
Jon Fosse For seint Libretto

Upload: vuonglien

Post on 09-Feb-2019

224 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

Jon Fosse For seint Libretto

Page 2: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

2

Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei

Page 3: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

3

Ei seng fremst, godt opplyst, og bakarst eit bilete på ein vegg, målarsaker på eit bord ved sida av

ELDRE KVINNE står attmed senga

Og dagen har byrja ganske kort pause ein dag som alle dagar Alle dagar byrjar slik Kort pause Alltid denne smerte Alltid denne saknad Alltid denne venting Kort pause Og alt er berre seiemåtar sagde før og så må eg vel gjera noko Eg må alltid gjera noko Ho reier opp senga Og så mykje som det skulle bli Og så bryt seg av. Kort pause Det er vel livet slik det er ein skal vilja ein skal strida kort pause kor tomme orda høyrest ut

Page 4: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

4

ganske kort pause vilja ganske kort pause strida Ei middelaldrande kvinne og ein mann kjem inn, hand i hand, etter mannen kjem ein annan mann inn, fylgjet hans. Den eldre kvinna ser mot dei Og så fin ei tid det var Ja det var fint Mannen omfamnar Den middelaldrande kvinna Og så god han var ganske kort pause liksom så barnsleg Den eldre kvinna smiler Så einfaldig ja rett og slett einfaldig og litt dum ja kanskje Mannen slepper Den middelaldrande kvinna

MANN Får eg ein kyss

MIDDELALDRANDE KVINNE Nei du får ingen kyss

Page 5: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

5

MANN liksom skuffa Eg får ingen kyss

MIDDELALDRANDE KVINNE Nei du får ingen kyss Aldri meir

MANN Får eg ikkje

MIDDELALDRANDE KVINNE Nei det får du ikkje

MANN Elskar du meg ikkje lenger Pause. Den middelaldrande kvinna går mot Man-nen, dei kysser kvarandre, lenge

ELDRE KVINNE Det var mi beste tid Ho ser mot senga, blir ståande urørleg Mi beste tid Ganske kort pause Og kvifor gjorde eg bryt seg av Kvifor gjorde eg det Kvifor

Page 6: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

6

Fordi eg bryt seg av fordi eg fordi Med høgare røyst Fordi Fordi Fordi Ganske kort pause Fordi eg måtte Mannen og Den middelaldrande kvinna slepper kvarandre, og går hand i hand framover

MANN Eg er så glad i deg

MIDDELALDRANDE KVINNE Og eg i deg

MANN Og dei vakre borna vi har fått ganske kort pause

MIDDELALDRANDE KVINNE To er alt store Ganske kort pause Men så kom den vesle

Page 7: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

7

Kort pause Det er heilt utruleg ikkje til å skjøna

FYLGJE Alt berre skjer alt blir slik det blir Kort pause

MIDDELALDRANDE KVINNE Og eg som var så gammal

MANN Nei nei du er ikkje gammal Men at det kan skje At vi kan skje Dei kysser kvarandre

MIDDELALDRANDE KVINNE At vi kunne skje

MANN At vi skjedde

MIDDELALDRANDE KVINNE Men vi skjedde

Page 8: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

8

FYLGJE Kvifor seier eg slikt Ganske kort pause Alt skjer alt berre skjer Kort pause Og eg er så trøytt

MANN Og så skjedde borna

MIDDELALDRANDE KVINNE Og no tener du så godt ja du har gjort det lenge ikkje det

FYLGJE Alt har berre skjedd kort pause og eg er så trøytt berre trøytt

MIDDELALDRANDE KVINNE held fram

ja vi har alt vi treng Vi har godt om plass Vi har kvarandre Vi har borna våre

Page 9: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

9

Pause. Liksom litt tvekande Nei at det kunne skje

MANN Men det har skjedd

MIDDELALDRANDE KVINNE Det har skjedd Men eg likar ikkje at du går ifrå meg Eg vil alltid vera saman med deg

MANN Men ganske kort pause ja du veit ja arbeidet krev meg dagen krev meg

MIDDELALDRANDE KVINNE

litt mutt Ja

FYLGJE Alltid det same Kvar dag det same Men snart så skal eg sova

Page 10: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

10

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja då

MANN Så

bryt seg av

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja

MANN Eg må gjera det eg må Eg må rett og slett ja tena pengar slik at vi kan leva ganske kort pause ja også her ja i desse romma

MIDDELALDRANDE KVINNE Du må vel det Kort pause Men at

FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt

Page 11: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

11

Eg vil berre sova

MIDDELALDRANDE KVINNE held fram ja at du skal gå ut og vera viktig der ute der ute i den store verd ganske kort pause og eg eg må vera her inne her her i desse romma

MANN Det er vel slik bryt seg av

MIDDELALDRANDE KVINNE

Du går ut ganske kort pause og det er andre kvinner der ute dei er unge yngre enn eg bryt seg av

MANN Eg bryr meg berre om deg

Page 12: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

12

FYLGJE Alltid det same igjen og igjen Men snart så skal eg sova

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg høyrer at du seier det

MANN Alltid berre deg

MIDDELALDRANDE KVINNE Men dei unge vakre kvinnene dei er der

MANN Ja

MIDDELALDRANDE KVINNE Du synest dei er vakre

MANN Nei ikkje slik kort pause kan du ikkje bryt seg av

Page 13: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

13

MIDDELALDRANDE KVINNE Og eg må vera her inne alltid her alltid her saman med borna ganske kort pause dei bråkar dei skrik dei rotar dei bryt seg av, kort pause bleier ja det er nokre år sidan sist men no er det nettopp det same om att Alltid bleir År og år og alltid bleier Og du ganske kort pause du går ut ut i verda og der er du viktig viktig for dei andre kvinnene for dei unge kvinnene dei ser på deg ganske kort pause

Page 14: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

14

kva trur du dei tenkjer ganske kort pause og korleis kan vel eg vita kva du tenkjer kva du gjer for eg er her du er der eg er her i desse romma og du er der der ute i den store verd og eg er her alltid her alltid her du er der eg er her du er der der dei unge vakre kvinnene er og eg er her i desse romma eg er her med borna

FYLGJE Alltid det same Det same og det same

MANN Det er nesten berre menn der

Page 15: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

15

ja der ute i den store verd som du seier

MIDDELALDRANDE KVINNE Og så dei unge kvinnene

MANN Ja ganske kort pause ja før bryt seg av

MIDDELALDRANDE KVINNE Før dei stengjest inne med born med born i slike rom

FYLGJE Alltid det same Men snart så skal eg sova

MANN Gje deg no

MIDDELALDRANDE KVINNE Er det ikkje slik Kvifor kan ikkje eg gå ut og vera viktig

Page 16: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

16

i den store verd

MANN Det er bryt seg av

MIDDELALDRANDE KVINNE Det er fordi det er slik det er Ganske kort pause

MIDDELALDRANDE KVINNE Alltid seier du det Kan du ikkje seia noko anna

MANN Eg må gå eg må rekka arbeidet mitt Eg må ikkje koma for seint

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja ja ja gå då

FYLGJE Eg må gå

men i kveld så kan eg sova Og svevnen er så god

Page 17: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

17

Snart så skal eg sova berre sova

MIDDELALDRANDE KVINNE held fram Berre gå Gå Gå

MANN Kan vi ikkje skiljast gå frå kvarandre som vener Pause

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja vel då Ho gjev han ein klem, og Mannen går ut. Fylgjet blir verande. Pause. Den middelaldrande kvinna blir ståande og sjå ned. Barnegråt høyrest. Den eldre kvinna går mot Den middelaldrande kvinna, stansar. Den eldre kvinna og Den middelaldrande kvinna ser mot kvarandre, dei ser ned, dei ser igjen mot kvarandre. Den middelaldrande kvinna går ut

ELDRE KVINNE Gjorde eg rett Gjorde eg feil

Page 18: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

18

Vart livet betre Ho ler for seg sjølv Som om livet vart betre Ganske kort pause. Barnegråten stilnar Eg gjorde det eg gjorde Eg gjorde det eg måtte gjera Eg gjorde det eg meinte at eg måtte gjera eg kunne ikkje anna eg tenkte ikkje anna eg tenkte ikkje på at noko anna kunne gjerast eg tenkte slik eg gjorde det slik Den middelaldrande kvinna kjem inn

MIDDELALDRANDE KVINNE Fyrst var det far og så var det han mannen min han eg er gift med Mor som gjekk der i romma og far som gjekk der ute i den store verd i den stolte verd

Page 19: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

19

ganske kort pause dei fine tinga ganske kort pause dei dyre tinga mor mellom alle dei dyre og fine tinga berre ting berre mor og eg mellom dei fine tinga i dei dyre romma Og far som var der ute Og mor og eg Mor som gjekk der Eg som gjekk der Og far som betalte for alt og vi berre gjekk der ganske kort pause Og no No er det eg eg som berre går her går her saman med born og han som går der ute der ute med alle pengane sine med alle dei unge jentene Kva vart det av meg

Page 20: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

20

Kort pause Eg teikna Eg måla Eg var så flink til å teikna Eg byrja på kunstskule Eg ville så mykje Eg såg noko Ganske kort pause Eg ville seia noko Eg bryt seg av, kort pause og så var han der stod han der ganske kort pause og så var alt endra alt var noko anna eg var ikkje lenger meg sjølv eg var ei anna eg var han som han alltid seier Eg er deg og som eg alltid svarar Eg er deg

ELDRE KVINNE Eg er deg Kort pause

Page 21: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

21

Eg er meg No er eg berre meg Men for eit snakk Eg er berre meg Eg skulle så mykje og så vart det bryt seg av. Den middelaldrande kvinna går ut Eg er for gammal Eg var for gammal Eg kunne ikkje måla Eg fekk ikkje til å måla slik eg ville Det var for seint Eg fekk det ikkje til Det vart ikkje slik eg trudde Det vart ikkje slik eg ville ganske kort pause men eg prøvde det kan seiast ja at eg prøvde ganske kort pause eg ville eg prøvde ganske kort pause men kva har vel det å seia at ein vil

Page 22: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

22

at ein prøver ganske kort pause det er ikkje slik det er Mannen kjem inn, og Den eldre kvinna ser mot han Og han var jo vakker Og det var ikkje noko vondt i han Men skarp ganske kort pause nei det var han ikkje Kanskje han til og med var litt dum smiler litt for seg sjølv. Mannen går ikring

MANN Men kvar er du Er du her ikkje Pause No må du ikkje gøyma deg Vi er ikkje lenger ungar Vi leikar ikkje lenger gøym og leit kvar er du Den middelaldrande kvinna kjem inn Der var du Så godt å sjå deg att Så godt å vera heime

Page 23: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

23

FYLGJE

Eg er så trøytt så trøytt Og snart så skal eg sova

MIDDELALDRANDE KVINNE

Og arbeidet gjekk greitt

MANN Ja ja alt gjekk som det skulle ganske kort pause men strevsamt det er det ja som alltid

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja

FYLGJE Eg er så trøytt Men snart så kan eg sova

MANN Og med deg

Page 24: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

24

MIDDELALDRANDE KVINNE Alt har vore som vanleg Eg har ikkje noko å fortelja ganske kort pause som vanleg

MANN Nei nei ikkje eg heller Kort pause Får eg gje deg ein klem Ho svarar ikkje Du vil ikkje ha ein klem Kort pause Ikkje ein klem Ikkje

MIDDELALDRANDE KVINNE Nei

MANN Du vil ikkje

MIDDELALDRANDE KVINNE Nei Mannen går og set seg ned på senga, og Den eldre kvinna stiller seg opp attmed han og stryk han over håret. Han ser ned framfor seg

Page 25: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

25

Du er der ute mellom dei vakre unge kvinnene

FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt Men snart så kan eg sova

DEN MIDDELALDRE KVINNA held fram og eg går her inne i desse romma i desse dyre romma med dei skrikande skrålande borna ganske kort pause det same ganske kort pause dag inn og dag ut dag inn og dag ut

FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt Men svevnen er så god Og snart så skal eg sova

MIDDELALDRANDE KVINNE held fram ja eg veit at eg seier det same eg gjentek meg

Page 26: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

26

og gjentek meg ganske kort pause desse romma desse borna desse dyre romma desse skrikande skrålande borna ganske kort pause og du som går du som kjem

MANN Kva kan eg gjera Kva kan eg gjera for at det skal bli betre

MIDDELALDRANDE KVINNE Kva du kan gjera Pause. Mannen reiser seg

MANN Kva kan eg gjera for at du skal få det betre ganske kort pause vi har alt vi treng og meir enn det er det noko du ynskjer deg skal eg kjøpa noko til deg

Page 27: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

27

MIDDELALDRANDE KVINNE Kanskje

FYLGJE Eg er så trøytt så trøytt

MIDDELALDRA KVINNE held fram

Ja kanskje

MANN Kva ynskjer du deg

MIDDELALDRANDE KVINNE motviljug

Eg veit ikkje Eg veit ikkje heilt Eg må tenkja på det

MANN Berre sei det

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg ynskjer meg fridom

MANN Kva meiner du

Page 28: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

28

FYLGJE Den gode svevnens fridom kort pause den gode svevn

MIDDELALDRANDE KVINNE held fram ja fridom

ja eg vil vera i verda der ute ja fridom eg vil ikkje vera stengd inne i desse romma Ganske kort pause Eg vil laga dei bilete eg vil laga bryt seg av, ganske kort pause

MANN Men kan du ikkje laga dei her

MIDDELALDRANDE KVINNE Kven skal då ta seg av borna

MANN Det kan ei anna gjera vi kan

Page 29: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

29

bryt seg av. Pause Du trivst ikkje saman med borna Pause Du vil ikkje vera saman med borna med våre born med dei vakre borna våre Pause. Mannen går mot Den middelaldrande kvinna No No vil eg ha ein klem

FYLGJE Kvifor seier eg det Eg meiner det ikkje Eg er så trøytt så trøytt

MANN held fram Og ganske kort pause i morgon i morgon når eg kjem heim skal eg ha med noko vakkert noko vakkert og dyrt til deg Noko du vil lika

FYLGJE Kvifor seier eg det

Page 30: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

30

MANN

held fram Noko eg veit at du vil lika

MIDDELALDRANDE KVINNE Korleis kan du vita det

MANN Eg kjenner deg

MIDDELALDRANDE KVINNE Du kjende meg Men eg er ikkje den du eingong kjende

MANN uforståande Eg kjenner deg ikkje lenger

MIDDELALDRANDE KVINNE Du kjende meg

MANN Du er ikkje lenger den same

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg har byrja å skjøna

Page 31: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

31

MANN

Du er framleis ung ung og vakker sjølv om bryt seg av

MIDDELALDRANDE KVINNE Sjølv om eg nærmar meg dei førti

MANN Du ser langt yngre ut Kort pause Og det er ikkje lenge sidan det yngste barnet føddest

MIDDELALDRANDE KVINNE Men dei andre dei klarer seg sjølve dei går på skule dei treng meg ikkje lenger

MANN Klart at dei treng deg Pause Men no vil eg ha ein klem

FYLGJE

Page 32: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

32

Kvifor seier eg det Eg meiner det jo ikkje Mannen og Den middelaldrande kvinna ser på kvar-andre, han går mot henne, omfamnar henne, ho tek ikkje kring han Kvifor gjer eg det Mannen slepper henne, og han går ut

ELDRE KVINNE går mot Den middelaldrande kvinna Kvifor var eg slik Kvifor er eg slik

MIDDELALDRANDE KVINNE Kvifor er eg slik Kvifor seier eg slikt Han vil meg jo berre det beste

ELDRE KVINNE Han ville meg berre det beste

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg skjønar ikkje meg sjølv

ELDRE KVINNE Eg har aldri skjønt meg sjølv

Page 33: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

33

MIDDELALDRANDE KVINNE Han ville berre ha ein klem

ELDRE KVINNE Eg skjønar meg ikkje Eg skjøna meg ikkje då og eg skjønar meg ikkje no Eg bryt seg av

MIDDELALDRANDE KVINNE Han er jo vakker Han er jo god og alltid seier han at han er borte så mykje borte berre for å tena det som trengst for at eg og borna skal ha det godt ganske kort pause han er borte der ute saman med dei vakre unge kvinnene og eg ganske kort pause eg er ikkje lenger ung og kva har det vel vorte av meg eg har gått her

Page 34: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

34

eg går her eg klarer det ikkje og borna ganske kort pause ja bortsett frå den minste Barneskrik høyrest, og Den middelaldrande kvinna går ut. Pause. Barnegråten stilnar. Mannen kjem inn

MANN Ho er her ikkje Men kvar er ho Kvar kan ho vera Og kvifor er ho slik ganske kort pause før ganske kort pause ja då eg kom heim frå arbeidet alltid ja alltid gav vi kvarandre ein klem og vi kyste kvarandre og så ganske kort pause kvar er ho ho er så vakker så god eg elskar henne slik

Page 35: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

35

FYLGJE

Men det er ikkje sant Det er ikkje slik ganske kort pause Det er berre bryt seg av. Pause. Mannen går ikring, og Den eldre kvinna går bort til han, stryk han over kinnet, over ryggen, tek ikring han, blir ståande og halda kring han. Den middelaldrande kvinna kjem inn. Mannen går mot henne, og Den eldre kvinna går og set seg ned på senga

MANN No vil eg ha ein klem

MIDDELALDRANDE KVINNE Du vil ha ein klem

MANN Ja

MIDDELALDRANDE KVINNE Så du vil ha ein klem Mannen går bort og tek rundt Den middelaldrande kvinna og held kring henne, ho lèt armane hanga ned. Dei står slik lenge

Page 36: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

36

FYLGJE Kvifor gjer eg slikt Mannen slepper henne og går ut. Den eldre kvinna reiser seg, ordnar på sengetøyet, går så ut i rommet

ELDRE KVINNE Og no ganske kort pause no er eg åleine og borna ganske kort pause dei ja dei ganske kort pause eg skjønar ikkje kvifor dei så sjeldan besøkjer meg kvifor dei så sjeldan ringjer det er som om det var noko gale med meg som om noko var feil Ganske kort pause Og eg er åleine Alltid åleine Den middelaldrande kvinna går ut Men eg likar jo å vera åleine Visst likar eg det Eg trivst best åleine Kort pause

Page 37: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

37

Men det er noko eg berre seier Noko eg må seia Eg må seia at eg trivst best åleine Eg må seia at eg gjorde rett Eg må seia at eg gjorde det einaste rette Det eg måtte gjera Det einaste eg kunne gjera Det einaste kort pause ja det einaste Pause. Mannen kjem inn, leiande på ei ung kvinne

MANN lukkeleg

Ja slik er det her

UNG KVINNE lukkeleg

Du så fint det er så store fine rom

MANN Ja ja dei er vel greie nok

Page 38: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

38

UNG KVINNE Ikkje det ikkje det at romma er viktige det er det som fyller romma det er kjærleiken som er det viktigaste

FYLGJE Eg skal aldri gå ifrå deg

MANN Ja ja

UNG KVINNE Og kjærleik det har vi

MANN Vi har kjærleik

UNG KVINNE Og kjærleik det skal vi ha

MANN Kjærleik det skal vi alltid ha

Page 39: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

39

UNG KVINNE Vi skal aldri skiljast

MANN Aldri skal vi skiljast

UNG KVINNE Eg skal aldri gå frå deg Ikkje som ho gjorde Ho andre Tenk å gå frå mannen sin frå borna sine Men eg skal aldri gå frå deg ganske kort pause eller frå borna ganske kort pause ja om vi då ganske kort pause får born

MANN Og eg skal aldri gå frå deg

UNG KVINNE Eg skal aldri gå frå deg slik ho andre gjorde eg klarer ikkje å tenkja på henne ho andre

Page 40: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

40

FYLGJE

Eg skal aldri ganske kort pause gå frå deg

UNG KVINNE held fram ho som er mor til borna dine kort pause, spørjande er det verkeleg sant at brått så stod ho der berre med to koffertar og sa at ho ville reisa Mannen nikkar

FYLGJE Ikkje sei namnet hennar Kort pause

UNG KVINNE held fram Og så reiste ho Mannen nikkar

UNG KVINNE Eg vil ikkje seia namnet hennar Eg vil ikkje hugsa namnet hennar

Page 41: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

41

Eg vil ikkje nemna henne eg vil ikkje tenkja på henne

MANN Ikkje tenk på henne ikkje sei namnet hennar

UNG KVINNE Men borna ganske kort pause ja dei minner meg bryt seg av

MANN Borna er seg sjølve Det er livet slik det er som størst Det er det store i livet at menneske fødest heilt som seg sjølve ganske kort pause heilt frå dei kjem inn i denne verd er dei seg sjølve har dei si eiga sjel ser ut som seg sjølv er seg sjølv

Page 42: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

42

UNG KVINNE Ja

MANN Det er ikkje til å skjøna

FYLGJE Det er livsens under Det er livsens lys Det er bryt seg av. Kort pause

UNG KVINNE Nei ganske kort pause nei nei det er bryt seg av. Mannen tek kring henne, og ho tek kring han, dei kysser kvarandre, dei står slik lenge, dei slepper kvarandre, går litt frå kvarandre Eg er så takksam for deg Eg var så åleine heilt åleine og åleine er ein som ingen eg var ingen eg var ingen heilt til vi treftest

Page 43: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

43

MANN

Og eg var ingen Pause

UNG KVINNE Eg kjenner meg fylt Eg kjenner meg nei ikkje som meg sjølv jo som meg sjølv som meg sjølv i deg

MANN Det er du som er eg

FYLGJE Alltid det same ganske kort pause men det same er aldri det same ingenting er det same alt forandrar seg ganske kort pause og aldri tyder eit ord det same

Page 44: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

44

UNG KVINNE Og eg er du Kort pause Det sa du òg til ho andre ho ja bryt seg av

FYLGJE Ikkje tenk på det

UNG KVINNE spørjande Du gjorde det

MANN Ikkje tenk på det

UNG KVINNE Eg klarer ikkje å lata vera

FYLGJE Ikkje tenk på det

MANN No er det du berre du

Page 45: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

45

som er mi verd

UNG KVINNE Ja Dei klemmer kvarandre, og går ut, hand i hand. Lang pause. Den middelaldrande kvinna kjem inn med to koffertar, ho set dei frå seg, går og ser seg ikring. Mannen kjem inn

MANN Kva er det Kvifor har du pakka

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg reiser

MANN Du reiser

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja

MANN Kvar reiser du

MIDDELALDRANDE KVINNE Heim til foreldra mine

Page 46: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

46

MANN Til foreldra dine

MIDDELALDRANDE KVINNE Ja Kort pause

MANN Men du har jo aldri likt foreldra dine du seier jo alltid at far din ja at han ja behandla som du seier både deg og mor di som om de var dokker som om ja som om de ikkje var menneske

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg reiser

MANN Kor lenge blir du borte Og kven skal sjå til den vesle

Page 47: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

47

MIDDELALDRANDE KVINNE Du får finna ei som kan sjå til han ei av dei unge kvinnene der ute i verda ei av dei vakre unge kvinnene ei av dei du ser på siklar etter

MANN Du reiser

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg reiser Og eg kjem ikkje attende

MANN Du kjem ikkje attende

MIDDELALDRANDE KVINNE Eg kjem aldri attende Eg vil vera åleine

MANN Men borna Du har tre born ganske kort pause du har eit lite barn

Page 48: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

48

Barneskrik høyrest

MIDDELALDRANDE KVINNE Høyrer du kva eg seier Skjønar du ingenting Skjønar du ikkje noko Må eg seia det ord for ord ja så kan eg gjera det Kort pause Eg kort pause reiser kort pause og kort pause eg kort pause kjem kort pause aldri kort pause attende Mannen går og set seg ned på senga, attmed Den eldre kvinna. Den middelaldrande kvinna tek opp koffertane og går ut. Pause. Mannen reiser seg og går ut. Den eldre kvinna reiser seg, går ut i rommet

Page 49: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

49

ELDRE KVINNE Eg måtte det Eg klarte det ikkje eg heldt ikkje ut det var ikkje bryt seg av, ganske kort pause men er det sant ganske kort pause er det verkeleg sant ja det ja det at eg ikkje heldt det ut ganske kort pause og så ganske kort pause. Barnegråten stilnar ja eg vil ikkje tenkja på det helst ikkje men ganske kort pause far min Han sa at eg var galen Den eldre kvinna ler Du er ikkje klok Du er galen Reis heim att til mannen din til borna dine Du har ein god mann gode born

Page 50: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

50

Kort pause Og mor ganske kort pause ho sa ikkje noko nesten ikkje noko berre nokre stille ord Ganske kort pause Og far som ganske kort pause skaffa meg to rom Han sa Eg vil ikkje ha deg buande her Klar deg sjølv Her er nøkkelen Her er adressa Ganske kort pause Og mor ganske kort pause mor som kom med pengar Ho sa at far hadde bede henne om å gjera det Men han ville ikkje koma sjølv Nei eg vil ikkje tenkja på det Ganske kort pause Og her i romma far kjøpte her her

Page 51: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

51

kort pause alltid her berre alltid her alltid her Den eldre kvinna går og stiller seg opp ved biletet, byjar å måla. Mannen kjem inn, går bort til henne, stiller seg opp nokre meter frå henne

MANN Du fekk det betre Du gjorde deg fri du gjorde deg fri frå meg frå borna dine Og du gjorde meg fri Ganske kort pause Du gav meg kjærleik Eg ser opp til din styrke

FYLGJE Eg snakkar ikkje sant Kvifor snakkar eg ikkje sant Eg bryt seg av

MANN Eg ser opp til di evne til å gjera det du måtte

Page 52: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

52

FYLGJE Kvifor lyg eg

At eg orkar å gjera det Men kvifor ikkje gjera henne så vondt eg berre kan

MANN Du gjorde det du måtte Du kunne ikkje anna Han går og legg nokre setlar på bordet

FYLGJE Det er mi største glede Ho er så fri så fri Den yngre kvinna kjem inn

UNG KVINNE Eg er så takksam for deg for barnet vårt for det vakre barnet vårt for at det vart slik for at det vart deg og barnet vårt

MANN Og eg er så takksam for deg

Page 53: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

53

FYLGJE

Eg er så takksam for deg

MANN Eg veit ikkje kven eg skal takka ja deg ja deg mest av alle deg vakre deg

FYLGJE Eg vil takka Gud

MANN held fram deg skal eg takka ganske kort pause men for at det vart slik for at vi av alle av alle dei som finst til alle dei som er der alle så mange at av alle av alle saman

Page 54: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

54

så skulle det bli deg så skulle det bli deg og meg ganske kort pause og barnet vårt

UNG KVINNE Deg og barnet vårt og meg

MANN Det som styrer i det løynde det takkar eg

UNG KVINNE Eg takkar Gud Pause Eg må sjå til barnet vårt

MANN Men fyrst ein kyss

UNG KVINNE Ja Dei kysser kvarandre, dei klemmer kvarandre lenge og ho går ut

Page 55: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

55

MANN Eg er så takksam du Gud for henne for alt ho har gjeve meg for den kjærleik som finst den kjærleik som fyller alt som er i alt og i alle den kjærleik vi er og som gjer at vi finst til Eg takkar deg Gud Eg takkar deg for den nåde du har gjeve meg

FYLGJE Eg takkar deg Gud for den nåde du gjev Mannen og Fylgjet går og stiller seg opp, blir ståande og sjå rett framfor seg, inn i ingenting. Den eldre kvinna lyfter opp biletet, ser på det

ELDRE KVINNE Det er vakkert Eg kunne noko Eg kunne noko om eg berre fekk tid om eg berre fekk tid

Page 56: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

56

til å gjera det Om eg berre fekk vera åleine Eg kunne laga bilete Og bileta er større enn eg Bileta er større enn eg kunne vera det var det eg ville eg ville vera større enn meg sjølv ikkje for å vera meg sjølv men for å vera noko anna enn meg sjølv noko heilt anna eg ville vera del av det andre del av det store berre ein del Kort pause Men var det verdt det Kor mykje vondt har eg ikkje gjort Og no er han død Og foreldra mine er døde kor stygg ganske kort pause kor stygg er eg ikkje og så den arven

Page 57: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

57

etter far ganske kort pause ja og etter mor sjølvsagt etter henne òg ganske kort pause. Den unge kvinna kjem inn og går og tek Mannen i den eine handa og Fylgjet i den andre og bileta ja kor stygge ja dei er stygge eg kan ikkje måla og ingen nesten ingen ler vil kjøpa bileta mine ingen vil stilla dei ut nesten ingen ganske kort pause og det er ikkje utan grunn ler så eg ler målar over det eine biletet etter det andre eg målar eit bilete og så målar eg over det eg byrjar alltid på nytt på nytt

Page 58: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

58

ganske kort pause på nytt ganske kort pause på nytt ganske kort pause og det er rett for ingenting skal bli verande alt skal bli til og alt skal forsvinna kort pause. Ho målar over biletet med kvitt. Ho går så og set seg ned på senga. Pause Og no er han død Han er borte For alltid borte Ganske kort pause Det er fleire år sidan han døydde ganske kort pause åra dei går så fort ganske kort pause og eg fekk vita at eg ikkje var velkomen i gravferda hans Kort pause Alt blir borte Pause. Ho legg seg i senga, breier dyna over seg

Page 59: Jon Fosse · Jon Fosse For seint Libretto. 2 Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med

59

MANN Du er mi lukke

UNG KVINNE Og du mi Berre deg

FYLGJE Du er mi lukke Eg takkar deg

MANN Ja ja ja berre deg Dei kysser kvarandre lenge. Svart