informasjonsbrosjyre brokke nord og sør, skarg kraftverk. › images › vedlegg › brosjyre for...

20
Informasjonsbrosjyre Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk.

Upload: others

Post on 16-Feb-2021

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • Informasjonsbrosjyre Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk.

  • Meir fornybar energi frå Setesdal

    – Me er glade for å vere i gang. Ikkje sidan me bygde Hekni kraftverk på midten av 90-talet har det vore større kraftutbyg-gingar på Sørlandet, seier kraftverksdirek-tør Reidar Ove Mork i Otra Kraft DA.

    Selskapet investerer omlag 900 millio-nar kroner i prosjektet.

    Straum til 9000 einebustadar Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk omfatter bygging av ein ny dam, eit nytt kraftverk og fleire tunnelar nord og sør i Bykle og Valle. Utbygginga vil auke kraftproduksjonen i Otravassdraget med 175 GWh, tilsvarande straumforbruket til rundt 9000 einebustadar.

    Prosjektet er stort i norsk målestokk. 20 kilometer tunnel og ni bekkeinntak skal syte for at meir vatn finn vegen til turbinane i dei eksisterande kraftverka Brokke og Hekni. I tillegg skal det byggjast eit nytt kraftverk på Skarg i austenden av Botsvatn. For å auke trykket i Skarg kraftverk vert det bygd ein dam i Sarvsjuvet. Dammen, som blir 50 meter høg og 150 meter brei, vil heve vasstanden med 40 meter.

    Otteraaens Brugseierforening har konsesjonen på Brokke Nord og Sør, og Otra Kraft DA har konsesjonen på Skarg kraftverk og Dam Sarvsfossen. Anlegga skal vere i drift våren 2014.

    Gamle planar Planlegginga av Brokke Nord/Sør starta på 80-talet, og konsesjonssøknaden vart sendt allereie i 1986. Av ulike årsaker vart ikkje konsesjonen gjeven før i 2003. Dei siste åra har økonomien i prosjektet vorte diskutert fleire gonger. Den nye elsertifikatordninga, som kom på plass frå årsskiftet, gjer økonomien god nok til at prosjektet vert realisert.

    – Prosjektet er bra for klimaet, for Noregs satsing på fornybar energi, for vertskommunane, for grunneigarane og for eigarane av Otra Kraft – det siste vil i praksis seie alle kommunane på Agder og i Grenland, samt staten gjennom Statkrafts eigarskap, seier Mork.

    Positive vertskommunar Både Bykle og Valle helsar utbygginga av Brokke Nord/Sør velkomen.

    Otra Kraft DA byggjer Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk – det største vannkraftprosjektet på Sørlandet sidan 1995.

    – Utbygginga er etterlengta. Bykle kom-mune har vore positiv til desse planane i 25 år, så me helsar dette prosjektet velkomen og er veldig glad for at det kjem i gong. Utbygginga vil få særs store ringverknader for kommunen i form av auka inntekter, betre infrastruktur og vonleg auka buset-ting under og etter anleggsperioden, seier ordførar Jon Rolf Ness i Bykle.

    Valle-ordfører Tarald Myrum er også glad for utbygginga og trur på positive ringverknader.

    – Me er glade for at arbeidet er i gong. Det skaper store ringverknader i Valle, blant anna gjennom viktige jobbar for lokale underentreprenørar og einskildperso-nar. Det er ikkje ofte det vert investert nesten ein milliard kroner i vårt område. Eg vonar utbygginga gjer det mogleg for enkelte i denne sektoren å orientere seg tilbake til Setesdal og slå seg til ro. I Valle håpar me på både økonomisk stimulans og ei auke i busetnad, seier Myrum.

    Her i Sarvsjuvet skal det byggjast ein dam. Det gleder (f.v.) ordførar Jon Rolf Næss i Bykle, ordførar Tarald Myrum i Valle og

    kraftverksdirektør Reidar Ove Mork i Otra Kraft DA

    .

  • Brokke NordI Brokke Nord vert det sprengt ut ein tunnel på 10,8 kilometer. Tunnelen skal føre vatn til magasinet ved Dam Sarvsfossen. Vatnet kjem frå inntak i Bjørnarå elv og frå Blautgrjotbekken, Løyningsbekken, Opestøylbekken, Bjorbekken og Stemtjønnbekken. Vatnet frå tunnelane utgjer rundt 30 prosent av det totale tilsiget til magasinet ved dammen.

    Tunnelane i Brokke Nord er 22 kvadratmeter store, dei er omtrent 4,5 meter breie og 5,5 meter høge.

    Tunnelane vert drivne frå eit tverrslag i Bjørnarådalen og Bjorbekken.

  • Brokke SørI Brokke Sør skal ein sprengje ut ein 7,13 kilometer lang tunnel for å føre meir vatn til Brokke kraftverk. Vatnet kjem frå inntak i Strendetjørnbekken, Lisle Myklevatn og Fjellskarå. Tunnelen vert kopla saman med den eksisterande tunnelen ved Farå.

    I tillegg vert det laga ein tunnel på 750 meter for å overføre Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn.

    Tunnelane i Brokke Sør er 15 kvadratmeter store, dei er omtrent 3,5 meter breie og 4,5 meter høge.

    Massen frå tunnelane blir lagt i fleire tippområde som vert tilpassa terrenget.

    Den lange tunnelen vert driven frå tverrslag på Fjellskarå.

  • Dam Sarvsfossen

    otra kraft dA skal byggje Dam Sarvsfossen i Sarvsjuvet like ved Bykle sentrum. Dammen blir 50 meter høg og 150 meter brei, og hevar vasshøgda i Sarvsjuvet med 40 meter.

    Dammen vert støypt i betong og er ein dobbeltkrumma kvelva dam, det vil seie at han krummar både horisontalt og vertikalt.

    På dammen vert det reist ei bru og det blir bygt bilveg fram til Stavenes, aust for Otra. Brua skal ha infrastruktur for fiber, straum, vatn og avlaup. Med det er det lagt til rette for framtidig utbygging i området.

    Magasinet i Dam Sarvsfossen tek rundt 600 000 kubikkmeter vatn. Med normalt tilsig vert magasinet fylt opp på 14 timar. Magasinet leverer vatn til Skarg kraftverk som vil produsere 69 millionar kilowattimar.

  • Skarg kraftverk

    Skarg kraftverk vert plassert i austenden av Botsvatn, like ved utlaupet av den 4451 meter lange tunnelen frå Sarvsjuvet. Frå 1976 har denne tunnelen ført Otraelva frå Sarvsjuvet, under Bykle sentrum og ned i Botsvatn.

    Vassmengda og trykket i tunnelen vil auke markant når Dam Sarsvfossen står ferdig. Dammen hevar vasshøgda i Sarvsjuvet med 40 meter. Fallet til Botsvatn aukar tilsvarande, totalt 80 meter, og dermed er det mogleg å produsere straum.

    Skarg kraftverk skal ha to turbinar, og dei skal stå vertikalt. Turbinane kjem til å produsere 69 GWh i året, nok til å dekkje straumbehovet til rundt 3500 einebustader. Kraftverket vert kopla til både regionalnettet og distribusjonsnettet, og dette styrkjer tilførsla av straum i Setesdal.

    Skarg kraftverk vert omtrent så stort som ei bustadblokk på ti etasjar, men meir enn halvparten av kraftverket kjem til å liggje under bakken.

  • Tunnelane

    I Bykle og Valle vert det sprengt ut eit tunnelsystem på 20 kilometer. Målet er å føre meir vatn til dagens kraftverk og det nye kraftverket.

    Vatnet som renn gjennom dei nye tunnelane vil auke produksjonen i Otravassdraget med rundt 175 GWh i året, fordelt på 69 GWh i Skarg kraftverk, 102 GWh i Brokke kraftverk og 4 GWh i Hekni kraftverk.

  • TidslinjeStArt Slutt

    Brokke Nord oG SkArG krAftVerk

    oVerførINGStuNNel frA BjørNArå tIl dAm SArVSfoSSeNTunneldriving apr 2012 feb 2014

    Inntakskonstruksjonar jun 2012 nov 2013

    Andre arbeid og nedrigging feb 2014 aug 2014

    Overføringstunnel klar for vassfylling 14.04. 2014

    dAm SArVSfoSSeNFørebuande arbeid apr 2012 sep 2012

    Betongarbeid sep 2012 apr 2014

    Andre arbeid og nedrigging apr 2014 jun 2014

    Dam klar for vassfylling 07.04. 2014

    SkArG krAftVerkTunneldriving apr 2012 jan 2013

    Installasjonar i tunnelane jan 2013 apr 2014

    Grunnarbeid apr 2012 aug 2012

    Byggarbeid aug 2012 apr 2014

    Elektro og mekaniske arbeid feb 2013 jun 2014

    Klar for prøvedrift 09.06.2014

    Prøvedrift jun 2014 sep 2014

    Klar for ordinær drift 09.09.2014

    Brokke SørOverføringstunnel frå Lisle Myklevatn til tillaupstunnel frå Farå apr 2012 feb 2014

    Overføringstunnel frå Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn apr 2013 aug 2013

    Inntakskonstruksjonar og dam jun 2012 jan 2014

    Andre arbeid og nedrigging feb 2014 jul 2014

    Overføringstunnelar klar for vassfylling 05.05. 2014

  • Sarvsjuvet

  • Erfarne prosjektfolk leiar utbygginga

    Begge er erfarne prosjektfolk som vil vere til stades på anlegga fram til pros-jektet er sluttført i 2014.

    – Dynamikken i prosjektet gjer dette til ein utruleg spennande jobb. Her skjer det noko heile tida og ingen dagar er like, seier Glendrange.

    Han er ein mann for dei store prosjekta. Dei siste fem åra har han leia utbyggin-ga av Saudaprosjektet, Elkem si utbyg-ging i Sauda. Tidlegare har han blant anna jobba med Melkøya og hovudfly-plassen på Gardermoen.

    Hovudbyggjeleiar Tom Lohne har også røynsle frå kraftanlegg, blant anna frå Hunsfoss Øst i Vennesla, og elles frå byggjeverksemd i Repstad Anlegg.

    Glendrange pendlar kvar veke frå heim-staden Luster i Sogn og Fjordane, mens Lohne reiser heim til Søgne i Vest-Agder kvar helg. I veka bur begge i Bykle.

    – For prosjektleiinga er det viktig å vere til stades på anlegga. Me må vere der det skjer, seier Glendrange.

    Han skildrar tidsplanen for utbygginga som stram, men realistisk. 28. april 2014 skal anlegga vere i drift, deretter ventar ein del opprydding og ferdigstilling av prosjektet i september 2014.

    Harald Kjetil Glendrange (t.v.) er prosjektleiar og Tom Lohne er

    hovudbyggjeleiar for utbygginga av kraftanlegga i Bykle og Valle.

    Prosjektleiar Harald Kjetil Glendrange (54) og hovudbyggjeleiar Tom Lohne (58) står i spissen for utbygginga til Otra Kraft i Bykle og Valle.

  • eit godt prosjekt – Det er brei politisk semje om at det er viktig å leggje til rette for utbygging av fornybar energi, av omsyn til klima- og miljøspørsmål. I Noreg vil ei slik utbygging hovudsakleg dreie seg om å auke bruken av fornybare energikjelder som vatn og vind.

    Ei av dei største utfordringane våre er å få fram gode prosjekt som både er miljøvennlege og økonomisk forsvarlege. Å ruste opp og utvide eksisterande vassdrag medverkar til å nå djerve mål om bruk av fornybar energi. Prosjektet til Otra Kraft – Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk – er i så måte eit godt døme. Her vert ei markant utviding av produksjon-skapasiteten av fornybar energi gjennomført, med minimale og akseptbale miljøinngrep i eit område som er bygt ut frå før

    rune flatby direktør konsesjon Norges vassdrags- og energidirektorat

  • Entreprenørane

    Implenia i Brokke Nord

    I Implenia Norge AS er ei samanskiping av dei to selskapa Betonmast Anlegg AS og MIKA AS, selskap med nesten hundre år lange tradisjonar i norsk anleggsverksemd. I fjor kjøpte det sveitsiske selskapet Implenia 80 prosent av aksjane i Betonmast/MiKA. Implenia har totalt 5.400 tilsette og omset for 2,4 milliardar kroner i året.

    – Me er hovudentreprenør for dei bygningsmessige arbeida i Brokke Nord. Dette er ein stor jobb som på det meste vil involvere om lag 200 medarbeidarar og som gjer det naudsynt å byggje ein brakkeby for meir enn 100 menneske, fortel prosjektleiar Odd Raymond Johansen.

    Kruse Smith er den største under-entreprenøren og får ansvar for alle betongarbeida. Hovden Hytteservice skal utføre sprengningar i dagen, byggje vegar og gjere ei rekke grunnarbeid.

    rainpower i Skarg kraftverk

    Rainpower leverer innmaten i kraftverk. Det norske konsernet har verksemd i Norge, Sverige, Sveits, Tyrkia, Kina, Peru og Canada. Rainpower har nesten 300 tilsette og omset årleg for ein halv milliard kroner.

    – I Brokke Nord skal me levere det aller meste til Skarg kraftverk; turbin, generator, innløpsrøyr, hovudventil, kontrollanlegg og mykje meir. I sum er det ein middels stor jobb for oss, men me har eit større leveranseomfang enn vanleg – derfor er Brokke Nord eit viktig referanseprosjekt. Jobben vert viktig og spennande, me gler oss til å ta fatt, seier prosjektleiar Ove Risan.

    Dei fyrste montasjearbeida byrjar til hausten neste år. Hovudanleggsperioden vert kort og hektisk, frå januar 2014 og fram til anlegget står ferdig i april.

    Veidekke i Brokke Sør

    Veidekke er landets største, norskeigde entreprenørselskap med 6.100 tilsette og ei omsetjing på 17,9 milliardar kroner i året. Verksemda opererer i ei rekkje land og har bygd dammar, tunnelar og vannkraftverk i Norge.

    – Me er hovudentreprenør for Brokke Sør, det vil seie at me skal byggje ein 7,6 kilometer lang overføringstunnel som skal gje meir vatn til Brokke kraftverk. I tillegg til sjølve tunnelen, skal me byggje ein liten dam og tre bekkeinntak. 25-30 mann skal syte for at me er ferdige våren 2014, seier anleggsleiar Jostein Veåsen.

    Veidekke har knytta til seg Nomeland Anlegg som underentreprenør. Det lokale selskapet står for tømmerhogst, reinsking av fjell i dagen, bygging av førebelse vegar og anna naudsynt klargjering for tunneldrift og inntak.

  • Otra Kraft DA vart stifta 1. september 1960 under namnet I/S Øvre Otra.

    Målet med selskapet var å nytte vassressursane i Otra i kommunane

    Bykle og Valle. Dette skjedde ved at Brokke kraftverk i Valle kommune

    kom i drift i 1964, og Holen kraftverk i Bykle kommune i 1981. Otra Kraft

    produserer etter utbygginga cirka 2 525 GWh i eit vanleg produksjonsår.

    Otra Kraft har hovudkontor ved Brokke kraftverk på Rysstad i Valle

    kommune.

    Les meir på www.otrakraft.no og følg oss på facebook.

    Avsender:Otra Kraft, 4748 Rysstad A