hva er riksteatret?

28
HEILE LANDETS TEATER THE NATIONAL TOURING THEATRE

Upload: riksteatret

Post on 22-Mar-2016

238 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

En liten sammenfattelse av hva Riksteatret er.

TRANSCRIPT

Page 1: Hva er Riksteatret?

HEILELANDETS

TEATER

THE NATIONAL TOURING THEATRE

Page 2: Hva er Riksteatret?

2

kjæRE pubLIk

um

!

Riksteatret har ei standardgåve som vi gir til dei nye kulturhusa i landet vårt

– og det er ein raud laupar. Den raude lauparen symboliserer fest og høgtid, og viser publikum vegen inn til store opplevingar og fulle hus, som er visjonen til Riksteatret. Alle forventar at Riksteatret skal komme regelmessig på besøk så snart nøkkel-seremonien er over og dørene blir opna til eit nytt kulturhus, og vi strekker oss langt for å oppfylle dei ulike ønska. Vi opplever det som ei tillitserklæring å vere etterspurde, og vi gjer kva vi kan for å tilby kulturhusa eit innhald som er relevant og av god kvalitet.

Riksteatret er ein nasjonal institusjon med eit lokalt oppdrag som tilbyr pro-fesjonell scenekunst til folk over heile kongeriket. Repertoaret blir sett saman slik at vi når frem til så mange som mogleg, både barn og vaksne. Vi må både underhalde og utfordre, og vi må

vere attraktive for det breie kjernepu-blikummet og det smalere, meir erfarne publikummet. Vi skal aldri bli likegyldige og kjedelege.

Ikkje alle kulturhusa kan få besøk. Klokka, geografien og økonomien set rammer og legg avgrensingar for kor ekspansive vi kan tillate oss å vere. Vi har ein krevjande logistikk når vi reiser på turné, og det er mykje som skal klaffe. Men når vi tar inn eit nytt hus på spelelista, er det ei kraftfull vitaminsprøyte for skodespela-rane og teknikarane på Riksteatret å få sleppe til på ei ny scene, med alle dei fasilitetane som ein berre kan drøyme om.

La oss no sørge for at kulturhusa blir godt tatt vare på med fornuftige rammevilkår og blir fylte med liv og røre. Riksteatret vil halde fram med å komme med den raude lauparen og fylle praktbygga med innhald. Vi vil anstrenge oss til det ytste for å fornye oss og nå fram til stadig nye publikumsgrupper og bli betre på

Vi legg ut den raude lauparen

Page 3: Hva er Riksteatret?

formidling i alle kanalar. Vi skal spele mykje barneteater, og det har fått ein stadig større plass i repertoaret vårt. No er det òg tid for å inkludere ungdommen, noko vi gler oss veldig til.

Eg vil tru at når kulturforskarar i framtida ser tilbake på tida vår, vil dei bli slått av kor høgt dei folkevalde prioriterte kultur og gav heile landet ein kulturell infrastruktur av høg kvalitet.

Dei fortener òg ein raud laupar.

3

Page 4: Hva er Riksteatret?

4

Page 5: Hva er Riksteatret?

«RIkSTEATRETHAR TIL føREmåL

å fREmjA ARbEIDET mED å føRA DRAmA-

TISk kuNST uT TIL foLkET I bygD og by og på ANDRE TENLEgE måTAR å

AukA kjENNSkApEN TIL goD DRAmATISk

kuNST.»

5

Lov om Riksteatret13.12 1948

Page 6: Hva er Riksteatret?

RIk

STEATR

ET?

kVA ER

6

Riksteatrets hovudmål:Riksteatret skal gjere scenekunst av høg kvalitet tilgjengeleg for publikum over heile landet. Vi skal fremje kunstnarleg utvikling og fornying, og vere ei sam-lande og drivande kraft i teater-Noreg.

Riksteatrets visjon:Store opplevingar og fulle hus

Riksteatrets kjerneverdiar:Modig og inkluderande. Mangfaldigog inspirerande.

Page 7: Hva er Riksteatret?

7

Page 8: Hva er Riksteatret?

8

Page 9: Hva er Riksteatret?

kVEN ER VI?

9

Riksteatret er det nasjonale turnéteateret i Noreg. I meir enn 65 år har vi produ-sert og formidla scenekunst for turné. Oppgåva vår er å vere ein nasjonal aktør som tilbyr eit lokalt scenekunsttilbod til publikum som bur utanfor dei store byane.

Riksteatret speler regelmessig på 70 kul-turhus over heile landet. Ein riksdekkande turné går til ca 50 stader. Kvart år sender teateret ut 12 til 14 riksdekkande tur-near og speler 400 til 500 framsyningar for 120 000 til 150 000 publikummarar. Riksteatret er ein underliggande etat til Kulturdepartementet. Teatersjefen blir nemnt ut av Kongen i Statsråd.

Page 10: Hva er Riksteatret?

koR SpELER VI?

Kvart år blir det bygd fleire nye kulturhus i Noreg, og Riksteatret er med på å fylle husa med innhald. Målet vårt er å sørge for ei best mogleg geografisk spreiing av spelestader og at alle fylka i landet skal ha fleire scener som får besøk. Med nokre unntak, skal publikum ha mindre enn éin times reisetid til nærmaste spelestad.

Riksteatret reiser, riggar, speler og riggar ned på ein og same dag. Den største salen er i Harstad med 1100 sete, den minste salen finst i Kirkenes med 147 sete. Vi speler éin dag på kvar spelestad – seks dagar i veka. Til saman reiser Riksteatret meir enn 130 000 km i året med buss, og har meir enn 8000 hotelldøgn i året. På det meste kan teateret ha fem til seks produksjonar på turné samtidig.

10

Page 11: Hva er Riksteatret?

11

Page 12: Hva er Riksteatret?

12

Page 13: Hva er Riksteatret?

kV

A

SpELER VI?

13

Repertoaret spenner frå dei store klas-sikarane til den nye samfunnsdrama-tikken, figurteater og dans. Riksteatret legg særleg vekt på å lage teater for barn. Vi skal tilby eit breitt repertoar med stor spennvidde som er relevant, enga-sjerande og attraktivt for publikum over heile landet. Vi speler teater på begge målformer.

Riksteatret har eit lite, fast ensemble. Vi er organisert som eit prosjektteater som engasjerer frilans scenekunstnarar. Vi samarbeider nært med resten av teater-Noreg og presenterer både eigenpro-duksjonar, samarbeidsproduksjonar og innkjøpte framsyningar frå norske og internasjonale aktørar. Kvart år har Riks-teatret eit fast samarbeidsteater som vi produserer teater og formidlar framsy-ningar saman med.

Page 14: Hva er Riksteatret?

fIguR-TEATER

14

Riksteatret har ein lang tradisjon med å lage dokke- og figurteaterframsyningar både for barn og vaksne. Teateret har solid kompetanse med dokkemakarar og figurteaterskodespelarar medlang erfaring.

I løpet av dei seinare åra har vi samar-beidd tett med sentrale aktørar som Oslo Nye Teater, Figurteatret i Nordland, Wakka Wakka og Duda Paiva Company med fleire. Ambisjonen vår er å vidareut-vikle denne spennende teaterforma, som har fått ei fornya interesse både nasjonalt og internasjonalt.

Page 15: Hva er Riksteatret?

15

Page 16: Hva er Riksteatret?

16

Page 17: Hva er Riksteatret?

mANgfALD

17

Riksteatret skal vere eit teater for mange, og derfor skal vi òg fortelje historier som blir opplevd som relevante for ulike publi-kumsgrupper. Som teateret for heile landet skal vi invitere til brei deltaking og under-søke om vi òg kan inkludere fleire i utvik-linga av morgondagens Riksteater. I mangfaldsstrategien vår legg vi vekt på mangfald i kunstnarleg utvikling, publi-kumsutvikling og i rekruttering av kunst-narar og andre tilsette ved teatret.

Page 18: Hva er Riksteatret?

kVA SkjER I kuLISSANE?

18

Framsyningane til Riksteatret er store produksjonar som blir spelte i fullskalaformat i kulturhusa. Når turnéteamet kjem til ein ny spelestad, blir alt teknisk utstyr bore ut av turnébussen og inn i kulturhuset. I løpet av nokre få timar har den tekniske staben til Riksteatret bygd opp dekorasjonen/scenografien og rigga lys- og lydanlegg. Dei har hengt opp og gjort klar kostyma for kvelden og testa at dei lokale tilhøva er slik at publikum får ei best mogleg oppleving av framsyninga.

Page 19: Hva er Riksteatret?

19

Page 20: Hva er Riksteatret?

20

Page 21: Hva er Riksteatret?

mEIR

opp

LEV

21

Riksteatret er meir enn framsyninga du ser på scenen. Vi inviterer òg til baksnakk med skodespelarar, workshop med dansarar, introduksjonsføredrag i foajeen eller andre tilleggsaktivitetar. Opplev meir-aktivite-tane skal vere med på å heve opplevinga, gi kunnskap og skape kontakt mellom sko-despelarar og publikum.

Page 22: Hva er Riksteatret?

TILboD TILSko

LAR

22

Riksteatret tilbyr eit tilrettelagt opplegg for skoleklassar på eit utval av framsy-ningane våre. Skoleopplegga er gjerne til-passa ulike fag – anten som forarbeid til ei framsyning eller som fordjuping etter ei framsyning. Vi forsøker så godt vi kan å tilby skodespelarmøte der det er ønske om det.

Kontakt oss på [email protected] eller les meir på: www.riksteatret.no/skole.

Page 23: Hva er Riksteatret?

23

Page 24: Hva er Riksteatret?

24

Page 25: Hva er Riksteatret?

kVA SkjER I NyDALEN?

25

Produksjon og prøver føregår i moderne lokale i Nydalen, industriområdet ved Akerselva i Oslo som har blitt eit dyna-misk senter for kultur, utdanning og underhaldningsindustri. Her ligg teateret sine prøvescener, Store Gull (300 sete) og Lille Gull (120 sete) der vi presenterer framsyningar for publikum og presse før turnéstart.

I Nydalen har Riksteatret òg verkstader, administrasjon og kunstnarleg leiing. Riksteatret er ei kompleks verksemd som stiller store krav til logistikk og planleg-ging. Kvar produksjon blir styrt av ein produsent. I tillegg til 80 fast tilsette medarbeidarar fordelt på 27 ulike fag-grupper, engasjerer Riksteatret ca 200 scenekunstnarar og teknikarar kvart år.

Page 26: Hva er Riksteatret?

WHAT ISRIkSTEATRET?

26

What is Riksteatret?Riksteatret’s main goal:Riksteatret makes top quality stage plays accessible to a nation-wide audience. We aim to promote artistic development and innovation and be a collective and energetic force in Norwegian theatre.

Riksteatret’s vision: A great experience in a full house.

Riksteatret’s core values: Brave and including. Versatile and inspirational.

Who are we?Riksteatret is Norway’s national touring theatre. For more than 65 years we have produced and conveyed theatrical performances for the road. Our task as a national institution is to provide a local theatre service to audiences living outside of the major cities. Riksteatret plays regularly at 70 Culture Houses all over the country. Each year we stage 12 – 14 plays that tour the whole nation, staging 400 – 500 performances

for a total audience of somewhere between 120 000 and 150 000 heads. Riksteatret operates as a subordinate branch of the Ministry of Culture. The theatre’s director is appointed by the King on recommendation from the Government.

Where do we play?Riksteatret travels, rigs, performs and rigs down again on the same day. Our largest venue is in Harstad and seats 1 100, the smallest is in Seljord and seats 220. We give one performance at each place – six days per week. All in all, Riksteatret covers in excess of 130 000 km by bus and has more than 8000 hotel nights per year. At the most, Riksteatret can have five or six performances touring at the same time.

What do we play? Our repertoire spans from the great classics to contemporary drama, figure theatre and dance. One of Riksteatret’s main focuses is on theatre for children. We offer a very wide

Page 27: Hva er Riksteatret?

27

repertoire, but a common denominator for our productions is that they shall be experienced as relevant, engaging and attractive by audiences all around the country. We stage plays in both the national written norms (bokmål and nynorsk). Riksteatret has a small full-time ensemble. We are organized as a project theatre and hire in freelance stage artists. We collaborate closely with the rest of the Norwegian theatre world and present our own productions, collaborative productions and productions we have bought from Norwegian and international institutions. Each year Riksteatret has one particular collaborative partner whose plays we convey as well as making collaborative productions.

Experience moreRiksteatret is more than the performance you see on stage. We also invite our audiences to meet and discuss with the actors, we arrange workshops with dancers, introductory talks in advance of the performances and additional activities. The experience-more activities are meant to enhance the audience’s experience, spread knowledge and create contact between actors and their audience.

School offersIn connection with some of our productions, we offer a pedagogical programme for school classes. These

programmes are adapted to fit various study courses – either in the form of preparatory work or as follow-up exercises to help process the experience of seeing the performance. Whenever there is an expressed wish for it, we do our best to provide for meetings with the actors. Contact us [email protected] or read more atwww.riksteatret.no/skole.

What happens in Nydalen?Production and rehearsals take place in modern premises in Nydalen, the old industrial area along the banks of Akerselva in Oslo, which have been converted into a dynamic hub for culture, education and the entertainment industry. Here you will find our two rehearsal stages Store Gull (seats 300) and Lille Gull (seats 120), where we present productions for an Oslo audience and the press before the production goes on the road.

Nydalen also houses Riksteatret’s prop studios, administration and artistic leadership. Riksteatret is a complex business that makes considerable demands on logistics and planning. Every production is led by a producer. In addition to 80 full-time employees divided into 27 different fields of expertise, Riksteatret engages approximately 200 actors and technicians per year.

Page 28: Hva er Riksteatret?

WWW.RIkSTEATRET

.No

STOLT SPONSOR

Forsidefoto og dei fleste foto frå turné er ved Mikaela Berg.Andre foto er ved Jo Michael, Peter Barfoed, Erik Berg og Chris Erlbeck.