handle rett

20

Upload: det-norske-samlaget

Post on 04-Apr-2016

244 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

Lure val i ein matbransje full av juks. Av Siri Helle.

TRANSCRIPT

Page 1: Handle rett
Page 2: Handle rett

1

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 1

Page 3: Handle rett

Siri Helle

Handle rettLure val i ein matbransje

full av juks

Samlaget

3

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 3

Page 4: Handle rett

2

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 2

Page 5: Handle rett

Innhald

Innleiing

1. Å dyrke mat

Jorda, dyra og korleis detfinst rette og galne måtarå forvalte dei på

Egg Potet

Tomat

Kotelett

Mjølk

Honning

Kaffi

Gräddost

Kalkun

2. Å foredle mat

Miksing, triksing og når deter verdt å bli bekymra

Syltetøy

Påleggsost

Fiskekaker

Ferdigmat

Øl

Yoghurt

Smør

Is

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 5

Page 6: Handle rett

Sjokolade Pizza

3. Å kjøpe mat

Prisen, kjeda og kvifor det erall grunn til å vere skeptisk

Kjedetreff

Kjedemakt

Eit vertikalt døme

Kjøparmakt

Forbrukarmakt

3. Å fordøye mat

Sunt, skadeleg og alt viikkje kan seie sikkert

Brød

Multivitamin

Rapsolje

Kjeks

Frukostblanding

Pølser

Isbergsalat

Bygg

Kjelder og inspirasjon

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 6

Page 7: Handle rett

innleiing:Kva er mat?

Mat er jord og vatn og hagereiskapar og middagssel-skap og frukost-tv og lågkarbodiettar. Det er villebringebær på veg til stranda, og ein bolle i handa etterfotballtrening. Blåbærtur, bakedag, julekalender og mifyrste fiskestong – rask mat og sakte og fersk og tradi-sjonell. Dersom inuittane har mange ord for snø, har vitusen for fôr, godbit, fødevarer. Mat omgjev oss mykjemeir enn berre mett i magen og vatn i munnen.

Matvaremarknaden gjev oss tilsynelatande veldig mangeval. Om vi handlar ut frå vane, pris, reklame eller per-sonleg engasjement, så vert vi tvinga til å gjere ei langrekke val kvar dag. Nokre gongar kan vala synast mei-ningslause – om både Kake A og Kake B likevel kjem fråKakefabrikk C, kvifor må vi velje mellom dei tre? Andregongar kan sjølv rett og gale vere vanskeleg å peike ut:kylling eller ku for klimavennleg middag? Solsteikte oglangreiste eller norske og oljeoppvarma tomatar?

Ideelt sett skulle denne boka vore ein ferdigredigertpakke levert på døra, stappfull av alt du treng av sunn,rettvis, billeg, god, barnevennleg, økologisk, rask, bere-kraftig, enkel, festleg og fargerik mat. Det hadde i allefall vore frykteleg praktisk, men eg trur du skjønar likegodt som eg, at det er ho ikkje. Så enkel er ikkje kvar-dagen. Vi klarar rett og slett ikkje å vere perfekte.

7

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 7

Page 8: Handle rett

Men vi klarar å prøve. Dess meir vi veit, dess betre valkan vi ta. Denne boka tek utgangspunkt i spalta «Fråmatfatet» i avisa Dag og Tid. I nærare to år har egskrive om nye produkt kvar veke. Det har eg lært mykjeav. Eg handlar og et på ein annan måte no enn før. Detgjer meg langt ifrå til ein engel, men det gjer meg til einsom har betre føresetnadar for å velje når eg vil etemiddag i himmelen, og når det høver betre med litt hei-tare omgjevnader.

Maten vår er heller ikkje berre politikk – han er rett ogslett uendeleg mykje meir enn rett og gale. Ikkje minster han full av gode historier. Frå dei personlege som duog eg kjenner best sjølve, til dei sosiale og normbaserte.Ikkje sjeldan er sjølve prosessen bak eit produkt ei spa-nande reise i seg sjølv.

Produkta i boka er ikkje tenkt å vere nokon vekemeny,diett eller noko perfekt kosthald. Dei er der fordi dei erviktige for oss, fordi dei får fram viktige poeng vedmåten maten vår vert til, fordi dei smakar godt ellerrett og slett gjev oss gode historier.

Vala i boka er mine. For meg kjem mat frå jord. Matfor meg er, nettopp fordi mat for oss inneber så mykje,det tydelegaste symbolet på korleis vi handsamaromgjevnadane våre. Difor er eg ikkje noko glad i labo-ratoriemat, pillar og næringsstoff tatt ut av saman-heng. Sjølvsagt skal vi bruke det vi veit – men vi måvere klar over at det, i den store samanhengen, er for-svinnande lite.

8

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 8

Page 9: Handle rett

Bilete av maten vår er stort, det veks i alle retningar ogdet er uendeleg komplisert. For kvart svar vi finn, duk-kar det opp tusen nye spørsmål. Nettopp derfor hardenne boka vore så spanande å lage. Kva er vel betreenn å vere svolten, kunnskapstørst og nysgjerrig?

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 9

Page 10: Handle rett

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 10

Page 11: Handle rett

1. Å dyrke mat

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 11

Page 12: Handle rett

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 12

Page 13: Handle rett

Jorda, dyra og korleis det finst retteog galne måtar å forvalte dei på

Ein gong var mellom og prosent av folk i verdabønder. Det er rett nok eit par hundre år sidan. Vi skallikevel ikkje meir enn ein generasjon attende før deifleste på bygda i Noreg hadde ein gris eller to i uthuset,høner i tunet og eit lager av syltetøyglas i kjellaren kvarhaust. Sjølv byfolk hadde ein onkel på landet som kommed heile lammeskrottar på hausten, eller ein bestefarmed gard på Vestlandet der ein kunne hoppe i høyet ogspringe etter sommarfuglar om somrane. No er under ein prosent av Noregs befolkning bøn-

der. Som resten av samfunnet, vert jordbruksnæringastadig meir spesialisert. Med spesialiseringa aukaravstandane – både dei fysiske og dei mentale. Finstfôret som får slaktekyllingar til å doble veksten sinnokre dagar fortare på andre sida av kloden – ja, såhentar vi det derfrå. Er det billegare å fylle opp frysedisken med dansk

bacon frå Sverige, så er det jo dumt å late vere, er detikkje? Det er ingenting ved den firkanta, sterile pak-ningen som indikerer at grisane har måtta leve i bursom er så tronge at dei ikkje klarar å snu seg. Sidan viikkje ser at det skjer, kjenner nokon som er direktepåverka eller fysisk kan sjå endringane, aksepterer videt utan å vite at vi burde stille spørsmål eingong.

13

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 13

Page 14: Handle rett

«Kvar mann si høne» er eit bra, men lite realistisk mål.Ikkje alle kan produsere all maten sin sjølv. Vi bør like-vel ha eit mål om å ta attende meir av kontrollen overkorleis han vert produsert. Vi må vite, vi må hugse, vimå handle i tråd med det vi veit: Jordbruk og matpro-duksjon kan vere det vakraste vi har – eller det mestdestruktive. Dette er det store dilemmaet i jordbruket: Det finst

så mange riktige måtar å drive jordbruk og matpro-duksjon på. Dyr kan handsamast med respekt og haeigenverdi og likevel produsere mat. Jord kan brukastog formast av menneske utan å utarmast. Menneskekan leve av jorda utan å øydelegge verken den eller segsjølve. Vi får heile vegen høyre at industrielt, storskala

jordbruk må til for å brødfø ei stadig veksande befolk-ning, og at global handel er ein føresetnad for å fordelegoda. At berre prosent av maten i verda faktisk pas-serer landegrenser, vert det ikkje snakka like høgt om. prosent av matproduksjonen i verda kjem frå små-skalajordbruket. Trua på større og større maskiner somkøyrer over større og større jordstykke på kortare ogkortare tid, passar godt inn i økonomiske modellar,men ikkje like godt inn i det kompliserte samspelet eitberekraftig, framtidsretta jordbruk er, kan og må vere.

Den såkalla grøne revolusjonen i jordbruket på syttita-let fekk avlingar til å stige eksplosivt. Kunstgjødsel, nyemaskiner og forsking gjorde at kornavlingar per dekarvart nærare dobla på eit tiår. Lenge såg det ut som denneveksten kunne halde fram med å stige i det uende lege.

14

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 14

Page 15: Handle rett

No kan mykje tyde på at jorda er i ferd med å seie stoppfor vidare vekst. Kanskje har vi køyrt ho for hardt. Jord er ein komplisert organisme som kan overleve

mykje – i korte periodar. Problemet er at matjord erein tilnærma ikkje-fornybar ressurs – naturen brukarhundre år på å lage ein centimeter jord. Vi veit alle atdet er skilnad på kroppen til ein hundremeterløpar ogein som spring maraton: begge er sterke og muskuløse,men dei skal prestere på heilt ulike måtar. Medansprintaren skal brenne all energien sin på sekund,må ein maratonløpar ha krefter til å prestere maksi-malt i fleire timar. Då kan han ikkje halde ei like høggjennomsnittsfart som sprintaren. Slik er det med jorda òg: Vil vi ha matjord som fun-

gerer for fleire enn berre vår eigen generasjon, må vilegge produksjonen på eit nivå som gjer ho i stand til åoverleve denne generasjonen – og den neste. Heldigvis er det enklare enn det høyrest ut. Vi kjen-

ner allereie mykje av løysingane, og mange bønder erein del av dei kvar dag. Det einaste vi må lære oss, er åkjenne att produkta deira i butikken.

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 15

Page 16: Handle rett

egg:Å egge opp ei høne

Plomma i egget går eimørk framtid i møte

Få råvarer er så tungt symbolsk ladde som egget. Eitegg er eit konkret døme på starten på livet, og bilete påden store rundgangen vi ikkje heilt forstår. Egget haringen start og ingen ende, er skøyrt og solid, genialt ogenkelt og uforståeleg. Den harde sanninga er likevel at kvart av egga vi et,

er lagt av ei høne. Logisk kanskje, men greitt å ha medseg. Det kunne ha blitt ein kylling, men i staden for åbli befrukta av ein hane og ruga fram av hønemor, vartdet plomme og kvite. I staden for å ikkje finne svaret påkven som kom fyrst og sist inn i verda, kan vi i dagstille oss spørsmålet: Kva er eigentleg ei høne? Opphav-leg var tamhønene vi kjenner no, Gallus gallus domesti-cus, eit jungeldyr i Asia. Ho levde på bakken om dagenog oppe i trea om natta. Kvart år fekk ho om lag to kyl-lingkull. Ho levde med nokre andre høner og ein hane,og saman fann dei mat blant gras og frø, insekt, markog biller, og kunne nok rekne med å leve ein ti–tolv årkvar om dei var heldige. Etter kvart oppdaga menneska at det var lettare å

halde høna kring husa enn å fly rundt i jungelen ogleite etter egg – og resten er, som vi seier, historie. I daghar vi høner som aldri ser dagslys, får kjenne jordunder klørne eller plukke maten sin sjølv. Dei vert

16

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 16

Page 17: Handle rett

fødde i produksjonshallar, fôra med korn, mais ogsoya, legg – egg i løpet av eit års tid, og vertdrepne til slutt etter å ha levd – veker.

Ein slik produksjon er ikkje for kvarmannshøna. Trass iat vi har over godkjende hønerasar i verda, utgjerKvit Lohman prosent av verdspopulasjonen. KvitLohman er ein hybrid avla fram av den tyske produsen-ten med same namn – Lohman. Ein hybrid er ei kont -rollert krysning av to ulike rasar for å oppnå ein såkallaheterosiseffekt – det vil seie at dei gode eigenskapane ikvar av rasane vert forsterka hjå avkommet i fyrste gene-rasjon. Ein pluss ein vert rett og slett meir enn to.

. juli er ein sentral dato for norske verpehøner.Då forsvann importvernet for formeiringsmateriale tilfjørfe. Samstundes la Norsk Fjørfeavl ned avlsarbeidetsitt. Sidan då, har alle bestemødrene til verpehønenevåre blitt importerte.Formeiringsmaterialet er levande fuglar. Somme

gongar kjem dei til Noreg som egg, andre gongar somdaggamle kyllingar. Dersom dei er ei Lohman-høner –og det er om lag prosent av norske verpehøner –endar dei opp hjå Steinsland & Co på Bryne i Roga-land. Bedrifta har einerett på import av høner frå Loh-man Tierzuch i Tyskland, og forsyner norske eggpro-dusentar med verpeklare unghøner. Kvart år kan deiprodusere ,millionar kyllingar.

Samvirkeføretaket Nortura er størst på egg i Noreg, ogPrior er deira merkevare for egg. Eit av produkta er eggfrå frittgåande høner selde under merkenamnet Prior

17

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 17

Page 18: Handle rett

Solegg. Sjølv om dei hevdar namnet spelar på den «sol-gule plomma», er det fort gjort å tenkje seg at slike egger lagde i strålande sollys. I røynda har frittgåande,konvensjonelle høner ikkje krav på dagslys. Dei lever ilukka hallar med kunstig belysning timar i døgnet,fylgt av åtte timar mørke. Lyskontrollen sikrar athønene legg egg heile året. Normalt vil nemleg sjølvmoderne hybridhøner slutte å verpe når dagane erkorte og kalde, og overlevingssjansane for avkommetville vore særs små i naturen. Hallane består av aviarsystem – hyller i fleire etasjar.

Her har hønene tilgang på strø og vaglepinnar, og deikan gå fritt rundt. Akkurat så fritt som ein kan gå nårein deler kvadratmeteren med opp til åtte andre høner. På heimesidene sine presenterer Prior ei oversikt

over historie og fakta om eggproduksjon i Noreg. Herskriv dei mellom anna at «Ei hønes levealder er ca.

uker. Eggproduksjonen har da begynt å avta.» Dei seierikkje noko meir om kva dei meiner med ei høne, somdei òg generaliserer til å legge sitt fyrste egg når ho er veker gamal. Det gjer ei hybridhøne, dersom ho fylgjerprodusentane sitt regime for fôring og belysning. Eihybridhøne kjem faktisk ferdig med bruksrettleiing fråprodusenten: Slik og slik får du aller mest ut av di Loh-mann-høne. Ei «hobbyhøne» vil derimot kunne brukebåde seks og sju månadar på å bli verpeklar.

Sjølv ikkje ei kvit Lohmann døyr likevel naturleg etter veker. Eitt år og knappe seks månader er vel hellerom lag den tida det tar for høna å slutte å vere økono-misk lønsam. Det er då eggproduksjonen, som Prior

18

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 18

Page 19: Handle rett

korrekt påpeikar, går ned. Ein hønekropp skjuler berreeit visst tal egg. Ei hønebesetning vert kalla eit innsett – dei kjem

saman, produserer det dei har, og drar saman – mensjeldan til hønsefrikasseen, slik som i våre bestemødrersine dagar. Sjølv om merksemd og etterspurnad no harfått heile høner attende i butikkane, vert framleis deifleste høner avliva på garden og sende til destruksjonhos Norsk Protein. Dei igjen nyttar kadavera tilmellom anna dyrefôr, gjødsel og bioenergiproduksjon.

Nokre høner er heldigare enn andre – det gjeld òg kviteLohmenn. Økologiske hønebesetningar har i stor gradòg besteforeldre som innvandra frå kontinentet. Menvel framme i verpefjøset møter dei hønsehus med lukeri veggane. Gjennom desse kan hønene gå inn og utsom dei vil, beite på gras om sommaren, hakke frammeitemark og frø, nyte sola og flakse vilt med vengeneutan å treffe andre høner i ansiktet. Vinterstid er detvêret som avgjer om det freistar å gå ut. Inne er det seks høner på ein kvadratmeter, og maks

høner per besetning. For konvensjonelle beset-ningar er grensa individ. Vi kan late Christine Koht hjelpe oss å forstå kvifor

både dette og utearealet spelar ei rolle. I laga Kohtog økologisk.no serien «Koht på jordet» på VGTV. Hersit den entusiastiske reporteren mellom anna «egg-vakt» i ein daglegvarebutikk. Målet er å få kundane til åforstå skilnaden på økologiske egg og egg frå frittgå-ande høner. Om ho lukkast eller ikkje, er litt uklart.Det ho definitivt klarar, er å få kundane til å føle seg

19

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 19

Page 20: Handle rett

ukomfortable og angripne – og det hadde ho klarasjølv om ho verken var kjendis eller hadde med seg TV-kamera. Christine Koht labbar rett og slett inn i detpersonlege rommet til framande menneske. Du og eg har ei mengde luft kringom oss som vi

ikkje vil ha andre folk i – i det minste ikkje framande.Det same har fuglar og dyr. Sjølv om høner er flokkfu-glar, vil dei ikkje ha kven som helst inn på seg til ei kvartid. Rangordningar i høneflokkar er nok meir kompli-serte enn moderne fjøssystem klarar å oppfatte.

Dei er ikkje nett ville, og dei lever ikkje til dei vertgamle. Men på vegen frå produksjonshall til jungel ereg ganske overtydd om at økologiske høner trekker detlengste strået. Dette er grunn god nok for meg til åvelje egg frå økologiske framfor frittgåande høner ibutikkhyllene.

Handle rett ferdig_A 25.08.14 14.31 Side 20