gjer politikk litt gøy - klar tale/menu/sta… · er dei samde om. – vi gjer politikk litt gøy!...

4
kort klart & TORSDAG 15.06.2017 NYHENDE PÅ NYNORSK 12 Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix BRØR: Filip, Jakob og Henrik Ingebrigtsen er alle stjerner. No er to av dei klare for konkurransen Bislett Games. Tre norske stjerner i friidrett pryder plakaten for Bislett Games. Alle heiter Ingebrigtsen. I 1964 fekk 17 år gamle Jim Ryun mykje merksemd. Han sprang ei engelsk mil (1,609 kilometer) på mindre enn fire minutt. Han var den yngste som hadde klart det. Så tok 16 år gamle Jakob Ingebrigtsen over rekorden. Det skjedde i slutten av mai. – Det er heilt spesielt, seier Vebjørn Rodal. Han er ekspert på friidrett i kanalen NRK. Jakob er ikkje den einaste raske i familien. Storebror Henrik blei europameister på 1.500 meter i 2012. Han har vunne fleire medaljar etter det. Men no er han skadd og må ta pause. Broren Filip Ingebrigtsen vann gull på distansen i or. Korleis går det på Bislett Games i dag (torsdag)? Faren er usikker, for det har blitt nokre nedturar. – Vi tenker ikkje for mykje på det, seier Gjert Ingebrigtsen. Han trener sønene. Pétur Níelsson [email protected] Raske brør Les meir på side 2 – Noreg kan ikkje vere avhengig av olje JAKT: Hundar får jakte på ulv i Toten i Oppland. Ulv har drepe over 100 sauer i området den siste tida. Klima- og miljødepartementet vil at ulvane skal skytast så raskt som mogleg. Derfor gir dei jegarar lov til å bruke hund, skriv kanalen TV2. FRANKRIKE: President Emmanuel Macron gjorde det bra i valet til ny nasjonalforsamling i Frankrike. Andre runde i valet er søndag. Macron og partnarane kan få over 400 av 577 sete i parlamentet. Hundar får jakte på ulv Macron gjer det bra i valet

Upload: others

Post on 27-Jul-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Gjer politikk litt gøy - Klar Tale/menu/sta… · er dei samde om. – Vi gjer politikk litt gøy! Vi ser dei same sakene med nye blikk. Vi er jo framtida, seier Inan. Kristine Lindebø

kortklart& TORSDAG

15.06.2017

NYHENDE PÅ NYNORSK

12Fo

to: T

erje

Ped

erse

n /

NT

B s

canp

ix

BRØR: Filip, Jakob og Henrik Ingebrigtsen er alle stjerner. No er to av dei klare for konkurransen Bislett Games.

● Tre norske stjerner i friidrett pryder plakaten for Bislett Games. Alle heiter Ingebrigtsen.

I 1964 fekk 17 år gamle Jim Ryun mykje merksemd. Han sprang ei engelsk mil (1,609 kilometer) på mindre enn fire minutt. Han var den yngste som hadde klart det.

Så tok 16 år gamle Jakob Ingebrigtsen over rekorden. Det skjedde i slutten av mai.– Det er heilt spesielt, seier Vebjørn Rodal. Han er ekspert på friidrett i kanalen NRK.

Jakob er ikkje den einaste raske i familien. Storebror Henrik blei europameister på 1.500 meter i 2012. Han har vunne fleire medaljar etter det. Men no er han skadd og må ta pause. Broren Filip Ingebrigtsen vann gull på distansen i fjor.

Korleis går det på Bislett Games i dag (torsdag)? Faren er usikker, for det har blitt nokre nedturar.– Vi tenker ikkje for mykje på det, seier Gjert Ingebrigtsen. Han trener sønene.

Pétur Níelsson [email protected]

Raske brørLes meir på side 2

– Noreg kan ikkje vere avhengig

av olje

JAKT: Hundar får jakte på ulv i Toten i Oppland. Ulv har drepe over 100 sauer i området den siste tida. Klima- og miljødepartementet vil at ulvane skal skytast så raskt som mogleg. Derfor gir dei jegarar lov til å bruke hund, skriv kanalen TV2.

FRANKRIKE: President Emmanuel Macron gjorde det bra i valet til ny nasjonalforsamling i Frankrike. Andre runde i valet er søndag. Macron og partnarane kan få over 400 av 577 sete i parlamentet.

Hundar får jakte på ulv

Macron gjer det bra i valet

Page 2: Gjer politikk litt gøy - Klar Tale/menu/sta… · er dei samde om. – Vi gjer politikk litt gøy! Vi ser dei same sakene med nye blikk. Vi er jo framtida, seier Inan. Kristine Lindebø

2 TORSDAG15.06.2017NOREG

Gjer politikk litt gøy ● Kva meiner

ungdomspartia er dei viktigaste sakene? Vi har spurt tre av dei.

– Det er gøy at ungdomspartia gjer litt andre ting enn hovudpartia, seier Agnes Viljugrein frå AUF. Det er ungdomspartiet til Arbeidarpartiet. AUF deler for eksempel ut pølser til folk på natta. Då får dei kanskje snakke litt politikk òg.

Det er ei travel tid. Tre unge politikarar gler seg til valet 11. september. Dei er Mehmet Inan frå Unge Høgre, Anna Kvam frå Grøn Ungdom og Viljugrein frå AUF.

– No må vi vere litt sosiale. Då får vi energi til ein lang valkamp, seier Inan.

Dei tre er ikkje samde om alt. – Det må bli mindre skilnadar mellom folk. Alle må få jobb, seier Viljugrein.

Inan meiner Noreg treng oljen.– Nei! Klima og miljø er viktigast, seier Kvam. Grøn Ungdom vil at Noreg skal slutte med olje innan 15 år.

Inan, Kvam og Viljugrein er opptekne av dei same sakene. Det finst berre så mange løysingar. Snart lenar dei seg over bordet og nesten ropar til kvarandre.

– Noreg kan ikkje vere avhengig av olje, seier Kvam. – Kva med dei som må slutte i jobbane? Vi må ha jobbar til dei først, seier Viljugrein. – Korleis skal vi betale for framtida vår? Korleis skal vi få pengar til helsevesen, skule, politi og rettsvesen, spør Inan.

Ungdomspartia er heilt spesielle i Noreg. Akkurat det er dei samde om.– Vi gjer politikk litt gøy! Vi ser dei same sakene med nye blikk. Vi er jo framtida, seier Inan.

Kristine Lindebø [email protected]

UNGE: Mehmet Inan frå Unge Høgre, Agnes Viljugrein frå AUF og Anna Kvam frå Grøn Ungdom gler seg til valet.

Foto

: Kri

stin

e Li

ndeb

ø /

Kla

r Tal

e

OPPGÅVA

Page 3: Gjer politikk litt gøy - Klar Tale/menu/sta… · er dei samde om. – Vi gjer politikk litt gøy! Vi ser dei same sakene med nye blikk. Vi er jo framtida, seier Inan. Kristine Lindebø

TORSDAG15.06.2017 3 VERDA

Slik skal May halde på makta i landetSTORBRITANNIA: Statsminister Theresa May ville bli sterkare med nytt val. Men partiet Dei konservative mista makt. No må statsministeren til britane ha hjelp.– Eg vil lage ei regjering. Den skal leie Storbritannia

framover i ei vanskeleg tid, sa May etter valet. Det skriv nyhendebyrået NTB.

Ho vil samarbeide med partiet DUP frå Nord-Irland. DUP er kjent for å vere imot abort. Det er også imot homofilt ekteskap og kampen mot klimaendringar.

Storbritannia skal ut av Den europeiske unionen (EU). Forhandlingane startar snart.May burde slutte som statsminister etter det dårlege valet. Det meiner fleire politikarar.

Karin Flø[email protected]

RUSSLAND: Russarar protesterte på nasjonaldagen måndag. Minst 1.000 personar blei arresterte av politiet. Politikaren Aleksej Navalnyj ba folk om å demonstrere i 200 byar. Dei skulle kjempe imot maktmisbruk i landet. Navalnyj blei i staden fengsla. Det skjedde også i mars, skriv nyhendebyrået NTB. Navalnyj er kritisk til president Vladimir Putin.

Demonstrantar fjerna av politiet

FJERNA: Folk som demonstrerte, blei arresterte.

Kort fortaltØygruppa Puerto Rico vil bli ein delstat i USA. Berre 23 prosent deltok i folkerøystinga. Politikarar i USA seier truleg nei.

Over 900 fangar rømde frå eit fengsel i Kongo. Menn med våpen angreip fengselet og gjorde at fangane fekk rømme.

To eldre personar blei funne drepne på ein gard sør i Sverige måndag kveld. Naboar seier at dei er redde.Kjelde: NTB

● 55 år, utanriks-minister i Finland.

● Soini leia partiet Sannfinländarna. Den nye leiaren meiner Soini må slutte som minister. Det øydelegg for mykje for partiet å vere i regjeringa. Men Soini nektar å slutte.

● Han er no leiar i eit nystarta parti, «Nytt alternativ».

NAMN I NYHENDA

Foto

: NT

B s

canp

ix

Timo Soini

Fleire døydde i stor brann i LondonSTORBRITANNIA: Ei bustadblokk byrja å brenne i London i Storbritannia. Fleire personar er døde, medan andre er sende til sjukehus. – Det såg forferdeleg ut. Eg har aldri sett noko liknande. Det var ein enorm brann, sa ein person til kanalen BBC. Mange som budde i blokka er sakna.

Foto

: NT

B s

canp

ix

Foto

: NT

B s

canp

ix

BRANN: Bustadblokka har 24 etasjar og 120 leilegheiter.

Page 4: Gjer politikk litt gøy - Klar Tale/menu/sta… · er dei samde om. – Vi gjer politikk litt gøy! Vi ser dei same sakene med nye blikk. Vi er jo framtida, seier Inan. Kristine Lindebø

4 KULTUR Redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er skrivne av redaksjonen i avisa Klar Tale.

– Kven er du politikar for? – For dei som er opptekne av rettferd. For kvinner, finnmarkingar og folk som meiner miljø er viktig.

– Kva gjorde at du byrja med politikk?– Eg fekk høyre då eg var ung at ein gjeng rike menn eig halvparten av pengane i verda. Samstundes døyr barn av svolt. Det er ikkje rettferdig.

– Kva blir den største utfordringa i valkampen?– Det at så mange ikkje røystar. Det betyr at vi politikarar gjer noko gale. Mi oppgåve er å snakke om politikk, slik at folk forstår.

– Kva veit folk flest ikkje om deg? – Det beste eg veit i heile verda er å ete hermetiske mandarinar med sjokoladen NonStop.

Kristine Lindebø [email protected]

Marie Sneve Martinussen er nestleiar i partiet Raudt.

MIN POLITIKK

Jobbar for rettferd

Foto

: And

ré L

øyni

ng /

Rau

dt

Rømmer for å finne lykka » Donatella og Beatrice bur på eit psykiatrisk senter i Toscana i

Italia. Dei har levd heilt ulike liv. Men ein dag får dei sjansen til å rømme. Flukta vil endre liva deira for alltid. Filmen «Ein smak av lykke» har premiere fredag. Han passar for alle over 12 år.

FILM

Foto

: Nor

sk F

ilmdi

stri

busj

on

MINNESTAD: Utøykaia i Buskerud bør bli den nasjonale minnestaden etter terroren i 2011. Det meiner Statsbygg, ifølge kanalen NRK. Selskapet gir råd til staten. Det kan bety at minnestaden på Sørbråten blir droppa. Kunstverket «Memory Wound» skulle byggast der, skriv nyhendebyrået NTB.

Seier ja til minnestad

UTØYA: Utøykaia ligg ved Utøya i Buskerud.

Foto

: NT

B s

canp

ix

Lagar stort sjakkbrettSJAKK: Eit jorde i Trøndelag blir det største sjakkbrettet i verda. Det er 80 meter langt på kvar side. Grønt gras og jord markerer rutene. Menneske, tre ponniar og ein dølahest er levande brikker, skriv Adresseavisen.

Vann pris med «Oslo»DRAMA: Teaterstykket «Oslo» vann ein stor pris. Tony-prisane blei delte ut i New York i USA måndag. Stykket «Oslo» varer i tre timar. Det handlar om det som blei til fredsavtala mellom Israel og palestinarar. Michael Arono vann pris for beste birolle.