fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. eit år var det mykje...

12
fra ord og ære Julenummer av Kyrkjelydsbladet Helg og Yrke - Jula 2015 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Luk. 2. 11 6-7 3 8 12

Upload: others

Post on 03-Oct-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

fra fjord og fjæreJulenummer av Kyrkjelydsbladet Helg og Yrke - Jula 2015

I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by.

Han er Messias, Herren. Luk. 2. 11

6-7

3

8

12

Page 2: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

2 Jula 2015 fra fjord og fjære

Send di gåve til:

Helg og Yrke v/ Helge OttesenEldøyvegen 1005411 STORDKontonr. 8420 05 25328

Kyrkjelydsbladet vert

sendt til alle heimar i

Sunnhordland

Redaksjon:

Svein Arne TheodorsenHamnegata 48 5411 STORDTlf. 53 40 34 [email protected]

Sats og trykk:

Bladet SunnhordlandSTORDOpplag: 23 000

Layout: Jan-Ove Fagerheim

Neste nummer kjem i juni. Frist for innlevering av stoff er 1. mai 2016. Minner om høve til å gje gåver, ein kan nytta vedlagte giro.

Julehelsing frå prosten

Bømlo:- Turid Håvik Anglevik slutta som reinhaldar i Moster kyrkje 01.03. Sara Naustbakken vikarierer- Liv Jannikke Oldereide slutta som reinhaldar i Lykling kyrkje 01.07- Paulos Hijab slutta som reinhaldar i Bremnes kyrkje den 01.08- Svanhild Ersland Kvernøy er ny reinhaldar i Lykling og Bremnes frå 01.07- Marit Dahl Hollund sluttar som klokkar i Bremnes kyrkje 31.12 Etne: - Kyrkjelydssekretær: Maria Tøtlandsmo er vikar for Mette Tøsse Voll som har morspermisjon. Ho starta 16.04 Fitjar:- Jan Overweg har teke til som kantor i 65 % stilling- Fridleif Lydersen er tilsett som kyrkjelydsprest i 100 % stilling. Han tek til 01.02.16 Kvinnherad:- Kristine Hestad er tilsett som ny einingsleiar for trusopplæring i 80 % stilling- Berta Haugland (som har vore einingsleiar) held fram som kyrkjelydspedagog i 20 % stilling Stord:- Jan Overweg, kantor i Stord, er innvilga permisjon i 65 % i eit år frå 01.08. Overweg arbeider framleis i 35 % der han har ansvaret for IKT og organistteneste i gravferder- Ole Jørgen Furdal, Sveio er tilsett i vikariat som kantor i 65 % stilling - Kianoosh Jebelli er tilsett i 100 % vikarstilling som fagarbeidar på gravplassen frå 01.08 til 31.03.2016 Prostiet:- Jan Ove Anders Høines Totland vart innsett som sokneprest i Fjelberg og Eid sokn 11.01.15- Kjetil Kringlebotten vart innsett som sokneprest i Kvinnherad, Hatlestrand, Ølve, Varaldsøy, Ænes og Åkra sokn 21.06.15- Bjørgvin bispedømeråd har tilsett sjømannsprest Reidar Ådnanes som sokneprest i Husnes og Holmedal sokn. Han vert innsett i tenesta 29.05.16 i Husnes kyrkje

Heimelaga julPå ein liten holme like sør for den øya eg kjem i frå, i innseglinga til Farsund, ligg Kattland fyr. Her budde fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa det dei trong til jul. Fyrvaktar-en var ein kreativ mann, han gav ikkje opp med det fyrste. Han fann fram piassavakosten og tok til å laga små hol i skaftet. Fann så fram piperensarar og sette dei i desse hola. Slik tenkte han at eit heimelaga juletre kunne sjå ut.

Heimelaga julegåverDet hender at eg får heimelaga julegåver. Det set eg stor pris på, gjerne både resultatet og ikkje minst tanken som ligg bak. Kjekt når nokon har kreativitet, tid og krefter til slikt.

Heimelaga juletradisjonarJula er for mange ei viktig høgtid i heimen. Den nye ordføraren i Etne seier i denne utgåva av Fra Fjord og Fjære noko om kor viktig feiringa i heimen er for henne. Når nye heimar vert danna, kjem ein til ein viktig fase der dei som no høyrer saman skal finna ut kva dei vil leggja vekt på, kva for tradisjonar dei vel å gjera til sine eigne.

Heimelaga julematEi viktig side ved jula er mat og drikke. Eit høgdepunkt for meg i desember er å laga julesylte i lag med gode vener. Om dei som skipar ny heim ber med seg ulike tradisjonar, kan det vera krevjande å finna gode løysingar. Kjekt er det når ein saman finn ut av det. I vår familie vart det for oss ei god løysing med svineribbe eine året og fersk torsk det andre. Men no med 3 svigersøner som alle er vane med pinnekjøt vert det justeringar. Heldigvis har ikkje folk flest problem med å koma til butikk – som fyrvaktaren, men fleire strevar med å innfri forventningane ein møter med omsyn til alt ein skulle ha kjøpt i desse juletider.

Jul i heimenEit meir vanleg problem i dag er å finna ut i kva for ein heim ein skal samlast i denne høgtida, kven ein skal vera saman med og kven som vil vere til stades når. Her trengs kan hende meir enn fyrvaktaren sin kreativitet for å finne dei gode løysingane.

Heimelaga julebodskap?Mi von er at kyrkja skal formidla den opphavlege julebodskapen friskt og levande, slik at ikkje nokon finn grunn til å kasta den på båten og etablera ein eigen heimesnekra julebodskap. Då gjeld det at vi går tilbake til den trygge, gode kjelda der vi finn den ævelege julebodskapen.

Julebodskap frå himmelenDet var Guds englar som fyrst kom med julebodskapen, den formidla dei til gje-tarane – dei som var mellom dei lågaste på den sosiale rangstigen. I jula er det rikeleg høve til å bli kjende med julebodskapen frå Gud og erfara kor aktuell den er i dag, for deg og. I år vert det i Sunnhordland mellom anna 46 gudstenester julaftan i kyrkja vår. Sjølv skal eg til Hatlestrand og Ølve, det gled eg meg til.

Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!

Svein Arne Theodorsen

Nytt om personell i Sunnhordland

Godkjenning av klokketårnNyleg vigsla prosten kyrkjetårnet og klokkene i Etne kyrkje. Biskopen skal godkjenna kyrkjeklokker og tårn. Prosten kunne melde at biskopen vil god-kjenne, men formelt brev låg ikkje føre til vigslinga. Biskop Halvor Nordhaug helsa kyrkjelyden slik: «De kan gå sju gonger rundt tårnet og blesa i horn. Dersom tårnet blir ståande, er det godkjent.»

Proste- HJØRNET

I Sunnhordland prosti har ein lange tradisjonar for å gje ut «Helg og Yrke» med julenummeret «Fra Fjord og Fjære.» Bladet vert sendt til alle heimar i prostiet, opplaget er passert 23 000!

Trong for gåver!Mykje av arbeidet vert gjort på dugnad. Einaste inntektsposten er gåver. Vi er svært takksame til alle som gjev, men vi ser at vi har trong for fleire gjevarar for framleis å gje ut bladet og senda det fritt til alle. Vi minner om høve til å gje gåver til bladet, det ligg ved giroblankett.

Fra Fjord og Fjære fra fjord og fjæreJulenummer av Kyrkjelydsbladet Helg og Yrke - Jula 2015

I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Luk. 2. 11

6-7

38

12

Page 3: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

3Jula 2015fra fjord og fjære

EIN AVGRENSA GUD

På døra til ei mellomalderkyrkje i Köln finst eit bilete som viser Jesusbarnet i krubba. Bak ser vi oksen og eselet og over det heile Betlehemsstjerna. På kvar si side av krubba sit Maria og Josef. Dette motivet finst i ulike versjonar over heile jorda. Det spesielle ved akkurat dette biletet er innskrifta som står på sida: HIC ARTATUR DEUS = Her blir Gud avgrensa.

Fyrste gongen eg møtte denne setninga slo den umiddelbart inn i meg: Det er jo dette som er jula sin løyndom. Her blir Gud avgrensa. Ingen kan utøve avgrensinga sin kunst slik som Gud, for ingen har så mykje å miste.

Jesus, som kom frå Gud, søkte seg nedover til ei krubbe i småbyen Betlehem. Martin Luther seier det slik: «Han som all verden er for trang, Her ligger Han på moders fang».

Det er naturleg å tenkje at dersom Gud er til, så er han så stor at vi ikkje kan fatte han. Men juleevan-geliet seier: Han lèt seg fatte i krubba!

Mange trur at dersom Gud er å finne nokon stad, så må det vere ute i det uavgrensa rommet, i naturen. Men kva finn vi eigentleg der? Vi kan vel saktens ane Gud, men heller ikkje meir. For her er ingen ord, ikkje noko ansikt og ingen tydeleg vilje.

Dersom vi ikkje kjenner Gud i krubba, så blir den Gud vi finn ute i naturen forma som ei forstørring av våre eigne tankar, kjensler og draumar. Natur-opplevinga blir ei stadfesting av det tankegodset vi har med oss allereie. Men jula sitt evangelium seier noko vi ikkje kunne ha tenkt ut på førehand: «Ordet blei menneske og tok bustad iblant oss» (Johannesevangeliet 1, 14).

Jesus, Ordet frå Gud, gjekk rundt blant oss i Nasa-ret, Kapernaum, Betania og Jerusalem. Han vandra omkring og hadde heile himmelen med seg. Ikkje rart mykje skjedde. Ikkje rart at folk undra seg og sa: Alt han gjer er godt!

Kvar finn vi Gud? Her i Jesus er Gud i avgrensa utgåve som menneske - men likevel heilt og fullt til stades. Paulus skriv ein stad: «For i han ville Gud la heile sin fylde bu».

Her blir Gud avgrensa – det betyr at Gud finst over alt, men han lèt seg ikkje møte overalt. Gud er for stor for oss. Han er for rein, for heilag, for lysande til at vi med vårt øydelagde og sjølvsentrerte perspek-tiv kan finne han.

Men i barnet i Betlehem, som blei til mannen Jesus, der er Gud. Denne jula møter vi han igjen i kyrkja, i Bibelen og i bønna. Det er avgrensa møteplassar, men der er den grenselause Gud alltid å møte, heilt og fullt. Og det er ingen ting han heller vil enn å møte oss.

Halvor NordhaugBiskop i Bjørgvin

Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2015 vart markert laurdag 8. august på Onarheim på Tysnes med mange flotte arrangement. I Onar-heim kyrkje var mange samla på ettermiddagen. Her stod prost Svein Arne Theodorsen for den offisielle opninga av Onarheim kulturkyrkje.

KulturkyrkjeI fjor kunne ein feira 10 – års jubileum for Valestrand kulturkyrkje. Her har ein kombinert gudstenester og kyrkjelege handlingar med eit særleg fokus på varierte kulturtiltak. På Tysnes har ein drøfta kor-leis ein best mogeleg kan skapa ein god og variert bruk av dei ulike kyrkjebygga. Ein har mellom anna komen til at ein vil vidareutvikla Onarheim kyrkje som kulturkyrkje. I si opning av Onarheim kultur-kyrkje gav prosten heilhjarta støtte til ei slik satsing og meinte det var mykje som låg godt til rette for ei vellukka løysing her. Han synte både til historia,

sjølve kyrkjebygget og det lokale engasjementet. No er eit styre godt i gong med å laga retningsliner for kulturkyrkja.

HegglandI Valestrand kulturkyrkje har ein ulike arrangement som knyt til den viktige lokale komponisten Far-tein Valen. Theodorsen nemnde dette i si helsing og peika på at ein i Onarheim gjerne kunne ha ein tilsvarande relasjon til Johannes Heggland. Dette kom fint til uttrykk i Onarheim kyrkje denne laur-dagen.

Anna GyriaJohannes Heggland har skrive ein firebandsterk romansyklus: Brødet frå havet. Anne Gyria er gjen-nomgangsfiguren i Heggland sin romanserie om folket her vest. Johanne Øvstebø Tvedten fekk ei nær fullsett Onarheim kyrkje til å sitja som fjetra

og lytta til den sterke historia om Anna Gyria. Ein kraftprøve for kunstnaren og ei flott oppleving for tilhøyrarane som høvde særs godt ved opninga av Onarheim kulturkyrkje.

Onarheim kulturkyrkje

Foto: Lars Mæland

Page 4: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

4 Jula 2015 fra fjord og fjæreSakkeus skundar seg ned frå treet.

Sakkeus deler ut pengar.

44

1. Mørkredd?Les Salme 27,1

Korleis likar du å gå ute åleine i mør-kret? Mange synest det er skummelt. Trea langs vegen ser annleis ut når det er mørkt, og vi blir og meir merk-same på lydar. Vi veit at det ikkje er noko å vere redd for, men går gjerne litt fortare likevel. Hugs at Gud ser like godt enten det er mørkt eller lyst. Det er trygt å vite at han passar på oss. Lær deg verset du las utanåt, så kan du tenkje på desse orda neste gong du er ute og går.

2. Gjekk ein tur på stienLes Sal 119,105

Då Bibelen vart skriven, fantes det ikkje gatelykter. Lommelykter hadde dei heller ikkje. Når folk gjekk ute i mørkret, kom lyset enten frå månen eller frå brennande faklar som dei bar med seg. Når vi les i Bibelen, vil Gud vise oss korleis vi skal leve. Det Gud seier, kan samanliknast med lys som gjer at vi ser vegen vidare. Å leve utan Guds Ord blir som å gå i skogen utan lys. Då kan du lett trå feil.

3. Levande lysLes Luk 8,16

Somme elskar levande lys, og har stakar og lykter over alt i huset. Og lys finst i alle slags fasongar og fargar. Slår vi av alle lampene, er det ikkje tvil om kvar stearinlyset står. Når du gjer noko fint for andre, er du som eit tent stearinlys som skin i eit mørkt rom. Då liknar du på Jesus, og du er eit levende lys i verda. Men har du sett nokon tenne lys og gøyme det under ei bøtte? Korleis kan du gøyme lyset i deg så ingen ser det?

4. Kor kjem gåvene frå?Les Jak 1,17

Kjenner du små born som trur at det er nissen som kjem med julegåvene? Du veit jo at det er foreldra dine som kjøper dei. Gud skapte foreldra dine. Gåvene du får til jul, er laga av men-neske, eller av maskinar som er laga av menneske. Desse menneska er og skapte av Gud. Han har jo skapt alt. Kanskje det eigentleg kunne stått «Frå Gud» på alle gåvelappane? Hugsar du å takke Gud for at han gjev deg gåver kvar dag heile året?

5. MørkegøymselLes 1 Joh 1,5-7

Mørkegøymsle er gøy! Du kan gøyme deg temmeleg nær den som leitar, utan å bli oppdaga. Hugsar du kva Adam og Eva gjorde då dei hadde vore ulydige mot Gud? Det var kveld, og dei gøymde seg i hagen. Men det går ikkje an å leike gøymsle med Gud. Han veit jo kvar vi er heile tida. Og kva er eigentlig poenget med å gøyme seg? Når du innrøm-mer det du har gjort gale, tilgir Gud deg før du rekk å telje til to.

6. Lat lyset stå på Les 1 Joh 2,9

«Pass deg for trappa!» «Kva for ei trapp-app-app-app…» Det er lettare å snuble når straumen har gått. Då må du passe på så du ikkje bommar på øvste trinn i trappa, og det kan hende du dunkar borti ei hylle når du går forbi. Alt er så mykje enklare med lyset på. Kva kan du gjere for å leve i lyset? Du kan vise kjærleik til menne-ska du møter.

Ugly13 a) Kven

kjem dei fullkomne gåvene ifrå?

13 b) Kva er det som er «eit lys på din sti»?

Hva skjer når alle er egoistiske og bare

tenker på seg selv? Blir det koselig å være sammen da? Alle kan ikke få viljen sin

på en gang, det går bare ikke! Det fører stort sett bare til krangel og bråk. Jesus ber oss derfor å elske vår neste som oss selv, det vil si at vi prøver å tenke på de andre før vi ten-ker på oss selv. Da blir det fint å være sammen.

WWJD?Kva v

ille Jesus ha

gjort?

Det er den mørkaste tida på året, og vi tenner

fleire lys enn elles. I songen «This litt-le light of mine», syng vi i eit av versa at freistaren

vil blåse ut lyset. Djevelen ynskjer å sløkkje trua di. Han vil ikkje at du skal vere eit vitne i ei verd full av vondskap. Jesus er mykje sterkare enn djevelen! Om du brukar tid med Jesus, får ikkje djevelen sjans til å blåse ut lyset ditt. Jesus var eit lys i verda. No vil han lyse gjennom deg.

Sett eit kryss ved det du har lese!

Skribent: Hilde Joy Vestøl

TEMA: Jesus – verdas lys

4444

1. Mørkredd?Les Salme 27,1

Korleis likar du å gå ute åleine i mør-kret? Mange synest det er skummelt. Trea langs vegen ser annleis ut når det er mørkt, og vi blir og meir merk-same på lydar. Vi veit at det ikkje er noko å vere redd for, men går gjerne litt fortare likevel. Hugs at Gud ser like godt enten det er mørkt eller lyst. Det er trygt å vite at han passar på oss. Lær deg verset du las utanåt, så kan du tenkje på desse orda neste gong du er ute og går.

2. Gjekk ein tur på stienLes Sal 119,105

Då Bibelen vart skriven, fantes det ikkje gatelykter. Lommelykter hadde dei heller ikkje. Når folk gjekk ute i mørkret, kom lyset enten frå månen eller frå brennande faklar som dei bar med seg. Når vi les i Bibelen, vil Gud vise oss korleis vi skal leve. Det Gud seier, kan samanliknast med lys som gjer at vi ser vegen vidare. Å leve utan Guds Ord blir som å gå i skogen utan lys. Då kan du lett trå feil.

3. Levande lysLes Luk 8,16

Somme elskar levande lys, og har stakar og lykter over alt i huset. Og lys finst i alle slags fasongar og fargar. Slår vi av alle lampene, er det ikkje tvil om kvar stearinlyset står. Når du gjer noko fint for andre, er du som eit tent stearinlys som skin i eit mørkt rom. Då liknar du på Jesus, og du er eit levende lys i verda. Men har du sett nokon tenne lys og gøyme det under ei bøtte? Korleis kan du gøyme lyset i deg så ingen ser det?

4. Kor kjem gåvene frå?Les Jak 1,17

Kjenner du små born som trur at det er nissen som kjem med julegåvene? Du veit jo at det er foreldra dine som kjøper dei. Gud skapte foreldra dine. Gåvene du får til jul, er laga av men-neske, eller av maskinar som er laga av menneske. Desse menneska er og skapte av Gud. Han har jo skapt alt. Kanskje det eigentleg kunne stått «Frå Gud» på alle gåvelappane? Hugsar du å takke Gud for at han gjev deg gåver kvar dag heile året?

5. MørkegøymselLes 1 Joh 1,5-7

Mørkegøymsle er gøy! Du kan gøyme deg temmeleg nær den som leitar, utan å bli oppdaga. Hugsar du kva Adam og Eva gjorde då dei hadde vore ulydige mot Gud? Det var kveld, og dei gøymde seg i hagen. Men det går ikkje an å leike gøymsle med Gud. Han veit jo kvar vi er heile tida. Og kva er eigentlig poenget med å gøyme seg? Når du innrøm-mer det du har gjort gale, tilgir Gud deg før du rekk å telje til to.

6. Lat lyset stå på Les 1 Joh 2,9

«Pass deg for trappa!» «Kva for ei trapp-app-app-app…» Det er lettare å snuble når straumen har gått. Då må du passe på så du ikkje bommar på øvste trinn i trappa, og det kan hende du dunkar borti ei hylle når du går forbi. Alt er så mykje enklare med lyset på. Kva kan du gjere for å leve i lyset? Du kan vise kjærleik til menne-ska du møter.

Ugly13 a) Kven

kjem dei fullkomne gåvene ifrå?

13 b) Kva er det som er «eit lys på din sti»?

Hva skjer når alle er egoistiske og bare

tenker på seg selv? Blir det koselig å være sammen da? Alle kan ikke få viljen sin

på en gang, det går bare ikke! Det fører stort sett bare til krangel og bråk. Jesus ber oss derfor å elske vår neste som oss selv, det vil si at vi prøver å tenke på de andre før vi ten-ker på oss selv. Da blir det fint å være sammen.

WWJD?Kva v

ille Jesus ha

gjort?

Det er den mørkaste tida på året, og vi tenner

fleire lys enn elles. I songen «This litt-le light of mine», syng vi i eit av versa at freistaren

vil blåse ut lyset. Djevelen ynskjer å sløkkje trua di. Han vil ikkje at du skal vere eit vitne i ei verd full av vondskap. Jesus er mykje sterkare enn djevelen! Om du brukar tid med Jesus, får ikkje djevelen sjans til å blåse ut lyset ditt. Jesus var eit lys i verda. No vil han lyse gjennom deg.

Sett eit kryss ved det du har lese!

Skribent: Hilde Joy Vestøl

TEMA: Jesus – verdas lys

44 45

Bibelvers for veka:LAG EIT BILETE!

Du treng ei litt stiv pappskive, lim, tørka bønner (dei finst i ulike fargar), ris, makaroni og anna tørka pasta o.lSkriv bibelverset med store bokstavar på pappen, og lim tørka bønner på bokstavane. Dekorer rundt med ris, makaroni og det du har, og lag bordar og fine mønster.

Sal 119,105:«Ditt ord er ei lykt for min fot

og eit lys for min stig»

(Henta frå Bibel 2011)

VEKSESAMAN

– AKTIVITETAR DU KAN GJERE SAMAN MED FAMILIEN DIN, ELLER ANDRE DU ER GLAD I :-)

TA VARE PÅ LYSETDel inn i to lag som sit på kvar si side av bordet. Kvart lag har eit tent lys foran seg (bruk stødige stakar så det ikkje vert brannfarleg, og legg avis-papir under så det ikkje kjem stearin på bordet). Laga skal prøve å passe på sitt eige lys, og blese ut dei andres. Vert lyset slokt, skal de prøve å tenne det att.

Lyset er et bilete på trua vår. Har de opplevd at noko eller nokon har prøvd å dra dykk bort frå trua på Jesus? Korleis kan de verne om trua?Korleis kan de hjelpe kvarandre å ta vare på trua?

1.Var ikkje far, med var likevel viktig

2. Då Maria fekk vite at ho skulle bli mor, fekk ho besøk av ein…

3. Englane på himmelen lova Gud og

4. Då Maria vart gravid skjedde eit…

5. Fødselen fann stad i ein…

KRYSSORD

LYS I MØRKRETJesus kom som lys til verda, og vi skal òg vere lys. Når vi ber for menneske, er vi med på å spreie lys frå Gud.

Ha eit brett som de fyller med utente telys, og sett eit tent kubbelys midt på brettet. Ta ei bønestund, der de ber og tenner lys for dei menneska de vil be for. Start gjerne med at alle ber stille kvar for seg, men det er fint å avslute med å høgt be saman.

Page 5: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

5Jula 2015fra fjord og fjære

Uteteater for å finna spor etter Jesus

I verstshuset i Betlehem

Sakkeus skundar seg ned frå treet.

Pilatus, Kaifas og Maria Magdalena i diskusjon.

Lengst ute på stranda var Peter, sitjande med garnet ved Gennesaretsjøen.

Prøver båra hos den lamme.

Ein flott laurdag i september var 24 ni- og tiåringar «På sporet av Jesus», saman med nokre foreldre og andre interesserte.

I Førde kyrkje førebudde barna seg med å laga bilde og materiell som dei skulle ha med seg til møte med forteljarane langs løypa frå kyrkja til Prestegardsstranda. I kyrkja fekk dei eit møte med øvstepresten Kaifas og den romerske landshovdingen Pila-tus, som diskuterte om det var rett å dømma Jesus til døden, og Maria Magdalena som kom fram som vitne om den oppstadne Jesus. Deretter blei barna sende ut gruppevis for å finna ut meir om kven Jesus er.

I vakkert seinsommarver vandra dei langs turstiane mot stranda for å møta andre personar frå bibelhistoria. Med stor innleving fortalde dei om sitt møte med Jesus. Nedst i preste-gardshagen var Jeriko, der Sakkeus sat godt plassert i eit stort, gammalt tre og fortalde si historie. Vidare i løypa kom dei til Kapernaum, der den lamme som hadde blitt lækt av Jesus og søstera hans, fortalde. Maria Mag-dalena og Maria, søster til Lasarus, for-talde levande om sine erfaringar med Jesus. Ved stranda fekk barna møta vertshuseigarane i Betlehem. Med god hjelp av bilde barna hadde laga, hugsa dei tilbake til natta då Maria og Josef kom og Jesus blei fødd. I Nasa-ret fekk dei møta rabbien i synagoga og lengst ute på stranda var Peter, sitjande med garnet ved Gennesaret-sjøen. Først når barna viste fisken dei hadde laga, ville Peter fortelja om sine opplevingar med Jesus.

Gjennom forteljarane si engasjerte og kreative formidling av sine møte med Jesus, fekk barna eit godt bilete av kven Jesus er.

Arrangementet slutta i eit festpynta Førde bedehus med fest hos Sakkeus og fruen, med god mat og til slutt gullpengar som Sakkeus delte ut til «dei fattige».

Barna var samstemte i at dei hadde hatt ein god dag. Ein spurde om det var den einaste gongen dei får vera med på dette. Som gode ambas-sadørar vil dei få ny sjanse neste år, saman med dei som nå er 8 år. Dei har noko å gle seg til!

Utan alle dei frivillige som har gjort ein stor innsats, hadde ikkje «På sporet av Jesus» vore mogleg å gjennomføra. Me er takksame for dei som har lagt ned mange timar i sying av kostymer, skjering av namneskilt til forteljar-plassane, baka pizza-horn, laga til gele, ordna til fin fest på bedehuset. Takk og til dei som gav rekvisita og kulisser som garn og garnkasse, seglduk-stoff og skinn. Takk til alle forteljar-ane for engasjert og levande forteljing. Det vil bli hugsa!

Tekst: Haldis Rolfsnes Stueland

Page 6: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

6 Jula 2015 fra fjord og fjære

I Sunnhordland er det mange kyrkjelydar som har LysVaken - arrangement som ein del av trusopplæringa. Tidspunktet kan variera noko. Opplegget går frå laurdag ettermid-dag til sundag etter gudstenesta, med overnatting i kyrkja. I «Fra Fjord og Fjære» i år har vi fått bilete frå fleire stader der dei nyleg har hatt LysVaken: Nysæter, Skånevik, Husnes, Kvinnherad, Hatlestrand og kyrkjene på Bømlo.

SkånevikLaurdag 28. og søndag 29. november var det igjen 24 ungar frå heile Etne som overnatta i Skånevik kyrkje, saman med 4 konfirmantar og 3 vaksne. På det meste var vi 26 + fleire frivillige.

Dei fekk sett seg omkring både i kyrkja og på kyrkjegar-den. På kyrkjegarden fann dei ord som: «Takk for alt.», «Kjært er minnet.», «Ingen er gløymt av Gud.». Dei fann at ein kan pynta med blomar, englar, fuglar og lys. I kyr-kjetårnet fann dei to kyrkjeklokker, og staden der flag-germusa er innom.

Pizza, og frukost var populært. LysVaken songen og dansen vart ein slager. Fin gjeng og god stemning.Søndag avslutta vi helga med gudstenesta vi hadde førebudd, med deltaking av barnekoret og speidarane, og dåp. Avslutninga med song og dans av LysVaken-gjengen.

Trusopplærar Astrid Askeland hadde organisert og lagt til rette. Fleire frivillige stilte opp. Ungane koste seg. Varige verdiar vart understreka og delt.Glede var noko av det ein fin gjeng delte rikeleg.

Stein Ove Skadal

Nysæter Det er 8. året på rad Nysæter kyrkje feirar nyttår ved å invitere 11-åringar til LysVaken. Også i år var det ein flott gjeng som samlast i kyrkja laurdag ettermiddag. Me leika, blei betre kjent med kvarandre og med kyrkja. Ute i våpenhuset hadde me konkurransar og leikar. Alle var med og gjorde ein skikkeleg innsats for laget sitt. Det tar på å leike, og me kan bli veldig svoltne av det. Då var det godt med kvelds. Taco er alltid like godt!

Utpå kvelden kom presten vår på besøk for å snakke om nattverd og øve til gudstenesta. Det var mange som ville vere med å ha oppgåver i gudstenesta. Det vart og tid til ulike aktivitetar i kjellaren. Der var det playstation, kort-laging og lys dekorering. Høgdepunktet er, som alltid, å ta på pysjen i kyrkja og finne seg ein plass å sove inne i kyrkjerommet. Etter å ha høyrt historia om Jesus som 12 år i tempelet, var det tid for å finne roen. Og roen fant dei.

Søndag morgon vakne dei til lukta av nysteikte rund-stykkar. LysVaken vart avslutta med ei flott gudsteneste, der 11-åringane deltok gjennom heile gudstenesta på mange ulike vis. Tusen takk for ei flott helg til alle som var med av 11- åringar, vaksne og ungdomar. Eg ynskje dykk alle ei god adventstid, der de kan rydde litt plass til Jesus!

Randi Lønning Matre

Husnes Frå laurdag til sundag 1. helga i advent var 28 tiåringar frå Husnes tenesteområde (Husnes, Valen, Holmedal, Herøysund og Uskedal) med på Lys Vaken i Valen kyrkje. Vi byrja laurdag kl.18 00, der prest Pål Dale var med og fortalde om kyrkja. Etterpå stod pizzaen ganske fort på bordet, og vi fekk eta oss gode og mette.

Etterpå hadde vi øving på dramastykke om Jesus som 12- åring i tempelet, for dette skulle framførast på guds-tenesta sundagen. Dette gjekk veldig fint, og då vart det betre tid til å ha ulike leikar!

Både fingerbingo og fruktsalat var populære aktivitetar.«Mesterens mester»-løype vart gjennomført ute i silande regnver. Ikkje noko å sei på innsatsen!

Etter å ha sove i kyrkja, var det klart for frukost, øving til gudstenesta og –gudsteneste. Det var 3 born som skulle døypast, så det var ei fullsett Valen kyrkje denne sundagen. Deltakarane på Lys Vaken deltok både med inngongsprosesjon, medhjelparar ved dåpen og drama under gudstenesta.

Tidlegare om åra har både 10- og 11-åringane fått invitasjon til å vera med på Lys Vaken, som er ein del av trusopplæringstiltaka i kyrkja. Dei siste åra har det vore så stor pågang, så vi bestemte at berre 10-åringane vart inviterte dette året.

Kyrkja i Kvinnherad vil takka alle foreldre og andre som var med og hjelpte til på Lys Vaken denne helga! For å få avvikla ei slik helg, er vi avhengige av både nokon som er med og gjennomfører programmet , nokon som lagar til mat og nokon som er nattevakter. Tusen takk for lånet av kjekke born, og tusen takk for alle som er viljuge å hjelpa til!

Berta Haugland

Page 7: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

7Jula 2015fra fjord og fjære

I Stødle kyrkje starta me med ei samling med song, tekstlesing, bøn og historia om Stødle kyrkje. Malen for samlingane me hadde på pilegrimsturen står i den norske salmeboka frå 2013. Vidare gjekk turen langs den gamle postvegen frå Etne til Skå-nevik med fleire stopp/samlingar og stilla undervegs - i strålande solskin! Det høgaste punktet på postvegen ligg 620 moh. Nokre fant turen lett heile vegen, andre hadde utfordingar på veg opp eller på veg ned til Skånevik, men alle meistra turen og kom seg til Skånevik.

Vel framme i Skånevik vart me møtt av Aksel Røksund, Arild Selle med mannskap og Ingunn og John Magne Sørensen. Dei frakta oss vidare på turen med båtane sine. Det var godt å setja seg i båtane, i roleg sjø, til neste mål for turen, Fjelberg gamle prestegard.

På Fjelberg vart me tatt godt i mot av Truls Grung, som me og fekk ei engasjert omvising av. Etter omvisinga var det innkvartering og middag. Det smakte godt etter ein heil dag i frisk luft. Seinare hadde me ei samling i ei av dei ærverdige gamle stovene på prestegarden. På denne samlinga var me så heldige å få besøk av prost Svein Arne Theodorsen og song og trekkspelmusikk av Ingunn og John Magne Sørensen. Så

var det å gå kvar til seg, eller to og to, åtte, fem og nokre kvar for seg, for å få seg nokre timar på puta.

Søndag starta me med frukost før me samla oss til salmesong, tekstlesing og bøn før avreise. No tok båtane oss med til Halsnøy kloster. Der fekk me omvising av ein guide med glimt i auga, me fekk noko for ganen, hadde ei kort samling og gjekk i kultur-løypa på sida av klosteret.

Etter besøket på Halsnøy førte båtfolket oss videre til Moster Amfi. Om nokre hadde utfordringar med å komma seg frå Etne til Skånevik var det kanskje andre som fekk det litt utfordrande på turen til Moster, då det no hadde blese opp og sjøen ikkje var heilt flat lenger. På Moster vart me tekne i mot med flott song i gamle Moster kyrkje. Her hadde me ei lita gudsteneste med natt-verd forretta av Berit Andersen og Gunnar Farsund som begge var med på turen. Turen vart avslutta med felles middag – vikingsodd - i Moster Amfi. Det gjorde godt med noko varmt etter turen på sjøen og opphaldet i Moster gamle kyrkje.

Sissel Johanne Fylkesnes Våge

PilegrimsturLaurdag 8. august var 30 pilegrimar frå ulike kantar av Bømlo, Bergen, Oslo og Stavanger samla i Stødle kyrkje i Etne for pilegrimstur, med kanskje 30 ulike forventningar til å vera på med på pilegrimstur.

Me håpar pilegrimsturen har vore ei reise for fellesskap, for kultur og natur, for å oppleva sterke og svake sider med seg sjølv, og «der den ytre vandringa kan vera eit symbol på den indre vandringa mot Gud» (Norsk Salmebok 2013).

Bømlo6 av 10 inviterte elleveåringar deltok på årets LysVaken i si lokale kyrkje. For tredje året på rad vart det arrangert LysVaken for alle 11 åringane i alle dei fire kyrkjene på Bømlo.

LysVaken er eit av arrangementa i det store trusopplæ-ringsløpet som alle døypte og tilhøyrande barn i Den Norske Kyrkja skal få mogelegheita til å vera med på frå dei er null til atten år. Kyrkjene på Bømlo har saman utarbeida ein plan som inneheld mange kjekke tiltak. Nokre tiltak er nasjonalt kjende, medan andre er meir lokalt tilpassa. Målet er at det skal koma på plass minst eitt tiltak for kvart årstrinn frå null til atten, noko som krev mykje organisering og ein stor innsats frå enga-sjerte frivillige. Nokre av tiltaka, slik som utdeling av 4- og 6- årsbok, er små tiltak som har vore ein del av kyrkja lenge, og som er godt innarbeidd. Andre tiltak, slik som LysVaken, Dåpsjubileum og Tårnagent er nye tiltak som er meir omfattande. Men det er fantastisk kjekt å no sjå at mange av dei meir omfattande tiltaka også begynnar å få gode røter i den store planen.

God oppslutnad på LysVaken«- Skal me vera oppe heile natta?» Er ofte eit spørsmål som dukkar tidlig opp i LysVaken samanheng. Spente elleveåringar stiller opp i kyrkja med sovepose, puter og liggeunderlag til eit opplegg dei kanskje ikkje heilt veit kva går ut på. Men ein ting har dei store forhåpningar om, og det er at dei skal ha det gøy. LysVaken er ikkje å vera oppe heile natta, men det handlar om å vera lys vakne for folk rundt oss, og for det Gud ynskjer å gi oss.

Arrangementet starta med at ein må bli litt betre kjent. Mange kjenner kvarandre godt frå før, medan det for nokon er mange nye. Dette er litt avhengig av kvar ein er med på LysVaken og kvar ein er frå. Menneskebingo er uansett ein slager! Då er det om å gjere å samle auto-grafar frå dei andre som stemmer med dei ulike rutene på bingobrettet. «Er det nokon her som har katt?», «Likar du sommar betre enn vinter?», «Har du vore i USA?» Slik og mange andre spørsmål vert stilte i kampen om å få sitt bingobrett fyrst utfylt.

Seinare på kvelden er det pizza. Somme stader er det foreldre som kjem med heimelaga pizza og andre stader er det bestilt. Uansett; pizza høyrer med! I alle kyrkjene er det også lagt opp til undretur der elleveåringane er innom ulike stasjonar for å læra meir om kyrkja og kyr-kjelege handlingar. I tre av kyrkjene var også LysVaken knytt til gudstenesta på søndagen, slik at øving til delta-king i gudstenesta også var ein del av programmet. Før overnattinga vart det lese «God-natt»-forteljingar, og så var det å finne soveposen.

Det er veldig kjekt å sjå elleveåringar som koser seg i kyrkja og har det gøy, men for at fleire trusopplærings-tiltak skal koma på plass og rotfesta seg er ein heilt avhengige av positive friviljuge som kan vera med å skape arrangement for borna knytt til si lokale kyrkje. Kunne du tenke deg å vera med å arrangere eit av trus-opplæringstiltaka i di lokale kyrkje så ikkje nøl med å ta kontakt.

Trygve Leigland

Page 8: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

8 Jula 2015 fra fjord og fjære

Triveleg treffpunkt på Gjøvåg

Det vart ei triveleg gudsteneste i uformelle rammer då Harald og Anny Gjøvåg ynskte alle velkomen til ein flott dag på Gjøvåg. 55 per-sonar møtte fram for å ta del i den folkelege gudstenesta. Seinare vart det gjort klart mat og drikke til dei frammøtte, og det vart ei kose-leg stemning i den gamle løa. Veldig flottSokneprest Marit Isaksen Espedalen var på plass for å leia gudstenesta. Ho hadde førebudd ein fin seremoni, og var i godt humør etter arrangementet. Ho var mellom anna nøgd med å sjå at det var så mange frammøtte.– Det var veldig flott, og veldig mange folk, seier ho oppglødd.Ho hadde nyleg òg «jazzgudsteneste» på Tysnes-fest, og fortel at ho trivst godt med variasjonog skifting av tempo.– Eg tykkjer det er veldig kjekt. Stemningsfull musikkEinar Frøyseth og Martha Aasheim stod for dei musikalske innslaga. Til vanleg spelar dei i festlege og meir uformelle høve, men dei kunne fortelja at det å spela i ei gudsteneste var ei kjekk oppleving.– Det var ei veldig fin stund, seier dei.Dei spelte stemningsfull musikk for dei frammøtte, og sette pris på å få lov til å hjelpa Marit.– Ho er eit strålande menneskje.

Godt mottekenGudstenesta vart godt motteken av dei frammøtte. Blant dei som hadde møtt opp var Anna Sofie Epland.– Gudstenesta var veldig fin, seier ho.Ho var òg på plass i fjor, og er ein av mange som er godt nøgde med det arrangørane får til på Gjøvåg.– Det er kjekt å vera her, fortel ho.

Jovial gjengEtter gudstenesta samla dei frammøtte seg rundt borda i løa. Då var det tid for mat og drikke i lystig lag. Her stod mellom anna rømmegraut, kaker og kaffi på menyen.– Maten smakar nydeleg, seier Aasta Tufteland Kroken og Lillian Brun Heldal samstemd.Dei sit saman med Rune Kroken og Bertil Heldal. Alle fire er på vitjing frå Bergen, og er svært posi-tive til arrangementet. Dei fortel at heile dagen har vore veldig kjekk, og at dei er takksame for innsatsen som vert lagt ned i dei landlege omgjevnadane på Gjøvåg. – Det er veldig flott at nokon vil arrangera noko slikt. Det er noko me gjerne støttar, seier den humørfylte gjengen. Det er ikkje fyrste gong dei vitjar Gjøvåg, og det vert truleg heller ikkje den siste.– Me kjem tilbake viss dei vil ha oss, ler dei.

Energisk personMedan dei fleste kosar seg med smakfull mat og godt selskap, kan ein observera ein svært energisk person i løa som steller og styrer.– Flott at du kjem, seier Anny Gjøvåg hjartevarmt medan ho kostar litt. Ho har hatt det travelt før arrangementet, mellom anna med kakebakst og pynting, men tar like fullt imot gjestanemed sprudlande humør.– Det er kjekt å sjå at det kjem så mykje folk, smiler ho.Nok ein gong har ho stått på for å laga eit koseleg treffpunkt der alle er velkomne. Dette er noko ho trivst godt med.– Det er gjevande for meg å halda på med dette. Eg likar å omgåast folk, seier ho, før ho rosar både gudstenesta til Marit og dei musikalske innslaga til Einar og Martha.

Sverre Frugå[email protected]

HYGGJELEG STEMNING: Mange blei igjen etter gudstenesta for å ta ein koseleg prat over kaffien.

VELLUKKA GUDSTENESTE: Marit I. Espedalen (t.v.) var godt nøgd med arrangementet. Einar Frøyseth og Martha Aasheim henta fram stemningsfulle låtar frå registeret sitt.

JOVIAL GJENG: F.v. Rune Kroken, Aasta Tufteland Kroken, Lillian Brun Heldal og Bertil Heldal.

I samband med Prosten i Sunnhordland si nyårsmot-taking, vart Frivilligprisen i Sunnhordland prosti for 2014 delt ut til Trygve Totland. Dette er tolvte året denne prisen vert delt ut til frivillige medarbeidarar for trufast, kreativ og nyskapande teneste.

Mali Smemo Hjemdal, leiar i Prostirådet, gjorde greie for Prostirådet si grunngjeving for tildelinga. Ho sa m.a:

Prisvinner i 2014 er en person med sjelden omfattende og trofast tjeneste over mange år.Vedkommende har en svært lang CV over variert frivillig tjeneste fra midt på 70 – tallet og er fortsatt svært aktiv både innen bedehus, kirke og institusjoner.Prostirådet vil spesielt trekke frem- arbeid for barn og ungdom - varierte tjenester innen sang og musikk- leder ved mange ulike møter og tilstelninger- andaktsholder- frivillig medarbeider i mange lag og organisasjoner - omfattende styre- og rådsarbeid

I tillegg har prisvinneren lang erfaring fra politisk virk-somhet i utvalg, kommunestyre og formannskap. Prisvinneren viser stå-på-vilje og engasjement og blir omtalt som et sjeldent ja – menneske.

Det var representanter fra Bømlo menighet som kom med forslaget til prisvinner.

Prisen er eit diplom laga av Per Flatøy og eit bilete, i år laga av Magne Kjellesvik.

Prostirådsleiaren bad biskop Halvor Nordhaug og Odd Harald Hovland, ordførar på Bømlo ta del i utdelinga, dei fekk og koma med helsing. Tildelinga av frivilligprisen kom tydeleg overraskande på prisvinnaren, han takka og kom med helsing.

På mottakinga var det mange som gledde seg over til-delinga og ville gratulere prisvinnaren, og slekt og vener som var komen til mottakinga utan at prisvinnaren visste det.

Trygve Totland fekk Frivilligprisen

Frivilligprisen frå Sunnhordland prosti gjekk i år til Trygve Totland frå Bømlo, for hans mangeårige innsats i lokalpolitikk, kyrkje og bedehus. Ikkje minst ungdomsarbeidet vart fram-heva. På biletet f.v. biskop Halvor Nordhaug, Trygve Totland, ordførar i Bømlo Odd Harald Hovland og prostirådsleiar Mali Smemo Hjemdal. Frivilligprisen blir i år markert med eit tre-snitt av Magne Kjellesvik, og som i vel ti år no, sidan 2003, eit diplom laga av Per Flatøy.

Foto

: Mag

ne F

itjar

Page 9: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

9Jula 2015fra fjord og fjære

BømloBremnes: Berit Marianne Hallaråker - leiarOdd Kåre Sakseid – nestleiarLene Fylkesnes NesseJarle HavnPer NygårdAnne Berit Thorset Hope Marie HabbestadAnne Lie SteinsbøVaramedlemer:1. John Olav Habbestad2. Leif Røyrøy3. Iren Torget4. Solveig Ingebjørg Habbestad5. Åsmund HåvikPrest: Asbjørn Gundersen

Bømlo:Solfrid Kjellaug Lønning – leiarMargrethe J. Eide – nestleiarOlga Ingjerd KårbøOdd Ingvar NilssenLauritz EidesvikTrygve Sveinung TotlandVaramedlemer:1. Bertha Marie Eidesvik2. Elin Vold3. Dagnor Engenes4. Laila BaugePrest: Roald Drønen

Lykling: Torunn Tveita – leiarRoald Magne Stautland – nestleiarSissel Steinsland GåslandElisabeth Diane H. BjørnevikMargunn ErslandLeif-Steinar Sakseide Varamedlemer:1. Hildegunn Sortland Våge2. Alfhild Olaug HestenesPrest: Roald Drønen

Moster: Elin Taranger - leiarGunnvald Bjotveit - nestleiarMona Ingvaldsen HodnePer Harald GjerdeRune SivertsenInger Marie GjerdeVaramedlemer:1. Sigurd Totland2. Magnhild Nøstbakken3. Berit Landmark4. Bente Røyrvik5. Roy Steve FimlandPrest: Aksel Lygre

EtneEtne:Karl Arnold Solheim - leiarLiv Sørheim - nestleiarJørgen HoplandReidun Vae HolmenGrethe TesdalAnne Jorunn LindevikAstrid Ø HarboeSolgun Dalseid VaaVaramedlemer:1. Grethe Haaland Hjelmtveit2. Knut Ole Matre3. Einar Kasper Sævareid4. Tore Einar Harboe5. Tanja Therese H WilandPrest: Per Hjemdal

Skånevik:Eli Synnøve S. Garvik - leiarIngebjørg Rullestad - nestleiarReidar LeknesJostein LygreInger Mari MelkeraaenSilje Malene GarvikVaramedlemer:1. Siri Elisabeth Eikemo2. Magny Lygre3. Torleif Bjerkreim4. Ragnvald Larsen5. Ågoth WinterthunPrest: Stein Ove Skadal

FitjarFitjar: Helga Olsen Aadland – leiarSigrid Marie Fangel - nestleiarSindre AarbøGunnvald AarbøRasmus FitjarTerje HavroMette Elisabeth LambachBodil NesseVaramedlemer:1. Peder Rygg Drønen2. Arne Prestbø3. Solbjørg Larsen Tverderøy4. Tove Helen Løland Aarskog5. Aase Rygg NøttveitPrest: Olav Johannes Oma

KvinnheradFjelberg og Eid:Heidi E. Thomassen Sjo - leiar Olav Svalland - nestleiar Mette Eide HvidevoldAud Dale LandaJohannes SolheimVaramedlemer: 1. Karianne Bjørnstad 2. Anne Berit Øvrevik3. Ester Cecilie Isdal4. Trond Vegard Strand Prest: Jan Ove Totland

Husnes og Holmedal:Torstein Aarthun - leiar Ståle Schille- nestleiarEinar Oppedal Kjersti LøsethMarit Alfarnes BergsethCort HoltermannHilde Karin Egset TeigenÅse Gjerde RøsslandVaramedlemer:1. Kari Marie Thorkildsen2. Laila E. Bjelland Broks3. Kristi M. Stråbø4. Leiv Håkon Kaldestad 5. Selma Andrea YnnesdalPrest: Reidar Ådnanes. (Jørgen Knudsen til Ådnanes tek til.)

Uskedal:Svanhild Haugland - leiarMøyfrid Petra E. Kristoffersen - nestleiarThor Inge DøsslandSigmund MyklebustKristian BringedalOve Magne MyhreVaramedlemer:1. Eli Roseth Eik2. Hans Reidar Kjærland 3. Kåre Magnus Rød4. Kjell Yri 5. Inger Lise Voll Prest: Lina Håland

Åkra:Oddrun Berge - leiarÅse Farestveit - nestleiarErik Johan FurdalMagnhild S. Eide FurdalVaramedlemer:1. Gunnbjørg Vågen2. Lars Emil Berge3. Sunniva Brekke4. Gunnhild V. Jegteberg5. Bodil Hjøllo Solheim Prest : Kjetil Kringlebotten

Kvinnherad: Ann Merethe Jakobsen - leiar Solfrid H. Siqveland - nestleiarLars Johan NæsBjørg Tveitnes WaageIngo BewerSvein HjelmelandGunn Berit S. FosseArne M. Guddal HusbyVaramedlemer:1. Liv Signe Ulvestadbakken2. Helga Fossheim3. Eldrid H. Molland4. Ester Falk5. Linda Sundal UtnePrest: Kjetil Kringlebotten

Ænes:Aud Irene Flatebø - leiarSunniva Tveito - nestleiarGunnhild EnæsOlav Nerhus HattebergEndre ØyreHildur KrokaVaramedlemer:1. Gunnar Enæs2. Tørres Jarle Aarsand3. Bjørg Unni Bondhus4. Solveig M. Fredheim5. Kari Huse AarsandPrest: Kjetil Kringlebotten

Hatlestrand: Linda Raa Alvheim - leiar Lillian Eikeland - nestleiarTone Boland JohansenKarin Rabben VangdalAnne Britt HovlandOlaug Marie HjortåsVaramedlemer:1. Dagny I. Berge Ljostveit2. Jarle Jacobsen3. Alice Tuften4. Ole Bjørn Stokke5. Olav StølenPrest: Kjetil Kringlebotten

Ølve: Grethe Marian Revne - leiarHenrik Sverre Barthel - nestleiarGrethe LjostveitKjell Ingemar SundfjordNorun H.T. TeigenAirin Helen ZimmerVaramedlemer:1. Marit Synnøve B Lyhammer2. Åshild Malkenes Revne3. Veronica K. Hellestveit4. Inger Lise-Hammerhaug5. Kari Kristin LjostveitPrest: Kjetil Kringlebotten

Varaldsøy: Ann Kristin Næss - leiar Torbjørg Øye - nestleiarHaktor P. AakreKjell LutroRandi HaukenesMarianne Skjelnes Varamedlemer:1. Bodil Våge2. Henny Svindland Skjelnes3. Hans Gerhard Gjuvsland4. Olga Helene AskPrest: Kjetil Kringlebotten

Stord

Stord:Åsa Rygg - leiarAnders Grov Nilsen - nestleiarKjellaug Stautland EideNils Dale EldeAnne Brandvik NilsenJakob SaghaugDaniel Kjellevold SteinslandLiv Jorunn AlvsåkerVaramedlemer: 1. Gerny Fredrikke Gandrud2. Jostein Grimsbø3. Elfrid Johanne Kartveit4. Oddlin Dagmar Stave Aadland5. Målfrid LønningPrest: Eirik Aadland Tappel

Nysæter:Hildegunn Sæbø Heimro - leiarMarit Stalheim Grimstad - nestleiarLovise Sæbø HeimroLars Heine KaldefossOdd NaustdalHelga Thorsen StautlandOddbjørg Kringlebotten LøklingElisabeth Vatland FauskangerVaramedlemer:1. Reidun Alma Hagenes2. Tove Volden Nygård3. Mats-Mikal Nordhaug Langøy4. Solveig Frida Færevaag Nome5. Ingebjørg Råheim GrønsdalPrest: Arnt Johan Vistnes

SveioSveio: Bent Rune Sinnes, leiarRagnhild Elise Lysen, nestleiarOlav HaugenHildur LarsenHaldis J. Økland LierRunar LarsenAnne VierdalLeiv RossehaugVaramedlemer: 1. Tone B. Steinsvåg2. Elise De Winter3. Anne Gunn Bjørnevik4. Else Berit Bøe5. Tor Ingolf HunsbedtPrest: Gisle Sørhus

Valestrand og Førde:Tor Helge Hardeland, leiarAstrid Farestveit Gane, nestleiarEirik S. EriksenAlice K. EnerstvedtMartin StrømøyOtto Inge MolværMonica Nyland JacobsenMonica SakkestadVaramedlemer:1. Hans Petter Storesund2. Marit Annlaug Stokkenes3. Ragnhild Elise Sæverhagen4. Bente Natvik StoresundPrest: Arild Steinsland

TysnesOnarheim: Grethe Barmen - leiarLeiv Magne Hovland - nestleiar Magne Storesætre Åshild MatreAnders Hundeide MagnussenÅshild Langeland Varamedlemmer:1. Kjell Arild Lien2. Anne Britt Onarheim3. Bjørg Haukanes Meland4. Elin Meland5. Oddvar Helland6. Astrid BakkanePrest: Marit Isaksen Espedalen

Tysnes:Arne Leite - leiar Åse Enes - nestleiar Helga Kristine Haaland Johanne DallandGuro Fjeldet Lunde Arvid Økland Varamedlemer:1. Olav Teigland2. Magne Hauge Skartveit3. Ragnhild Elisabeth Haaland Malkenes 4. Inger Teigland 5. Birgit Nødland Austvik6. Natalija BergPrest: Marit Isaksen Espedalen

Uggdal og Reksteren:Erna Amanda Bergliot Drange - leiar Endre O. Epland - nestleiarAnnlaug Tvedt FlornesKari Elin BrandtElisabeth SandvenTine-Sofie StenslandVaramedlemer:1. Jan Økland2. Harald Selmer Gjøvåg 3. Helge Hauge Prest: Marit Isaksen Espedalen

Nye sokneråd i Sunnhordland prostiI september var det val til sokneråd. I Sunnhordland prosti er det 23 sokn. Sokneråda har eit stort ansvar og viktige oppgåver i vår kyrkje. Medlemene av sokneråda har vore på kurs og dei har konstituert seg. Her kjem ein oversikt over medlemene og vara-medlemene i sokneråda. Vi har tatt med kven som er nestleiar og leiar, for leiarane er det og med eit bilete. I kvart sokneråd er det ein sokneprest, namna på sokneprestane er og med.

Page 10: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

10 Jula 2015 fra fjord og fjære

I 2014 hadde ein i Sunnhordland prosti dette fokus: «Saman i kyrkja i tenlege lokale.» I Sveio har ein arbeidd med ideen om nytt sokne-hus sidan bispevisitasen ved biskop Halvor Nordhaug i 2010. I tillegg til teikningar ved arkitekt Thomas Brekke, Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke, har ein arbeidd med å skaffa økonomi – ikkje minst ved å etablera gjen-bruksbutikk i 2014.

Det er no sendt ut nabovarsel for soknehuset og byggemelding vil fylgja deretter. Ein vil innhenta tilbod på hovudentreprise for bygget i løpet av desember.

Sveio kommune er bedne om å kjøpa om lag 30 prosent i huset som skal husa kommunale oppgå-ver i samband med drifta av kyrkja. Dei kommunale oppgåvene er rei-skapsbod og kapell med kjølerom til gravplassen og kontor til kyrkja sine medarbeidarar.

Resten av huset blir finansiert gjen-nom innsamla eigenkapital, gåver, gjevarteneste og ved inntekter frå sal i Gjenbruksløa i Førde. Planane no er byggjestart til våren under føresetnad av at kommunen går inn med garantiar for kjøp av sin del i det ferdigstilte soknehuset. Dette kjem truleg opp til politisk behandling i Sveio kommunestyre i starten av 2016.

Det nye soknehuset vert plassert ved Sveio kyrkje og skal i tillegg til kommunale oppgåver husa rom for ungdomsarbeid og møteverk-semd av ulik art. Sveio bedehus blir ein del av soknehuset og skal bruka huset til sine aktivitetar. Salane i huset kan og leigast til dåps- og konfirmasjonsfestar, min-nesamvær og andre samkomer.

Arild Steinsland

Kyrkjeklokkene er viktigeI si helsing peika prosten på kva for viktige funksjonar kyrkjeklokkene har. Dei skal- Forkynna Guds ære- Samla oss til gudsteneste- Kalla oss til takk og bøn- Minna oss om vårt evige mål hos Gud Klokketårnet og kyrkjeklokkene vart vigsla, innvia og helga ved Guds ord og bøn.

Helsing frå biskopenPå kyrkjekaffien vart dei firma som har utført arbeidet med klokke-tårne – Byggmeisterfirma Haakull & Ersland og Ølen betong – takka, og dei som har utført viktig dug-nadsarbeid med graving og heller. Biskopen skal godkjenna kyrkje-klokker og tårn. Prosten kunne melde at biskopen godkjenner, men formelt brev låg ikkje føre til vigslinga. Biskop Halvor Nordhaug helste kyrkjelyden slik: «De kan gå sju gonger rundt tårnet og blesa i horn. Dersom tårnet blir ståande, er det godkjent.»

Nytt kyrkjekontorUnder kyrkjekaffien hadde ein og fokus på det nye flotte kyrkje-kontoret i underetasjen i Enge bedehus. Prosten skrytte av det arbeidet som er gjort og kyrkje-verje Aud Jorunn Baustad heldt ein fin tala der ho på vegne av Etne kyrkjelege fellesråd takka for kon-tora og overrekte blomehelsing til leiaren for dugnadsgjengen, Kjetil Flokketvedt.

Fredag 6. november blei ein viktig milepæl for det nye sokne-huset nådd - sameiget Sveio soknehus vart formelt stifta ved at soknerådsleiarane i Valestrand og Førde sokn og Sveio sokn underteikna stiftingspapira. Dei to sokna blir eigarane av det nye soknehuset.

2. sundag i advent var ei nær fullsett Etne kyrkje med på vigsling av kyrkjeklokker og klokketårn. Det var prost Svein Arne Theodorsen som stod for vigslinga.

Fleire steg nærare byggjestart for nytt soknehus i Sveio

Vigsling av klokketårn og kyrkjeklokker i Etne

Illustrasjon: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke

Frå venstre: Bent Rune Sinnes, soknerådsleiar i Sveio sokn, Tor Helge Hardeland, sokneråds-leiar i Valestrand og Førde sokn og Per-Bjørn Habbestad, leiar i Sveio soknehus

Foto: Per Hjemdal

Page 11: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

11Jula 2015fra fjord og fjære

Bømlo: 23.12 Bømlo kl. 12.30 Bremnes 14.00

Julaftan Lykling kl.14.30Espevær 14.30 Moster 14.30, 16.00Bremnes 15.00, 16.15Bømlo 16.00

1. JuledagMoster kl. 12.00Lykling 11.00

2. Juledag Bremnes kl. 11.00 Bømlo kl. 11.00

28.12 Bremnes kl. 20.00 Romjulsgospel med Bømlo Gospel

31.12 Moster kl. 23.00

Nyårsdag Bremnes kl. 12.00

Etne:4. søndag i advent Grindheim kl. 11.00

Julaftan Frette kl. 13.00 Fjæra 13.30Etne 14.30, 16.00Skånevik 16.00

1. Juledag Stødle kl. 12.00Skånevik 12.00

Romjulssøndag Etne kl. 19.00

Nyårsaftan Skånevik kl. 17.00

Nyårsdag Stødle kl. 12.00

Fitjar:Julaftan Fitjar kl. 14.30, 16.00

1. Juledag Fitjar kl. 12.00

2. Juledag Øvrebygda bedehus kl. 11.00

Nyårsdag Fitjar kl. 12.00

Fjelberg og Eid:Julaftan Halsnøytunet kl. 12.00 Fjelberg 14.00Eid 14.30, 16.00

1. Juledag Eid kl. 12.00

Nyårsaftan Eid kl. 16.00

Husnes:Julaftan Husnes kl. 15.00, 16.15 Holmedal 15.00Valen 16.00

1. Juledag Husnes kl. 12.00

2. Juledag Holmedal kl. 11.00

Nyårsaftan Valen kl. 16.00

Nyårsdag Husnes kl. 12.00

Uskedal:Julaftan Uskedal kl. 14.00

Kvinnherad: Julaftan Rosendalstunet kl. 11.00Åkra 13.30

Hatlestrand 13.30Ølve 14.45Kvinnherad 16.00 Varaldsøy 16.00Ænes 16.00

1. Juledag Kvinnherad kl. 11.00 Ølve 15.00

2. Juledag Varaldsøy kl. 11.00

Nyårsaftan Minnegudstenester Ølve kl. 13.00Kvinnherad 16.00

Stord:4. søndag i adventStord kl. 11.00Nysæter 11.00

Julaftan Stord kl. 13.30, 14.45, 16.15Huglo 14.45Nysæter 14.30, 16.00

1. Juledag Stord kl. 12.00Nysæter 12.00

2. Juledag Stord kl. 11.00

27.12 Minnegudstenester Stord kl. 11.00Nysæter 19.00

Nyårsaftan Stord kl. 23.15

Nyårsdag Nysæter kl. 12.00Huglo 11.00

Sveio:Julaftan Sveio Omsorgssenter kl. 11.00Valestrand 14.30Førde 15.30, Eikeland 16.30Sveio 14.30, 16.00

1. Juledag Sveio kl. 12.00

Nyårsaftan Sveio kl. 23.15

Nyårsdag Valen kl. 18.00

Tysnes: 4. søndag i advent Tysnes Sjukeheim kl. 11.00

Julaftan Reksteren kl. 14.00 Onarheim 14.00Uggdal 16.00Tysnes 16.00

1. Juledag Tysnes kl. 12.00

Nyårsdag Onarheim kl. 11.00

I desember er det tid for julekonserter av ymse slag i kyrkjene våre. I Uskedal kyrkje fekk ei full-sett kyrkje ei «formidabel oppleving» slik ein av tilhøyrarane ordla seg.

Gospelkoret Abraham frå Sandnes gledde mange i Kvinnherad med sin flotte song då dei var her i august i fjor i samband med at Lina Håland vart ordinert til prest av biskop Halvor Nordhaug. Lina Håland er sokneprest i Uskedalen, no hadde ho og soknerådet invitert koret til å ha konsert i kyrkja. Det vart ei heilt spesiell stund. Koret formidla song og musikk på eit høgt nivå. Mange vart imponert og gledde seg over det dei fekk oppleva.

Koret har som mål å skapa musikalsk glede for både medlemer og tilhøyrarar. Det målet vart til fulle nådd i Uskedal kyrkje. Koret sprudla og synte stort engasjement i det dei gav vidare. Her var mange høgdepunkt i flotte harmoniar med kor, duett og fleire solistar, mellom anna ein sterk versjon av «The Prayer» framført av Eirik Normann og June Katrine Kolnes. Mange gledde seg særleg over å høyra deira eigen sokneprest Lina i eit flott solistinnslag.

Gudstenester i Sunnhordland prosti i jul og nyttår 2015 Velkomen til kyrkje jule- og nyårshelg. Julaftan er det i Sunnhordland prosti 46 gudstenester, det er ny rekord!

Gospelkonsert i Uskedal kyrkje

Foto: Mari Mehl, Grenda

Gospelkoret Abraham sprudla og synte stort engasjement i det dei gav vidare under konserten i Uskedal kyrkje.

Lykling kyrkje

Kvinnherad kyrkjeFoto: Gunnar Langeland

Page 12: fra fjord og fjære - kyrkja-stord.no · fyrvaktaren saman med sin familie. Eit år var det mykje uvær i desember. Det såg ikkje ut til at dei fekk koma seg til land for å skaffa

12 Jula 2015 fra fjord og fjære

Siri Klokkerstuen er nyvalt ordførar i Etne. Ho har lang politisk erfaring både i Etne kommune og i fylkestinget i Hordaland. Ho har og vore varaord-førar i Etne i to periodar: 2003 - 2007 og 2011 – 2015.

Siri er utdanna lærar, ho gjekk musikklinja på Lærarhøgskulen på Landås i Bergen frå 1980 – 1983 og har vore lærar i 32 år.

Siri svara kjapt ja då ho vart spurt om å dela minne og erfaringar rundt jule-feiringa i «Fra Fjord og Fjære». Ho tok bladet sin utsendte varmt i mot med smil, kaffi og rund kake.

JuleminneEg vaks opp i eit fleirgenerasjons hus frå 1700 – talet på Rygg i Etne. Mamma og pappa, søskena mine og eg budde i lag med farmor. Det var farmor som laga til jul, mest heilt til hennar siste dag. I farmor si spisestove var me samla, alltid sju til bords. Det var oss fem, farmor og ei tante som kom på besøk frå Oslo. Dette var familien vår, me hadde ikkje meir familie her. Eg hadde høge forventningar til julaftan, for meg var det felles bordsetet viktigast. Eg minnest at bordet var så fint pynta. Den nystrokne duken, det kjende serviset, det fine dekketøyet – alt var på plass, og det var så fint. Det lukta så godt, det lukta jul. Best var den gode eimen av pinnekjøt. Julemenyen stod ikkje til diskusjon, den var fast og tradisjonell. Alt skulle vere likt frå år til år, tra-disjonane tok me vare på. Me song for maten og me leste juleevangeliet. Og julematen smakte ekstra godt, berre betre og betre for kvart år.

Etter det fine og gode bordsetet med familien var det tid for oppvask. Far var humoristisk, kvart år kom same meldinga etter middagen: det var lenge til dei skulle opna pakkane, fyrst måtte dei vaske opp og kan hende kvile litt etter det.Når eg ser tilbake, så vart mest presangane ein parentes. Eg har ingen heilt spesielle minner knytt til julegåver, men det var kjekt med pak-kane – og her følgde me dei kjende tradisjonane.

Til mine gode minner frå julaftan høyrer gong rundt juletreet. Me som var så få måtte ha med oss bamsar og dokker for å få heil ring rundt treet. Så song me julesongane, mamma kom frå ein musikalsk familie, det var kjekt å vere i lag om dette og.

Siri understrekar at for henne er minna frå julaftan som barn gode, ho seier: «Det var veldig koselig.»

KyrkjegongSiri Klokkerstuen fortel at dei gjekk i kyrkja på høgtidsgudstenesta juledagen. «For meg er kyrkja Stødle kyrkje, denne vakre historiske kyrkja på høgda med god utsikt over Etne-bygda. Eg minnest julegudstenestene med sokneprest Olav Øystese med glede. I kyrkja fekk me og synga dei fine julesongane. I mange år hadde eg gleda av å vere med å spela på jule-gudstenesta.»

Siri har god og lang erfaring med å spela i korps, fyrst kornett i skulekorpset og så alt-saksofon i musikklaget. Ho gjekk musikklinja ved Lunde-haugen vidaregåande skule i Sandnes.

Julemusikk og julesongar«Julesongane er viktige,» seier Siri. «Dei har eg vokse opp med, det er eg takksam for, kjende og kjære tonar og tekstar. Eg saknar å ikkje vere på skulen i advent og juletida. På skulen lever dei med i årshjulet, får med seg dei ulike tradi-sjonane, syng dei songane som høyrer med. Eg tenker at skulen har ei særs viktig oppgåve som kulturberar.»

Jul i heimen i dagSiri seier at ho elskar jul. Ho omtalar seg som ei ambisiøs mor og husmor, ho gled seg over å kunne stella til jul i heimen. Dei bur på same staden som Siri budde som barn, dei har bygd eige hus der. Her tek dei vare på tradisjonane. «Våre tre barn har feira jul mest på same måten som eg. Det er den nære familien som samlast julekvelden. Me feirar jul i lag med søstera mi og hennar familie, anten hos oss eller systera mi.»

Barn og barnebarnI år gled eg meg særleg til å feira jul i lag med to barnebarn, kanskje dette vert det mest spen-nande på julaftan? Me har to barn som studerer i Bergen, eg kjenner at eg gled meg til at dei skal koma heim. I familien har me stor glede av kvarandre. Det er godt for meg at studentane gled seg til å koma heim.

Familie med matkulturFor oss er det faste, gode tradisjonar knytt til mat. Innfor julehøgtida gjer vi mykje forskjellig, i vår familie er me på høggir med tradisjonsmat. Eg er glad i å laga mat, saltmat er prioritert. Sild høyrer med, sursild lagar eg. Lutefisk er me ekstremt gode på takka vera mannen min som fiskar ferdatorsken sjølv i Åkra-fjorden, turkar og lutar i desse dagar. Eg er gift med ein som har lyfta opp sine mattradisjonar. Røykefisk, sylteflesk og rull høyrer med. Smalahove er og blitt tradisjon om hausten. Framleis er det pinne-kjøt på julaftan. Det må vera frå Åkrafjorden. Godt og tradisjonsrikt i vår familie.

Kyrkjegarden«Julaftan pyntar me på gravene, det er og tradisjon, og dette er viktig for oss i vår familie.» Pynten er heime-laga. Siri fortel at ho likar å laga kransar og dekorasjonar, ho

trivast som blomsterdekoratør. Her er det og mange tradisjonar, det er så mange sider ved jula. Ho funderer over om nokon av dei som har kome til Etne med andre kulturelle og religiøse tradisjonar kunne ha lyst til å læra litt om kransar og juledekorasjonar. Ser vi konturane av eit spennande prosjekt med Siri som engasjert lærar og kulturformidlar?

Eit godt fellesskap i julaVi ser og høyrer at Siri Klokkerstuen gled seg til julefeiringa. Ho verdset dei gode tradisjonane rundt jul i heimen og har eit håp om at dei igjen skal få oppleva eit godt fellesskap i familien i jula. Samtidig tenkjer ho på dei som kan hende ikkje gled seg til jul. I ettertanke seier ho at ho kjennar at dei som familie er ekstremt heldige, trygge heimar med rikeleg høve til å feira familiejul med kjende, gode tradisjonar.

«Kan me klara å inkludera andre i vår julefei-ring?» Siri vert ettertenksam. «Det skulle eg ynskja at me kunne,» seier ho.

Ho har eit stort ynskje om at alle må få oppleva gode, trygge, varme, inkluderande fellesskap – spesielt i jula.

Den nye ordføraren i Etne helser god jul til alle lesarane av det tradisjonsrike julebladet «Fra Fjord og Fjære.»

Julefeiring