foto: dag smemo konfirmant - kyrkja-stord.no · monica ugulsvik barnehageassistent skjold 26 år...

8
Kyrkjeblad for Sunnhordland - Nr. 2 - 2011 For så elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh. 3.16 Sommarfest i prestegardshagen Side 7 Dei kjem dinglande, ein og ein eller kanskje to og tre, til bedehuset på Enge. Klokka drar seg mot seks, presten har rigga seg til, og konfirmantane har fått sin sms som har mint dei på det: I kveld er det konfirmantførebuing igjen! Og det er greitt. Sjølv om dei ikkje veit kva for tema presten vil snakke om denne gongen, skal dei alltids tåle å sitte der og høyre, ta del i samtalen – om dei har noko å sei – og ta utfordringane, oppgåvene som oftast pleier komme, på strak arm. Og dei veit også: Dei vil få noko å ete, hittil har det mest vært godt. Får satse på at det er godt i kveld og. Vel inne har presten denne gong rigga til sofaer i halvboge, med ein stor tv plassert nesten som eit alter midt i bogen. Det er ei ordning dei kjenner til frå heimen, for slik innreier visst dei fleste av oss stovene nå. Og presten seier velkommen og les namna, men treng visst ikkje fortelje kva tema dei har føre seg. Så fort han klikkar på pc´en, kjem ein film med tydeleg tittel: BØN. Ok. Og sidan går det jamt. Presten har mange ord han skal ha sagt, men av og til er han stille og lar konfirmantane komme til orde. Det handlar om magiske ord og kvifor Gud ikkje lar seg fange liksom anden i flaska, om kvifor vi må be når Gud likevel veit alt allereie, om det å gje rom for erfaringane av Gud tilstades i våre liv, om bønesvar berre er flaks og tilfelle, om bøn som nødhjelp eller prat mellom vener – jo, det blir ein del ord frå denne presten. Eit nytt filmklipp for å vinkle tema frå ein annan side, og så er det måltid. Kveldsmat, det er eit høgdepunkt. Ein gong har det vært grandis, det er berre som forventa. Ein gong var det hotdog. Oftast er det vanleg kvelds, med rundstykke og pålegg, juice og varm te. Lys på bordet og bordvers høyrer med. Og praten går. Nesten ein halvtime sit konfirmantane saman og et og skravler og leikar med mobilane. Presten er med i samtala sånn som det passer, men dei har visst nok å snakke om utan han også! Så må konfirmantane få luft mens det blir rydda opp etter maten, før siste økta med undervisning. Bøn med faste ord – dei høyrer heavy- metal-versjonen av Fadervår og snakkar litt om kva den bøna tyder, kvifor det er ei god bøn å be. Så går snart tre timar. Nokre av konfirmantane er tunge i hovudet, andre vil heim fordi dei stadig har leksar som dei ikkje har gjort. Det blir ein sein kveld, då. Men ikkje får dei gå før eit lys er tent, ein song om bøn er spilt for ettertanke, og presten har bedt både for dei og dei der heime. Men så – vel heim – og i farta er dei! Per Hjemdal Konfirmant Birgitte vert gratulert, medan Jenny, Hanne og Ida berre venter på at kyrkjeklokkene skal begynne å ringe . Foto: Dag Smemo Dette Helg og Yrke er eit særskilt nummer tileigna kyrkjevalet 2011. Les kven du kan stemma på! Side 3 - 6 Maritim gudsteneste i Sagvåg Side 6 Gudstenester i sommar Side 8

Upload: others

Post on 21-Jul-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

Kyrkjeblad for Sunnhordland - Nr. 2 - 2011

For så elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh. 3.16

Sommarfest i prestegardshagen

Side 7

Dei kjem dinglande, ein og ein eller kanskje to og tre, til bedehuset på Enge. Klokka drar seg mot seks, presten har rigga seg til, og konfirmantane har fått sin sms som har mint dei på det: I kveld er det konfirmantførebuing igjen!

Og det er greitt. Sjølv om dei ikkje veit kva for tema presten vil snakke om denne gongen, skal dei alltids tåle å sitte der og høyre, ta del i samtalen – om dei har noko å sei – og ta utfordringane, oppgåvene som oftast pleier komme, på strak arm. Og dei veit også: Dei vil få noko å ete, hittil har det mest vært godt. Får satse på at det er godt i kveld og. Vel inne har presten denne gong rigga til sofaer i halvboge, med ein stor tv plassert nesten som eit alter midt i bogen. Det er ei ordning dei kjenner til frå heimen, for slik innreier visst dei fleste av oss stovene nå. Og presten seier velkommen og les namna, men treng visst ikkje fortelje kva tema dei har føre seg. Så fort han klikkar på pc´en, kjem ein film med tydeleg tittel: BØN. Ok.Og sidan går det jamt. Presten har mange ord han skal ha sagt, men av og til er han stille og lar konfirmantane komme til orde. Det handlar om magiske ord og kvifor Gud ikkje lar seg fange liksom anden i flaska, om kvifor

vi må be når Gud likevel veit alt allereie, om det å gje rom for erfaringane av Gud tilstades i våre liv, om bønesvar berre er flaks og tilfelle, om bøn som nødhjelp eller prat mellom vener – jo, det blir ein del ord frå denne presten. Eit nytt filmklipp for å vinkle tema frå ein annan side, og så er det måltid. Kveldsmat, det er eit høgdepunkt. Ein gong har det vært grandis, det er berre som forventa. Ein gong var det hotdog. Oftast er det vanleg kvelds, med rundstykke og pålegg, juice og varm te. Lys på bordet og bordvers høyrer med. Og praten går.Nesten ein halvtime sit konfirmantane saman og et og skravler og leikar med mobilane. Presten er med i samtala sånn som det passer, men dei har visst nok å snakke om utan han også! Så må konfirmantane få luft mens det blir rydda opp etter maten, før siste økta med undervisning. Bøn med faste ord – dei høyrer heavy-metal-versjonen av Fadervår og snakkar litt om kva den bøna tyder, kvifor det er ei god bøn å be. Så går snart tre timar. Nokre av konfirmantane er tunge i hovudet, andre vil heim fordi dei stadig har leksar som dei ikkje har gjort. Det blir ein sein kveld, då. Men ikkje får dei gå før eit lys er tent, ein song om bøn er spilt for ettertanke, og presten har bedt både for dei og dei der heime. Men så – vel heim – og i farta er dei!

Per Hjemdal

KonfirmantBirgitte vert gratulert, medan Jenny, Hanne og Ida berre venter på at kyrkjeklokkene skal begynne å ringe .

Foto: Dag Smemo

Dette Helg og Yrke er eit særskilt nummer tileigna kyrkjevalet 2011. Les kven du kan stemma på!

Side 3 - 6

Maritim gudsteneste i Sagvåg

Side 6

Gudstenester i sommar

Side 8

Page 2: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

2

Kyrkjelydsbladet vert sendt til alle heimar i Sunnhordland.

Send di gåve til:HELG og YRKEv/Helge Ottesen, Eldøyvegen 1005411 StordBankgiro: 8420 05 25328

Kyrkjelydsblad for Sunnhordland

epost: [email protected]

Redaksjon:Svein Arne TheodorsenHamnegata 485411 STORDTlf. 53 40 34 [email protected]

Adresse:HELG og YRKESæverud Reklame AS5430 BremnesTlf. 53 42 70 00

Sats, lay-out:Sæverud Reklame ASStavlandsveien 135430 BremnesTrykk:Bladet Sunnhordland. StordOpplag: 22 500Neste nummer kjem i oktober.

Frist for innlevering av stoff er 20. september 2011. Minnar om høve til å gje gåver, kontonr.: 8420 05 25328

Prostehjørnet:Sidan atten hundre og…22. mai var det stor avskjedsgudsteneste i Bremnes kyrkje for sokneprest Gunnvald Bjotveit. Bjotveit har hatt ei lang og trufast teneste som sokneprest på Bømlo. I guds-tenesta hadde prosten ei helsing, han kom i skade for å gjera tenesta vel lang – til almen humring frå kyrkjelyden. Prosten ordla seg slik: ”Gunnvald Bjotveit har gjort teneste som sokne-prest på Bømlo sidan atten hundre og…”

Denne våren har mange vore opptekne av at kyrkja vår skal få gode råd. Eit stort arbeid er gjort i sokna i Sunnhordland prosti for å nominere kandidatar til val av 23 nye sokneråd. Frå vårt prosti har fleire vore med i valnemnder i bispedømet for å nominere kandidatar til val av nytt Bispedømeråd i Bjørgvin. Ein stor takk til alle som har teke del i det viktige nominasjonsarbeidet slik at kyrkja vår kan få gode råd.

Den stor valdagenMåndag 12. september er den store valdagen i år. I tillegg til kommune- og fylkestingsval, er det val både til sokneråd og til bispedømeråd. Demokratiprosessen i Den norske kyrkja inneber at kyrkjevalet gjev medlemene stor påverknad på kven som skal leia kyrkja vår i tida framover. Kyrkjevalet skal skje samtidig med dei nemnde vala og ein skal kunne røysta i nærleiken av dei offentlege vallokala. I år skal vi velje sokneråd og bispedømeråd med funksjonstid i fire år.

Kyrkja treng gode rådSokneråda og Bispedømerådet har eit stort ansvar og viktige oppgåver. I kyrkjelova les vi i § 9 at soknerådet ”skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet”, tilsvarande les vi i § 23 om bispedømerådet som ”skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i menighetene.” Med slike grunnleggjande mandat ser vi kor viktig det er at kyrkja vår får gode råd. Medlemene i Bispedømerådet er og medlemer av Kyrkjemøtet.

Kven kan røysta i kyrkjevalet?I Reglar for val av sokneråd heiter det no:”Røysterett ved valet har kvart medlem av Den norske kyrkja som bur i soknet og som seinast i det året det vert røysta vil ha fylt 15 år og ikkje er frådømt røysterett i offentlege saker.”

ValkortVel tre millionar vil har rett til å røysta 11. – 12. september. Planen er at i august vil alle røysteføre kyrkjemedlemer få tilsendt eit eige valkort med informasjon om kvar ein kan røysta og kven ein kan røysta på.

Gjev kyrkja gode råd! Dei siste åra har valoppslutnaden ved soknerådsvalet lege på vel 4 %. Ved soknerådsvalet i 2009 var det stort fokus på valdeltakinga. Slik vart røysteprosenten ved soknerådsvalet samla for sokna i kvar kommune:• Fitjar 23 %• Tysnes 22 %• Sveio 21 %• Bømlo 18 %• Etne 17 %• Kvinnherad 14 %• Stord 10 %Vi vonar at mange kyrkjemedlemer i Sunnhordland vil vere med i kyrkjevalet. Sokneråda kunngjer tid og stad for røystinga. I tillegg til å velja på valdagen, vil det og vere høve til å røysta på førehand frå 10. august.

Godt val!Svein Arne Theodorsen

Gode råd

Helsing frå prosten

Nytt om personell i Sunnhordland: Bømlo:Kyrkjelydspedagog Camilla Rubach har sagt opp si stilling frå 7. september.

Etne:Solveig Sørheim tek til som organist i 70 % stilling frå 1. juli. Astrid Askeland Johnsen går 1. august attende til 60 % stilling som kyrkjelydsarbeidar. Ho har det siste året vore kyrkjeverje.

Stord:Liv Kari Bru er tilsett i vikariat som kyrkjeverje/dagleg leiar. Reidun A. Lauksund er tilsett som førstesekretær i fast stilling frå 1. august.

Prostiet:Bispedømerådet har tilsett Roald Drønen som sokneprest i Bømlo og Lykling sokn.

Nye stillingar innan trusopplæring:Etne:Det er lyst ledig stilling som medarbeidar innan trusopplæring i inntil 60 % stilling. Søknadsfrist 30.06.11

Fitjar:Fellesrådet har tilsett Silje Farstad Fyllingen som kyrkjelydspedagog i 50 % stilling. Ho tek til etter ferien.

Stord:Barbro Høyland Andersen er tilsett i fast 70 % stilling som kyrkjelydspedagog innan trusopplæring frå 01.08.11.

Page 3: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

3

Kyrkjeval i eit historisk år for kyrkja2011 er eit godt år å arrangere kyrkjeval. Dei næraste åra skal rammene for det nye kyrkje-stat-forholdet bestemmast. Ei ny kyrkjeordning skal vedtakast, og nye liturgiar skal gjerast kjent og takast i bruk i kyrkja. Medlemane i sokneråda og i bispedømeråda styrer utviklinga av Den norske kyrkje. Det nye me har framfor oss, vil påvirke korleis kyrkja framstår både i lokalsamfunnet, på det nasjonale plan og internasjonalt.

Kandidatliste lek kirkeleg tilsett:Berit Bakke Prostileiar, Domprostiet, 48 årHans-Petter Dahl kateket Olsvik 43 årTrygve Leigland trusopplærar/kyrkjelydspedagog Jølster 25 årMerete Rein kyrkjetenar/sekretær Aurland 47 årTone Synnøve Ø. Steinkorpf kantor Vaksdal 39 årMonica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år

Kandidatliste prest:Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 årIvar Braut sokneprest Birkeland 55 årJorunn M. Johnsen sokneprest Slettebakken 61 årTrond Egill Moe kapellan Fyllingsdalen 55 årOlav Johannes Oma sokneprest Fitjar 43 årThor Asbjørn Sommerseth sokneprest Landås 56 år

Nils Dagestadgardbrukar/pensjonist, Voss, 68 år

Berit Nøst Dalehøgskolelektor, Meland, 59 år

Terje Steen Edvardsenadm. dir., Fridalen, 66 år

Eivind Elsethstudent, Fridalen,27 år

Sigbjørn Grønåsprofessor em., Os, 72 år

Terje Roald Halsneshjelpepleiar/bonde, Fjaler, 51 år

Cathrine Halstensen enhetsleder Kirkensbymisjon, 33 år

Hildur Heie pleie- og omsorgsleiar, Tysnes, 57 år

Bjarte Hetlebakkestudent, Salhus, 21 år

Ingmar Ljonespensjonist, Arna, 68 år

Egil Morland enhetsleder førstelektor høg-skule, Fjell, 61 år

Kari Synnøve Muri fysioterapeut og folkehelse-koordinator, Olden, 46 år

Inger H. T. Nordeide utviklingsleiar, Førde, 50 år

Arnt Erik Nordheimrådgjevar, Stedje, 29 år

Martha Onstein lærar, Etne, 52 år

Ruth Ingrid Skoglund førsteamanuensis, Fjell , 46 år

Aud Marie Stundal studieleiar, Kaupanger, 60 år

Julie-Ane Ødegaardkrinssekretær/stipendiat, Løvstakksiden, 28 år

Vemund Atle Øiestad overtannlege, Nordsida, 63 år

Bjørgvin bispedømme:

Kandidatliste leke medlemmer:

Page 4: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

4

Bremnes:Leikny Urang 60 årMålfrid Stautland Mæland 64 årJan Risøy 33 årKari Hellen 23 årElin Jordal Gåslandsneset 55 årOdd Kåre Sakseid Skiftesvegen 58 årBerit Marianne Hallaråker 46 årMagnar Andreas Økland Øklandsvegen 54 årLeif Røyrøy 45 årVardan Filipi Vardanyan Svortland 47 årBjarte Aartun 55 årHalfdan Endresen Søresjøvegen 48 årTedla Tamiru Guta 43 årKarl Mæland Mæland 66 år

Bømlo:Normann Larsen Løningshammaren 45 årTrygve Sveinung Totland Vorlandsvegen 60 årMålfrid Nilssen Træet 67 årAndreas Tislavoll Vorlandsvegen 29 årDagnor Engenes Hamnabrotsvegen 44 årBerit Eilertsen Eidesfjellet 48 årSvanhild M. Vespestad Øvre Hillestveit 64 årOdd Ingvar Nilssen Andalsvegen 49 årOlga Ingjerd Kårbø Andalsvegen 52 år

Lykling:Johanna Hjelland 65 år Margunn Ersland 63 årKjell Olav Thorsland 64 årGrethe Kallevåg Hidlegarden 55 årRoald Magne Stautland 53 årOlav Hauge 61 årElisabeth Diane Bjørnevik Børøyvegen 44 år

Oskar Ersland Oldereid 69 årElse Irene Lodden 51 år

Moster:Sigrun Marit Hansen 65 årLeif Magne Naustbakken Notland 59 årSolfrid Marie Pedersen 42 årEdvin Inge Aase 61 årLillian Anglevik 56 årVidar Vold 44 årIngunn Espeland 59 årElin Taranger 39 årSidsel Totland 61 årBjørg Målfrid Røksund 59 årAnne Marit Vedøy 32 årMerete Solås 36 årRandi Gjerde 71 årØyvind Hansen Hestavollen 19 år

Etne:Pål Atle Baustad Grønstad 43 årReidun I. Solberg Sande Sande 49 årAslaug Horneland Fjøsna 61 årKarl Arnold Solheim Silde 58 årAnne Holter Vae Vae 28 årKirsti Kallestadbakken Vae 51 årHarald Einar Lindevik Ljusnes 65 årTone Randi Frette Frette 37 årTone-Kristin Flokketvedt Ekrheim 35 årSigurd Stødle Stødle 65 årAstrid Landa Enge Enge 48 årEinar Kasper Sævareid Frette 65 årTore Einar Harboe Sæbøvikjo 67 år

Skånevik:Eli Synnøve S.n Garvik Skånevik 57 årMagny Lygre Skånevik 48 årPer Terje Tveiten Skånevik 59 årJohn Vidar Gundersen Fjæra 65 årSiri Elisabet Eikemo Skånevik 53 årRandi Marie Ness Haaland Skånevik 55 år Jan Eirik Jensen Tjelmeland 41 årLiv Astrid H. Hesjedal Berge 31 årAnna Eriksen Skånevik 44 årJostein Lygre Skånevik 21 år

Anne Gunvor N. Nedreskår Skånevik 42 årKnut Erik Ebne Skånevik 36 årAudny Jespersen Skånevik 72 årSolveig Elin Bokn Berge 51 år

Fitjar:Svein Aarbø Nybergvegen 46 årÅse Nøttveit Stølen 50 årWenche Helland Dåfjordeid 54 år Anne Marie Røed Fitjar 61 år Torunn Synnøve Aarskog Bakken 55 år Ellen Vestbøstad Vestbøstad 65 år Svein Olav Raunholm Raunholm 48 årNils Ingmar Hageberg Landa 60 årKarvel Atle Strømme Havnahagen 70 årLilli Ann Drønen Vik 66 år Benedicte Stephanie Meyer Grutle 52 år Vigdis Olsen Vågavegen 65 årRasmus Fitjar Havnahagen 66 år

Fjelberg og Eid: Kristin Benjaminson Boman Halsnøy f. 1981Gunn Judith Dale Halsnøy f.1954Lise Olaug Hauge Karlsen Halsnøy f.1962Jannicke Kleveland Halsnøy f.1973Karin Lygre Halsnøy f.1960Aud Irene Simonsen Arnavik f.1961Heidi Emilie T. Sjo Sæbøvik f.1957Lene Hansen Sæbø Fjelberg f.1976Gunnar Sætre Halsnøy f.1962Synneva Thormodsæter Sæbøvik f.1952Anfinn Hilde Tofte Sæbøvik f.1980Hege Mehammer Tofte Sæbøvik f.1971Oddny Helga Tofte Arnavik f.1953

Kandidatnavn sokneråda i prostiet 2011

BØMLOKOMMUNE

ETNEKOMMUNE

FITJARKOMMUNE

KVINNHERADKOMMUNE

Page 5: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

5

Husnes og Holmedal:Torstein Aarthun Eikelandsberget f. 1975Laila Eiren Bjelland Broks Rustene f. 1975Cort Holtermann Utåkervegen f. 1948Randi Kjøsnes Bringedalsvegen f. 1968Per Steinar Bjelland Solbakken f. 1960Ståle Schille Heio f. 1956Åsa Gjerde Røssland Kaldestadvegen f. 1954Kristi Melkeraaen Stråbø Sundsvikvegen f. 1953Leiv Håkon Kaldestad Prestnesvegen f. 1959Marit Alfarnes Bergseth Utåkervegen f. 1949Einar Oppedal Rustene f. 1943Anne Cathrin Handeland Ekelyvegen f. 1965Erna Solheim Bjelland Rudlen f. 1956Kjerstin Brede Teigen Porsvikvegen f. 1992

Uskedalen: Møyfrid Petra E. Kristoffersen Muslandsv. f. 1958 Tormod Olav Myklebust Kjerlandssido f. 1950Kåre Magnus Rød Uskedalsvegen f. 1941Gunnbjørg Stensletten Eik Eikevegen f. 1962Kjell Yri Geilo f. 1955Hans Reidar Kjærland Kjerlandssido f. 1957Ove Magne Myhre Uskedalsvegen f. 1952Reidar Myklebust Uskedalsvegen f. 1945Ingunn Olsen Døsslandssido f. 1950Eva Reime Ljosnes Geilo f. 1960Inger Lise May Voll Kjerlandssido f. 1955

Åkra:Oddrun Berge Åkravegen 55 årGunnhild Jegteberg Åkravegen 44 årStein Olav Ølvestveit Åkravegen 40 årAnne Lise Vågen Vågsnesvegen 57 årTrygve Øvstebø Bygdavegen 54 årErik Johan Furdal Søllesvikvegen 59 årGunnbjørg Vågen Vågsnesvegen 55 år

Kvinnherad:Terje Helleland Vikjo 55 år Åse Solbjørg Guddal Guddalsvegen 67 årLars Johan Næs Nesvegen 54 årGunn Marit Flatland Malmanger 40 årBerta Haugland Nesvegen 49 årInger Johanne Hauge Klette 36 årSolfrid Siqveland Skeishagen 31 årNora Lena Natland Neslia 41 årHelga Fossheim Guddalsvegen 56 år

Helga Marit Korsvold Kyrkjevegen 68 årBjørg Waage Skålagato 68 årAnn-Merethe Jakobsen Lundshagen 48 år

Ænes:Ingfrid Øyre 42 årSveinung Sandvik 58 årSunniva Tveito 44 årOttar Eide 36 årAnne Helen Enes 57 årAnne Grete Nerhus 61 årKjersti Bondhus 62 årKari Aarsand Kleivo 54 årPer Magne Eikenes 58 årHildur Tveitnes Kroka 56 årHelga Leikvoll 66 årRagnar Ænes Nøttveit 75 årEndre Øyre 37 årGunnar Enæs 55 årGro Mette Fredheim 52 årHatlestrand:Wenche Fagerlid Netlandsvegen 58 årKarin Vangdal Hatlestrandsvegen 52 årLiv Inger Netland Netlandsvegen 46 årMonika Netland Hjortåsvågen 43 år

Ølve:Rita Martens Meyer Storhaugvegen 69 årRagnhild Huse Dalavegen 69 årHans Berge Ølvesvegen 80 årDagny Irene Ljostveit Ølvesvegen 48 årReidar Karstein Algerøy Hatlestrandsvegen 55 årDagfrid Berge Dalavegen 54 årAirin Helene Zimmer Storhaugvegen 53 årMarit Synnøve Lyhammer Storhaugvegen 53 årEva Marie Eide Ølvesvegen 65 årTorunn Marie Lønning Ølvesvegen 51 årGrethe-Marian Revne Storhaugvegen 56 år

Varaldsøy:Hildur Karin Øvsthus 61 år Nils Johnny Skjelnes 40 årSvein Olav Kjærevik Kjærevik 65 årRobert Håvard Årvik 42 årSvale Våge 68 årTrygve Kvamme 51 årDagfinn Nedrevåge Våge 61 år

Olga Helene Ask 54 år Reidun Kjærevik 53 år

Stord:Jan Morten Haukefær Hadlabrekko f. 1979Signe Wiersen Vorland Hagatre f. 1953Janne Halvorsen Kleppe Bandadalen f. 1963Salamon Hatlevik Sponavikdalen f. 1940Kjersti Hatlevik Sandbrekko f. 1974Nils Olav Taranger Skarvane Huglo f. 1949Marit Grip Apalvegen f. 1944Harald Nes Hagalio f. 1935Kjetil Eldøy Kårevikvegen f. 1968Kjellaug Stautland Eide Rabbafossen f. 1975Jorunn Høyland Svinnshammaren f. 1965Geir Mosaker Svinnshammaren f. 1974Addy Anne F. Langeland Langelandsvegen f. 1944Åsa Rygg Lunde f. 1948Liv Tolås Vevatne Strongalio f. 1947Bjarte Gunnarson Tyselio f. 1940Anne Brandvik Nilsen Håvåsen f. 1965

Nysæter:Nils Kåre Nysæter Utslettevegen 59 årToralf Tveit Åkervikåsen 62 år Grete Røksund Myrhaug Fjellsmogehaugen 46 årHelge Johnsen Hamrane 62 år Sandra Gundersen Fløytet 18 årJørgen Luggenes Bogdehaugen 63 årHildegunn Heimro Hiljesgjerdet 39 år Lovise Heimro Hiljesgjerdet 35 årIngvild Baugstø Almås Almåsvegen 36 år Roald Sangolt Kappelen 65 år Grete Rakel Engevik Åsaheio 42 år Britt Helen Aasbø Vikanesvegen 42 år

STORDKOMMUNE

Page 6: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

6

Vel 160 menneske var samla til gudsteneste på Sagvåg kai, sundag 19. juni. I strålande ver arrangerte Nysæter sokneråd i samarbeid med Sagvaagen kystlag gudsteneste på kaien.

Orgelet var bytta ut med ein flott messingkvartett frå Sagvåg musikklag, kyrkjeklokkene var bytta ut med ei skipsklokke, som tok til å kime i det presten ankom kaien. Han vart rodd i frå Jensanes. God stemning, og lappar og kaffi etter gudstenesta.

Maritim gudsteneste i Sagvåg

Sveio:Urd Hjelmeseter Ålfjordvegen 34 årRagnhild Elise Lysen Tjernagelvegen 56 årAnne Wilhelmine Emberland Rophusvegen 34 årKristine Rossehaug Rossehaug 32 årHildur Larsen Leitevegen 49 årJorunn Karina Thorsen Slettemyrvegen 41årLeiv Rossehaug Rossehaug 58 årBent Rune Sinnes Steinhaugvegen 49 årKristi Matre Dyngjevegen 42 år

Valestrand og Førde:Hans Petter Storesund Hanabrekko 49 år Anna Kjeka Vikjo 49 årTor Helge Hardeland Øklandsvegen 53 årEva Maria F ørde Ålfjordvegen 66 årAnne Lise Rød Rødsneset 52 årInger Bente Strand Nilsen Dampskipshaugen 43 årMona Lervik Hovdavegen 41 årTone-Elisabeth Norman Ålfjordvegen 40 årAstrid Haugsgjerd Haugsgjerdvegen 70 årLars Johannes Sæverhagen Tittelsnesvegen 65 årMonica Sakkestad Øklandsvegen 28 årHilde Karin Økland Nedre Økland 59 årSigvor Johanne Jondahl Vasslivegen 64 år

Onarheim: Magne Storesætre Onarheim f.1970 Solfrid Marita Jekteberg Bakke Årbakka f. 1965 Leif Magne Hovland Onarheim f. 1952 Grethe Barmen Onarheim f. 1963 Turid Lillian P. Pollestad Årbakka f. 1949 Bjørg Haukanes Meland Onarheim f. 1953 Astrid Bakkane Onarheim f. 1954 Kjell Arild Lien Onarheim f. 1947 Renee Kristin Bondevik Årbakka f. 1977 Harry Magnar Tveit Onarheim f. 1953 Åshild Matre Årbakka f. 1964 Leif Børge Meland Årbakka f. 1944

Tysnes:Hildur Heie Tysnes f.1954 Kjell Asbjørn Auran Tysnes f.1942 Arnhild Sletteskog Lunde Lundegrend f.1956 Ingvild Aslaksen Hustad Lundegrend f.1981 Eli Karin Johnsen Lundegrend f. 1945 Per Ingold Økland Lundegrend f. 1959 Linbjørg Lunde Tysnes f.1945 Inger Teigland Tysnes f. 1955 Torbjørn Sunde Lundegrend f. 1969 Anne Margrethe Aas Malkenes Lundegrend f. 1967 Arvid Økland Tysnes f. 1953

Uggdal:Erna Drange Uggdal f. 1935 Eirik Sunde Uggdal f. 1942 Annlaug Flornes Uggdal f. 1960 Endre Epland Flatråker f. 1944 Karianne Nesse Dalland Uggdal f. 1976 Jan Økland Uggdal f. 1943 Torhild Flatråker Flatråker f. 1948 Gunnlaug Skår Flatråker f. 1943 Ingolf Kongsvik Uggdal f. 1942 Olav Kilen Uggdal f. 1959

SVEIOKOMMUNE

TYSNESKOMMUNE

Page 7: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

7

Sommarfest i prestegardshagen

Sidan dei ikkje hadde noko offisielt namn ennå, gav presten dei eit namn for anledninga, så dei iallfall for dagen blei heitande «Dei vakraste». Det passa godt!

Etterpå fortsette det gode samværet i hagen til prestegarden. Grillsjefane Leif Bjarte Halleland og Oddbjørn Sande hadde ofra det åndelege samværet for å gje kroppen føde når kyrkjelyden kom fram.

Og maten fekk bein å gå på - koteletter med tilbehør, pølse og brød - det glei ned på høgkant. Sidan var det kaffi for dei vaksne, aktivitetar for ungane, sporløp for alle, og loddtrekning kor man kunne vinne både oljeskift til bilen og ein tilhengar med sand til sandkassa, og elles mykje anna frå velvillige sponsorar i det lokale næringsliv.

Gud signa dagen med eit strålande vær, folk prata og hadde det kjekt, og presten var glad: På ti minuttar hadde velviljuge hender rydda heile hagen når festen var over! Så håper vi på like fint vær neste år.

Per Hjemdal

Gode medhjelparar for presten når vinnarar skal trekkast! Foto: Torleif Klungland

Vel 160 menneske var samla fyrste helga i juni til sommarfest for heile kyrkjelyden i Etne. Først var det gudsteneste på Enge bedehus, kor 5. klassingane fekk Bibel, og eit band beståande av ungdom frå miljøet hadde sin debut-opptreden.

Praten gjekk livlig ved borda i finvêret. Foto: Torleif Klungland

Pilegrimsgudsteneste Moster AmfiSkuleskipet Gand med 200 pilegrimar reisar i sommar kystpilegrimsleden frå Stavanger til Trondheim. Det stoppar eit døgn i Mosterhamn med mellom anna omvising på Moster Amfi – og Kyrkjehistoriske senter. Sundag vert det pilegrimsgudsteneste i Moster Amfi i lag med kyrkjelyden på Bømlo. Ved denne gudstenesta

tek kantor Jostein Molde del i lag med sokneprestane Asbjørn Gundersen og Aksel Lygre. Det vert nattverd.

Alle er hjarteleg velkomne.

Moter Amfi. Foto: Håvard Hammerstrøm

Page 8: Foto: Dag Smemo Konfirmant - kyrkja-stord.no · Monica Ugulsvik barnehageassistent Skjold 26 år Kandidatliste prest: Terje Aannerød sokneprest Fjell 45 år Ivar Braut sokneprest

Gudstenester i Sunnhordland prosti i sommar:Bømlo:26.06: Lykling kl. 11.0003.07: Bremnes kl. 11.0006.07, 13.07, 20.07 og 27.07: Bremnes Middagsbøn kl. 12.0010.07: Bømlo kl. 11.0017.07: Bremnes kl. 11.0024.07: Moster Amfi kl. 11.0029.07: Moster gamle kyrkje kl. 19.00 (Olavsdagen)31.07: Bømlo gamle kyrkje kl. 12.0007.08: Lykling kl. 11.0014.08: Bremnes kl. 11.00

Etne:26.06: Sportsandakt Varleite kl. 12.00. Grindheim kl. 19.0003.07: Stødle kl. 11.0010.07: Ikkje gudsteneste17.07: Skånevik kl. 19.0024.07: Frette kl. 11.0031.07: Friluftsgudsteneste Eikemostølen kl. 12.3007.08: Etnemarknaden kl. 11.0014.08: Grindheim kl 11.00

Fitjar: 26.06: Fitjar kl. 11.00 03.07: Fitjar kl. 11.0010.07: Fitjar kl. 11.0017.07: Fitjar kl. 11.0024.07: Fitjar kl. 11.0031.07: Fitjar kl. 11.0007.08: Fitjar kl. 11.0014.08: Fitjar kl. 11.00

Fjelberg og Eid:26.06: Eid kl. 11.0010.07: Eid kl. 11.0017.07: Fjelberg kl. 11.0024.07: Eid kl. 11.0031.07: Kaien, Borgundøy. Friluftsgudsteneste kl. 11.0014.08: Eid kl. 11.00

Husnes og Holmedal:26.06: Holmedal kl. 11.0003.07: Husnes kl. 11.0010.07: Valen kl. 19.00

17.07: Husnes kl. 11.00. Uskedalen: Friluftsgudsteneste Skorpo kl. 11.00. Friluftsgudsteneste gamle kyrkjestaden Holmedal kl.16.30.24.07: Ikkje gudsteneste31.07: Husnes kl. 11.0007.08: Valen kl. 11.00. Uskedalen kl. 11.0014.08: Husnes kl. 19.00

Kvinnherad:26.06: Kvinnherad kl. 11.0010.07: Kvinnherad kl. 19.30 17.07: Ænes kl. 11.00. Hatlestrand kl. 19.3024.07: Kvinnherad kl. 11.00. Varaldsøy kl. 19.00 31.07: Åkra: Vikastølen kl. 11.0007.08: Ølve kl. 11.00. Kvinnherad kl. 19.3014.08: Varaldsøy kl. 11.00

Stord:26.06: Stord kl. 11.0003.07: Nysæter kl. 11.0010.07: Stord kl. 11.0017.07: Nysæter kl. 11.00. Friluftsgudsteneste Huglo kl. 16.0024.07: Stord kl. 11.0031.07: Nysæter kl. 11.0007.08: Stord kl. 11.0014.08: Stord kl. 11.00

Sveio:26.06: Eikeland kl. 11.00. Valestrand kl. 13.0003.07: Førde kl. 11.0010.07: Sveio kl. 11.0029.07: Valen kapell kl. 18.0031.07: Sveio kl. 10.00 Førde kl. 12.0007.08: Valestrand kl. 11.0014.08: Eikeland kl. 11.00

Tysnes: 26.06: Onarheim kl. 11.00 03.07: Friluftsgudsteneste Solstråleøya kl. 12.00 10.07: Mandelhuset kl. 12.00. Dagenderpå-gudsteneste i samband med Tysnesfest17.07: Reksteren kl. 11.0024.07: Tysnes kl. 11.0029.07: Onarheim kl. 18.00 Olsokmesse saman med Onarheim bygdelag31.07: Uggdal kl. 11.00 07.08: Reksteren kl. 11.0014.08: Solheimsdalstemne kl.11.00 på Skartveit kl. 11.00

Årets Prostidag vert torsdag 29. september. Mange har no fokus på trusopplæring. Tema på prostidagen vil vere samarbeidet med heimen i trusopplæringa.

Prostidagen vert på Stord. Den tek til med middag kl. 16.30 på Leirvik bedehus og held fram med program kl. 17.15. Prostidagen avsluttar med Prostigudsteneste i Stord kyrkje.

Prostidagen er for alle som er interesserte i trusopplæring. Sokneråd og utval som arbeidar med trusopplæring og undervisning er hovudmålgruppe saman med medarbeidarar som har trusopplæring som ein del av si teneste.

Same dagen vert det ein fagdag kl. 13.00 med tema: «Trusopplæring og merkevarebygging». Korleis presenterar vi trusopplæringa og hendvender oss til målgruppa?

Prostidag i Sunnhordland prosti 29. september

Foto: Stord Luftfoto