forretningsplan 2014/2015 · forretningsplan 2014/2015 namn: glutenfri ub organisasjonsnummer: 914...
TRANSCRIPT
Forretningsplan 2014/2015 Namn: Glutenfri UB Organisasjonsnummer: 914 374 049 Dagleg leiar og kontaktperson: Merete Vike Grønningsæter [email protected] Skule: Stranda vidaregåande skule Lærarar: Ole Bjørn Hjellegjerde og Per Johan Alnes Mentor: Peder Heimdal
Innhald
3 Samandrag
4 Visjon, forretningsidé og mål
5 Tilsette og organisering
6 Produktutvikling
7-8 Marknad
8-9 Marknadsstrategi
9-10 Økonomisk plan
11 Framdriftsplan
12 Bedrifta sitt potensial på lang sikt
Vedlegg: Avisartikkel
Tilstandsrapport frå Mattilsynet
Her finn du markert byar vi har fått bestillingar ifrå
SAMANDRAG
Glutenfri UB er ei tverrfagleg ungdomsbedrift frå Stranda vidaregåande skule. Bedrifta består av åtte motiverte elevar; fire frå entrepenørskap og fire frå resturant- og matfag, som ønskjer å gi folk med glutenallergi eit breiare utval av mat som ikkje finst i butikkane frå før av. Glutenfri UB skal tilby minst tre glutenfrie produkt. Vi vil lage glutenfrie kvitløksbaguetter, glutenfri fiskegrateng og glutenfrie pitabrød. Dette er produkt som ikkje eksisterer i norske butikkar i dag. Vi har eit ambisiøst mål om å sjølv ta kontroll over heile næringskjeda til våre produkt; frå produksjon og heilt fram til sluttbrukar, utan mellomledd. I Noreg er det over 50.000 personar som har cøliaki, og mange av dei veit det ikkje sjølve. For desse personane er matutvalet lite og veldig dyrt. Personar med cøliaki får støtte frå staten for å dekke kostnadane, men dette er for lite for dei aller fleste. Dette gjer at dei må ofte lage mykje av maten sin sjølv. Difor lagar vi tre glutenfrie produkt som ikkje finst i butikkane. Nettverket til Glutenfri UB har vore ekstremt viktig under produksjonsprosessen. Vi har fått hjelp av fleire lokale bedrifter, blant anna frå Tind Spekevarer og Matbuda. Frå midten av januar opna vi for netthandel over heile landet. På nettsida kan du bestille varene, og ein kan då velje om ein vil hente dei, eller få dei levert i posten for ein ekstra fraktkostnad. Ved hjelp av butikken Matbuda kan ein òg hente maten i deira butikk på AMFI Moa i Ålesund utan tilleggskostnad. Eit eventuelt overskot blir satt av for å dekke løn til dei tilsette før avvikling i mai eller juni. Vi har som mål at skulen i langt større grad vil satse på glutenfri mat i framtida, også etter at ungdomsbedrifta har blitt avvikla. Ved siste gjennomlesing av forretningsplanen før innsending, i midten av mars, såg omsetningstala slik ut:
Totalomsetning per 20. mars (etter 5 av 10 produksjonsdagar): 33087 kr
Topp 5-liste: netthandel (per fylke)
1. Møre og Romsdal
2. Oslo
3. Akershus
4. Aust Agder
5. Rogaland
Frå nettsida til Glutenfri UB: www.glutenfriub.no Vår heimeside er også tilpassa netthandel via mobil
VISJON, FORRETNINGSIDE OG MÅL VÅR VISJON
«Glutenfri UB har som mål å bli ei glutenfri bedrift som alle glutenallergikarar i Norge har høyrt om og nyttar seg av».
Forretningside
«Tilby nye og betre glutenfrie varer som vi kan selje via netthandel over heile landet».
______________________________________________________________________________
FRAMDRIFTSMÅL Vi har mål om å kunne tilby nye produkter for dei 50.000 av Norges befolkning som har cøliaki,
sidan det lenge har vore store manglar i produktutvalet for allergikarar her til lands.
MARKNADSMÅL
Vi i Glutenfri UB har satt opp en oversikt som viser hvilke mål vi har innan året er omme. Dette
er mål vi meiner vi kan nå, og motivasjonen blir stadig høgare, og pågangsmotet større.
Dette er våre mål:
SALSMÅL Vi har fått tildelt 10 glutenfrie produksjonsdager på kjøkenet til restaurant- og matfag ved Stranda VGS, og har som mål å kunne selje det vi produserer, og få kundar over heile landet. Målet er og å kunne selje direkte til sluttbrukar, utan mellomledd.
LØNNSOMHEITSMÅL På slutten av året skal overskotet vere på minimum 13 000 kr.
KONKURRANSEMÅL Vi ønsker at vi skal gjere det bra på NM på Lillestrøm.
SOSIALE MÅL Vi skal sørge for at IA-avtalen oppretthaldast, og at alle trivast.
ORGANISASJONSMÅL Styremøte når nødvendig, og regelmessig kvar månad.
TILSETTE OG ORGANISERING
Dagleg leiar Merete Vike Grønningsæter [email protected]
Produktansvarleg for design og emballasje Niklas Drege [email protected]
Marknadsføringsansvarleg Elida Grønningsæter [email protected]
Økonomiansvarleg Markus Rekdal [email protected] ------- -
-Ansvarlege for produkt og produksjon
Sandra Therese Hjelle Steffen Ytterdal d nfskdjnfnkf s [email protected] [email protected]
Sa
Zia Roshan Eskil Tysnes asdasda asdd [email protected] [email protected]
Her ved Glutenfri UB er det viktig med eit godt samarbeid. På grunn av at det er to heilt ulike studielinjer som jobbar saman, så oppstår det kommunikasjonsvanskar. Men med god hjelp av lærarane Ole Bjørn Hjellegjerde og Per Johan Alnes har vi fått saman ein plan for produksjon. Bedrifta kan beskrivast som ei pyramide. Utan fundamentet, eller matfag i dette tilfellet, så hadde vi ikkje hatt moglegheita til å bygge opp pyramiden/bedrifta. Utan midtdelen/entrepenørskap så hadde ikkje pyramiden vore så høg, og til slutt toppen av pyramiden. Utan toppen/leiinga så hadde ikkje pyramiden vore ferdigstilt. Bedrifta er IA-sertifisert, då tre av bedriftas medlemmer deltok på eit kurs i regi av NAV.
PRODUKTUTVIKLING OG NETTVERK
PRODUKTBESKRIVING
Produkta vi tilbyr er glutenfrie variantar av fiskegrateng,
kvitløksbaguetter og pitabrød. Desse produkta har vi
bestemt oss for å lage sidan dei ikkje eksisterar på det
norske marknaden. Produkta er laga av gode råvarer, og
fiskegratengen vår inneheld blant anna 40% meir fisk
enn den dyraste ein får kjøpt på butikken. Produkta blir
produsert av matfagelevane på skulen og er av ypparste
kvalitet.
Våre fire matfagelevar og lærar Per John Alnes har
utvikla ein ny metode for å klare å produsere glutenfrie
kvitløksbaguetter! Den klebige deiga blir ført over i ei
sjølvlaga sprøyte, som rett og slett «sprøytar» ut
baguettane. I forhold til ei vanleg glutenfri brødoppskrift
bruker dei 30% meir vatn og 60% mindre gjær. Sidan vi
fekk låne ei gasspakkemaskin frå Tind Spekevarer AS på
Stranda, kan vi altså tilby netthandel til heile landet. Vi
har også fått teste restverdiane av oksygen i
gasspakningane etter ei veke i Tind sin lab (1,43%).
Produktutvikling og nettverk
Talet på glutenallergikarar i Noreg stig, samtidig som den glutenfrie marknaden i Noreg ikkje er
så stor. Vi vil derfor lage eit større utval til glutenallergikarar. Prosessen har vore lang for å
komme fram til det beste produktet. Vi ville at produkta skulle smake like godt som dei vanlege
glutenhaldige produkta og har klart å komme fram til eit meget godt resultat. Glutenfri UB har
eit bredt nettverk innan for næringslivet. Mattilsynet godkjente produksjonen vår i januar.
Kontaktperson Bransje Funksjon
Elin Løfald Mattilsynet Godkjenning for sal
Rune Lødøen Tind Lån av gasspakkemaskin
Peder Heimland Brisk Kompetansesenter Mentor og rådgjevar
Vebjørn Skog Matbuda Frakt av varer til Matbuda (AMFI Moa, Ålesund)
Ingvar Perry Emdal Ous & Emdal Sponsing av diverse utstyr
MARKNAD
MERKEVARE
Glutenfri UB driver med ei målretta merkevarebygging. Vi har eit ønske om å gi
glutenallergikarar eit nytt og betre utval i mat. Tilgang på glutenfrie produkt er per i dag for
liten, og allergikarar ønsker seg et større utval. Det vil vi gjøre noko med. Produkta er
spennande med smaker dei fleste kan like. Logoen er enkel og rein som gjev assosiasjonar til
produkta våre.
SKRIVEBORDSUNDERSØKING
Vi er innstilt på å nå fram til alle glutenallergikarar over heile landet som ønskjer våre produkt.
Før vi starta med testing og produksjon, gjennomførte vi ei undersøking på Facebook på kva det
er som blir sakna mest av glutenfrie produkt. Vi fekk inn ein haug av forslag, men der var nokon
få produkt som utmerka meir enn resten; kvitløksbaguetter og pitabrød. Vi valde også å gå
vidare med fiskegrateng, som også var etterspurt.
“Tidligere har man antatt at nivået i Norge har vært på ca. 1%. Det vil si at man har trodd at
50 000 i Norge har cøliaki. Kun i underkant av 20 000 har fått sin diagnose! Hvis de nye
antagelsene stemmer, og at vi har samme høye forekomst som i Sverige og Finland, er det så
mange som mellom 40 000 og 140 00 som ikke har fått sin diagnose!” står det på Holmen Chrisp
sine heimesider. Holmen Crisp er produsentane av det glutenfrie mjølet Jyttemel.
Talet av glutenallergikarar stig stadig og daglegvaremarknaden ser ut til å vere for liten for dei
noverande allergikarane då utvalet er nokså lite. Vi fekk stor merksemd då vi starta bedrifta, og
interessa frå allergikarar var enorm. Vi laga oss ei Facebook-side der folk kunne følgje vår
spanande reise, og vi blei i tillegg med i ein «glutenfrigruppe» på Facebook med 5600
medlemar, der vi raskt fekk omtale. Med desse undersøkingane på nettet, og etter å høyrt på
kommentarane til glutenallergikarar, så meiner vi at det er ein stor marknad for våre produkt.
MÅLGRUPPER
Glutenfri UB satsar på forbrukarmarknaden, med fokus på glutenallergikarar i alle aldrar.
SWOT-ANALYSE
INTERNE STYRKER SVAKHETER
-Engasjert og kontroll på sosiale mediar. -Tilbyr nye og betre produkt. -Einaste som kan tilby kvitløksbaguetter, fiskegrateng og pitabrød over heile landet. -Fleksibilitet i forhold til sal og endring av produkt, sidan vi er i ungdomsbedrift.
-Kostnadar (sending i post, ingrediensar). -Uerfarne med å starte ny bedrift. -Tildelt produksjonstid (risikerer å ikkje klare å dekke etterspurnaden). -Bedriftsmedlemar har ulik timeplan (sidan gruppa er tverrfagleg).
MOLEGHEITER TRUSLAR
-Mange kundar kan gi stor etterspurnad. -Distribusjonsnettverket kan bli betre -Ein kan med fordel utvide produktsortimentet. -Våre glutenfrie produkt er unike og heilt nye på marknaden. -Vi satsar på gratis marknadsføring gjennom sosiale mediar, og håper på stor oppslutning sidan dei fleste av oss brukar sosiale mediar.
-Andre moglege leverandørar kan dukke opp. -Kopiering av våre produkt. -At kundar ikkje hentar postpakkane sine, eller at dei ikkje betalar.
Marknadsstrategi
PRODUKT
Glutenfri UB produserer glutenfrie produkt for å gjere utvalet for glutenallergikarar i Norge større. Talet glutenallergikarar aukar stadig i Norge, samtidig som marknaden utviklar seg sakte. Vi har derfor valt nokon av dei produkta som vi etter ei undersøking fekk vite at allergikarane sakna mest.
Pris Prisen vi har satt på produkta våre er tatt ut ifrå kva det kostar å produsere produkta. Glutenfrie produkt er kjend for å ha ein ganske høg pris, men folk er også villige til å betale ein god del for å få desse produkta.
PÅVERKNAD OG PROMOTERING
Det første vi gjorde før vi starta å produsere produkta våre var å ha ei marknadsundersøking. Dette gjorde vi fordi vi visste at talet glutenallergikarar aukar i Noreg og marknaden for glutenfri mat ikkje er så stor. Vi la difor ut eit spørsmål på den største cøliakisida på Facebook, som har rundt 5600 medlemmar. Der stilte vi spørsmålet om kva produkt dei saknar mest i daglegvarebutikkane som dei ikkje får kjøpt glutenfritt. Då fekk vi mange ulike svar og plukka derfor ut dei produkta som det var mest etterspurnad etter. Allereie under denne undersøkinga var det veldig mange som viste interesse for kjøp.
Etter kvart som vi fekk produkta klar til sal, ville vi nytte oss av fleire ulike måtar av marknadsføring. Cøliakisida på Facebook blir brukt sidan vi såg at interessa var stor rundt slike typar produkt. Vi har også laga ei eiga side på Facebook der folk kan like ”Glutenfri UB”. Der blir det lagt ut informasjon om produksjonsdagar, levering, hentemåtar og andre generelle ting om bedrifta. Glutenfri UB har også ei eiga nettside som folk kan bruke når dei vil legge inn ei bestilling, og dette gjer at det er veldig enkelt for folk over heile landet å bestille våre produkt.
I tillegg til sosiale mediar har vi også gått rett til privatpersonar som vi veit har glutenintoleranse, samt personar utan allergi men som har lyst til å kjøpe produkta.
PLASS/DISTRUBISJON
Sidan vi er ei ungdomsbedrift har vi ikkje eigen butikk der folk kan komme å oppsøke oss. Vi har laga ei nettside som kundane vil bruke når dei skal gå inn å bestille produkta våre. Dei kan få dei tilsendt i posten, komme å hente dei på skulen der vi held til, eller så kan folk som bur i Ålesundsområdet få det tilsendt til Matbuda på Moa og plukke opp varene der. Vi har ordna ein veldig god avtale med eigaren til Matbuda, som var villig til å hjelpe oss vederlagsfritt. Dette har gjort at vi har ein del alternativ å tilby kundane vår for å gjere det enklare å nå tak i produkta vi seljer. Vi vil gi våre kundar eit best mogleg tilbod.
Økonomisk plan
Produktkalkyle
Kvitløksbaguetter (enkelpakning)
Kvitløksbaguetter (5-pk)
Fiskegrateng Pitabrød
Produksjonskostnad 14,00 kr 70,00 kr 47,00 kr 17,00 kr
Fraktkostnad 0,00 kr 155,00 kr 0,00 kr 0,00 kr
Postemballasje 8,00 kr 24,00 kr 0,00 kr 0,00 kr
Inntakskost 22,00 kr 249,00 kr 47,00 kr 17,00 kr
Salspris 69,00 kr 499,00 kr 99,00 kr 69,00 kr
Avanse i kr 47,00 kr 250,00 kr 52,00 kr 52,00 kr
Avanse i % av inntakskost
213,64% 100,40% 110,64% 305,88%
Resultatbudsjett
Månad November Desember Januar Februar Mars April Mai Sum Salsinntekt 396,00 kr 0,00 kr 12798 kr 7889 kr 11609,10 kr 6000,00 kr 4000,00 kr 42692,10 kr
Varekostnad 0,00 kr 0,00 kr 4446 kr 5690 kr 3500,00 kr 3000,00kr 2100,00 kr 18736,00 kr
Bruttoforteneste 396,00 kr 0,00 kr 8352 kr 2199 kr 8109,10 kr 3000,00 kr 1900,00 kr 23956,10 kr
Indirekte kostnadar
Registreringsavgift 200,00 kr 200,00 kr
Stand 208,90 kr 129,00 kr 337,90 kr
Reiseutgift 498,00 kr 182,00 kr 680,00 kr
Andre kostnadar 0,00 kr
Sum indirekte kostnadar
906,90 kr 0,00 kr 0,00 kr 0,00 kr 311,00 kr 0,00 kr 0,00 kr 1217,90kr
Resultat -510,90 kr 0,00 kr 8352,00 kr 2199,00 kr
7798,10 kr 3000,00 kr 1900,00 kr 22738,20 kr
Likviditetsbudsjett
Månad November Desember Januar Februar Mars April Mai Sum
Innbetalingar 396,00 kr 0,00 kr 12798 kr 7889 kr 11609,10 kr 6000,00 kr 4000,00 kr 42692,00 kr
Utbetalingar
Varekostnad 0,00 kr 0,00 kr 4446 kr 5690 kr 3500,00 kr 3000,00 kr 2100,00 kr 18736,00 kr
Registreringsavgift 200,00 kr 200,00 kr
Reiseutgift 498,00 kr 182,00 674,00 kr
Stand 208,90 kr 337,90 kr 337,90 kr
Andre utgifter
Lønn til tilsette 22738,20 kr 22738,20 kr
Sum ut 906,90 kr 0,00 kr 4646,00 kr 5690 kr 3811,00 kr 3000,00 kr 24838,20 kr 42692,10 kr
Innbetalingoverskot -510,90 kr 0,00 kr 8352,00 kr 2199 kr 7798,10 kr 3000,00 kr -20838,20 kr 0,00 kr
Likviditet månadstart
0,00 kr -510,90 kr -510,90 kr 7841,10 kr 10040,10 kr 17838,20 kr
20838,20 kr 0,00 kr
Likviditet månadslutt
-510,90 kr -510,90 kr 7841,10 kr 10040,10 kr
17838,20 kr 20838,20 kr
0,00 kr 0,00 kr
Framdriftsplan August September Oktober Oppstart av bedrift Stiftelsesmøte Offisiell stiftelsesdato: 16.10
November
Forbereding til jubileumsfest
Desember
Gjennomføring av jubileumsfest
40 år til Stranda VGS
Januar
Opning av nettbutikk,
To produksjonsdag
Februar
Førebuing til Fylkesmønstringa
To produksjonsdagar
Mars
Fylkesmønstring Kristiansund
To produksjonsdagar
April
To produksjonsdagar
NM på Lillestrøm
Mai
To produksjonsdagar
Juni
Avvikling av bedrift
Bedrifta sitt potensial på lang sikt
Vi i Glutenfri UB hadde som mål å levere våre produkt til glutenallergikarar over heile landet. Politikarane
snakkar om eit «yrkesfagsløft» i den norske skulen. Kva er då betre enn eit innovativt samarbeid mellom
yrkesfag og studiespesialisering, der begge partar komplementerer kvarandre? Med så mange gode
tilbakemeldingar har vi berre lyst til å fortsette så langt vi klarer. Vår marknadsstrategi skulle føre til at
folk over heile Sunnmøre fekk vite om oss. Vi blei for eksempel tidleg kontakta av Ørsta ungdomsskule
som ville ha tak i glutenfrie pizzabotnar.
Utviklinga frå skulestart til no har vore på mange måtar kort, stressande, og ein enorm læringsprosess. Vi
har stått i posisjoner der vi må utfordre oss sjølv. Dette har ikkje vore nokon enkel jobb for å seie det rett
ut, men når vi tar eit steg tilbake og får sjå heilheita i det, så kan vi ikkje tru kor langt vi har kome. Dette
er noe vi alle har tatt til oss kvar dag, og som vi har lyst til å fortsette med. Utvikle oss for kvar dag som
går, og for kvar dag fortsette å strekke oss etter visjonen vår.
Med eit stadig aukande tal av norske glutenallergikarar, så identifiserte vi eit behov i marknaden som vi
ville dekke. Vi hadde inga aning om kor god mottaking det kom til å få. Forbrukarane er glade for at dei
kan få tilbydt mat som vi «normale» folk reknar som «vanleg» eller kvardagsmat. Vi har glutenfrie
kvitløksbaguetter som ikkje smaker svamp, glutenfri fiskegrateng som faktisk inneheld 40% meir fisk enn
dei dyraste fiskegratengane på marknaden, og i februar startar vi opp produksjon av glutenfrie pitabrød
som ikkje smuldrar opp når du prøvar å ete dei.
Ved siste gjennomlesing av planen, før innsending, har vi allereie motteke mange positive
tilbakemeldingar. Her er nokre eksempel:
Sidan vi opna for sal på landsbasis, så har vi seld varer frå Kristiansand i sør til Alta i nord. På slutten av
skuleåret må gruppa løysast opp, men med så mykje arbeid lagt inn i dette prosjektet kan vi kanskje
bestemme oss for å fortsette neste år med det same prosjektet, eller kanskje vi opprettar eit AS.
Vedlegg