files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  ·...

18
Kolset Tidende Nr 1 * Årgang 22 * Mai 2018

Upload: others

Post on 21-Jun-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

KolsetTidende

Nr 1 * Årgang 22 * Mai 2018

Våren er her!

Page 2: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

STYRET HAR ORDET

«No livnar det i lundar, no lauvast det i li». Ein kjend strofe frå ei salme av Elias Blix som tar for seg akkurat den herlege tida vi er på veg inn i. Våren står for dør, om nokre dagar feirar vi nasjonaldagen, og sjølvsagt vonar vi at sola skin.

Kolset Krins Utviklingslag har for tida veldige aktive dagar. Fleire prosjekt er på gong i tillegg til dei aktivitetane KKU til vanleg driv med. Å jobbe med å fremme folk i krinsen sine interesser, å skape engasjement og aktivitet, er hovudoppgåvene til utviklingslaget. No ser styret at tida kan vere i ferd med å renne ut for Kolset Oppvekst, i hvert fall i den form det har i dag, og det hastar med å få tilflytting til bygdene våre. Derfor vil arbeid relatert til bustad, tomtar, arbeid og rekruttering / tilflytting bli prioritert i året som kjem.

Krinsen har frå tid til annan etterspørsel etter bustad frå folk som vil flytte hit, eller frå kjentfolk som vil flytte heim. Av og til har vi bustad som kan vere passande, og andre gonger har vi ikkje det. Behovene til aktuelle tilflyttarar varierer. Nokon vil ha rimeleg leiebustad, nokon vil kjøpe, nokon kan tenke seg å bygge, og noko vil berre vekk frå overbefolka områder for å få seg eit nytt liv og ein ny start. Dei siste vil ofte berre ha ein stad å bu til dei får bestemt seg for å bli.

Her kan alle som har noko å tilby av husvære være betre på å ta nokre foto av kva dei vil leige ut, skrive nokre ord om bustaden, og vi vil annonsere dette på heimesida vår www.kolsetkrins.no , dele det på facebook, og bidra med å spreie det. Vi vil også sende det til rekrutteringsansvarleg i kommunen som har fleire kanalar å annonsere gjennom.

Andre aktuelle sakar vi vil jobbe for er betre rutetilbod med buss og båt, venterom / toalett på kaia i Leirgulen, betre mobil- og breibandsdekning, skulestruktur i framtida, vedlikehald og reasfaltering av vegane i krinsen, nye næringsareal, og å trygge branntenesta.

Prosjekta til KKU har vært nemnd. Når du les dette, so er antakeleg kunstgraset lagt på bana på Kolset, eit nytt lydanlegg på plass og tatt i bruk på oppvekstsenteret, og taket på gang ute på Gloføykje.

Kunstgraset er berre det fyrste steget av fleire i oppvekstsenterets nærmiljø. Her skal området utviklast vidare med kiosk og reiskapsbu, og mogleg ein musikkbinge.

Nær sandvolleyballbana er det planlagt ein grillplass, og den vonar vi å starte opp med arbeidet på ganske snart.

Med dette ynskjer styret i KKU å takke alle som har bidratt med dugnad og sponsing slik at det vi har gjort so langt har vore mogleg.

Samansetting av styret i KKU 2018: Espen Gulliksen (leiar), Kjell Leirgulen (nestleiar), Per Kjetil Leirgulen (kasserar), Åse Leirgulen (sekretær), Beatrice Blålid (styremedlem), Emilie Kolset Jensen (ungdomsrepresentant). GOD SOMMAR TIL ALLE I KRINSEN!

Page 3: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Elevvertar på Kolset oppvekst

Markus og Bertine er elevvertar på Kolset oppvekst. Dei har oppgåver når vi får besøk på skulen av DKS (den kulturelle skulesekken). Dei rydda klart lokalet og tok imot gjesten, og ønskte gjesten velkommen. Gjesten fekk litt å bite i, så elevvertane kokte kaffi, henta vatn, kutta opp frukt og henta litt kjeks.Etter dette, hjelpte dei med å bere inn utstyret og halde opp døra. Då alt var på plass, ønskte ho resten av elevane velkommen. Dei sat seg på kvar si matte, og så begynte undervisninga.Etter undervisninga, takka dei for timen og for besøket. Då elevane hadde gått, hjelpte vertane å rydde opp etter timen. Dei rydda opp maten og hjelpte til med å bere ut til bilen. Dei rydda på plass stolar og bord, og takka for besøket.

Avtrykk – ein mobil grafikkverkstadAvtrykk er ein 500 år gamal arbeidsmetode. Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, og den er framleis aktuell i vår digitale tid. Det er mange flinke kunstnare i Noreg og verda, og vi fekk sjå bilete av to norske kunstnarar, som heiter Cathrine Dahl og Ørjan Aas.

Kva vi gjordeDet første vi gjorde var å lage ei teikning på ei treplate, og då måtte vi la blyanten bestemme korleis teikninga skulle bli. Etter at vi hadde teikna, begynte vi å skjere ut teikninga med knivar. Vi synest det var litt vanskeleg. Vi måtte legge ein liten duk på golvet fordi vi skulle begynne med sverte. Det er svart farge med klister i. Sverta smurde vi på treplatene og deretter la vi på eit kvitt, stort ark. Så måtte vi trakke på arket, og då vi løfta forsiktig av dette, blei det til eit bilete. Dette biletet som vi lagde,

heiter « Den Endelause vegen»

Kosting/Klipping av SkuleplassenKlipping: Då vi klipte , klipte vi masse og samla alt i ein haug. Så dumpa vi det ved leike hytta. To av gutane på skulen kosta barnehage vegen. Dei tok vare på sanden, til gjenbruk, i strø-sandkasse ved barnehagen.

Page 4: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Barnehagevegen min

I april har Kolset Barnehage arbeidd med trafikk, vegen til barnehagen, som tema. Her har skilt og bruk av sykkelhjelm vert fokus. Vi arbeidde fyrst med skilt – kva dei er og kva dei fortel oss, kva former og fargar dei har. Nokre skilt er for å seie om noko er forbode. Det er til dømes ikkje lov å køyre raskare enn 60 kilometer i timen etter 60-skiltet.

Andre skilt opplyser om farer. Då må ein vere på vakt og passe på. Det finnast òg skilt som berre opplyser om noko, til dømes stadnamn, eller som fortel kor langt det er til Bergen eller kva veg vi skal svinge i krysset når vi skal til Svelgen. Det er til venstre, altså.

Barna har vert på skiltjakt ute i nærområdet. Vi hadde med kamera, og det var barna sjølve som tok bileta. Dei var med å leggje bileta frå kameraet over til datamaskin, inn i eit word-dokument og skrive dei ut. Barna klipte ut skilta og limte dei på ein plakat – som vi hengde opp i barnehagen. Den kan vi sjå på og snakke om skilta vi fann på skiltjakta.

På veg til barnehagen kan det hende vi vel å sykle. Og kva må vi hugse når vi skal sykle? Jo, hjelm! Men kvifor skal vi bruke hjelm? Hjelmen skal beskytte hovudet vårt om vi er uheldige og veltar på sykkelen. Til samlingsstund tok vi med nokre egg. Egget skal ut og sykle, men har

ikkje på seg hjelm. Kva skjer om egget veltar av sykkelen? Eit av barna får egget i handa og slepp det i golvet.

OI! Det gjekk ikkje så bra! Egget knuser. Vi nyttar høvet til å studere egget der det ligg på golvet. Det gule heiter eggeplomme. Det blanke heiter eggekvite, sjølv om det ikkje er kvitt. Det som er kvitt er eggeskallet, men det et vi ikkje.

Vi tar ein liten hjelm på eit anna egg og sjekkar korleis det går no. Egget vert kasta i golvet av barnehender fulle av iver. Egget dundrar i golvet – hjelmen fyrst. Vi løftar egget opp, tek av hjelmen og studera skallet. Ikkje ei einaste sprekke. Hjelmen vert sett på egget igjen, men denne

gongen vert ikkje hjelmen festa skikkeleg. Egget fell i golvet igjen – og no sprekk det! Vi oppdagar at det er ikkje berre å bruke hjelm som er viktig, men at hjelmen sitt riktig på òg.

LEIRGULEN IDRETTSLAG

Page 5: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Leirgulen idrettslag 40 årLIL vart skipa i 1977, og det er dermed duka for jubileumsfeiring!LIL og KKU samarbeider om å lage til fleirbruksbana på Kolset, og planlagt åpning vert i forbindelse med LIL si 40-årsfeiring søndag 27. mai. Sjå eige innlegg frå prosjektgruppa om dette.

TreningstiderLIL har per dags dato organiserte treningstider på torsdagene. Det er då barnetrim for barnehagebarn frå 17.00-18.00, trim for barn i barneskulealder frå 18.00-19.00 (ansvarleg Renate Storøy og Marie Laugerud) og herretrim frå 20.00-21.00(ansvarleg Øyvind Leirgulen). For ønske interesse om å delta, så er det bare å møte opp, eller ta kontakt med noen i styret =) Alle er hjertelig velkommen! Fjelltrimmen / Barneløypene: 1.mai byter vi bøkene på turmåla våre. Trimåret og poengsankinga for 2018 går fram til 1.mai 2019.Dersom veret er dårleg / mykje snø, kan det gå litt tid før bøkene vert bytta – men poenga dine vil likevel kome med på rett år Premiar for 2017 vert delt ut på årets juletrefest.

Fjelltimmen har bøker på følgjande turmål:Troda (varden) 10 poengRaudalskammen (varden) 7 poengSøndstua (varden) 5 poengRaudalen (mur vest for selet til Hildegunn 3 poengRaudehaugen (hytta til Åshild, postkasse) 3 poengHuldrehaugen (utedoen) 3 poengKyrahaugen (mur i nærleiken av hytta til Svein Inge ) 3 poengSkaravatnet (hytta til Knut) 2 poengGloføykvatnet (postkasse i løypa ved vatnet) 2 poeng Heidasteinane (postkasse, stien til Djupedalen) 2 poengTongane (bislaget på forsamlingshuset) 1 poengDjupedalen (hytta til Bjørg og Johan) 2 poengSkatestraumen (på stien frå Nygård mot Nygårdssetra) 1 poeng

Barnefjelltrimmen har bøker på følgjande turmål: Tongane (bislagetpå forsamlingshuset) 3 poengHagen (skogsvegen frå lada til Solfrid) 1 poengStorfurua (ovanfor Tordis, i løypa frå barnehagen) 1 poengHakkebakkeskogen (Stranda, løypa frå trimstova) 1 poengØyna rundt (midtvegs i løypa, start ved Magne) 1 poengVågen/Ranhøgda (start ved garasjen ved kyrkja) 1 poengHolten i Leira (i løypa mot Heidasteinane) 1 poengMummisteinen (start ved grinda i Rabben) 3 poengBrauta (Blålida, løypa startar ved Geir) 1 poengBortnen (skogsvegen mot Bortnestøylane/Skaravatnet) 1 poengSkatestraumen/Nygård (start ved avkøyrsla til Jan Inge) 2 poeng

GrasrotandelenDu kan støtte idrettslaget vårt ved å registrere deg via tippekortet ditt når du tippar hos Norsk Tipping. 7 % av summen du tippar for, vil då gå direkte til laget – og dermed kome tiltak i nærmiljøet ditt til godeVårt org. nr. er 986124691

Page 6: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Styret i LIL ser slik ut for 2017:Marie Laugerud leiarHrafnhildur Eva Olafsdottir nestleiarTherese Kolseth skrivarSvein Klævold kasserarRoy Cato Edvardsen styremedlem

VELKOMNE TIL FEST!

Leirgulen idrettslag fylte 40 år i 2017, og søndag 27.mai er det klart for jubileumsfest!

Vi feirar samtidig at den nye fleirbruksbana på Kolset endeleg er ferdig , eit prosjekt som LIL og KKU har samarbeidd om. Denne dagen vert det ”offisiell ” opning av bana!

Det er dermed to gode grunnar til å setje av denne søndagen

Litt om programmet for dagen:

- Natursti kl.14 frå Leirgulen til oppvekstsenteret (oppmøte ved butikken), med innlagt rast hos Carla, som serverer oss jubileumsmuffins

- Opning av bana ved den nye kultursjefen vår; Grete Berntzen (ca.kl.15)- Om veret er bra, vert det ei lita, uhøgtideleg fotball miniturnering innan programmet startar

i gymsalenI gymsalen: ca.kl.16

- Talar for dagen- LIL gjennom 40 år – framsyning av bilete på storskjerm, medan vi kosar oss med kaffi, brus og

gode kaker - Utdeling av premiar natursti, samt jubileums t-skjorter til born og unge i bygda- LIL utstilling

Dersom dårleg ver, tek vi naturstien i gymsalen.

Vi ønskjer bygdefolk og andre velkomne til arrangementet vårt, som er gratis for alle:)

STOR TAKK til alle som har stilt opp på dugnader, som harstilt maskiner til disposisjon, eller som på ein eller annanmåte har brukt av fritida si for å få til denne fantastiske bana!Vi håpar anlegget vil verte nytta mykje

Helsing styret i LIL, KKU og banegruppa

Troda 4H

4H er ein barne og ungdomsorganisasjon som er styrt av medlemane sjølve. Mottoet vårt er å lære ved å gjere.

Page 7: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Vi i Troda 4H er 15 medlemmar i klubben, med ein alder frå 9-15 år. Med oss har vi 4 vaksne klubbrådgjeverar.

Vi er veldig glade i å lage mat. Ofte på bål, og lære om maten sin gang frå jord til bord. Vi likar oss godt i naturen, og derfor held vi no på å ferdigstille Drømmeplassen vår(hytta på bildet). Denne ligger i Langedalen på Davik.

Gjennom aktivitetane vi driv med i 4H får vi utvikle oss ved å prøve og feile gjennom deltaking. 4H er kjekt fordi det har eit veldig breidt spekter, som involverar mange ulike aktivitetar og oppgåver. Det kan vere alt frå natur, fiske, jordbruk, dyr, musikk, drama, matlaging, handarbeid og leik og moro. 4H-sporten er volleyball.

Dei fire H-ane står for klårt hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse.

Ønskjer du å bli med i 4H? Nysgjerrig på kva som skjer eller korleis det fungerer? Vi har dags dato berre tre born som er medlemar frå Rugsund. Ta gjerne kontakt med underteikna, så er alle velkomne til å bli med. Det er aldri for seint å bli ein 4H-ar =)Vi ser fram til å høyre ifrå deg.

Marie Laugerud. Tlf. 94435122.

HORNELEN BRASSBAND Formennene i musikklaga Davik, Ålfoten og Smalsarhorn gikk saman i 2016 og skipa Hornelen BrassBand. Dette for at dei vaksne her på sørsida skal ha eit ekstra tilbod, samt at

Page 8: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

dei yngste skal ha noko å strekke seg etter. Det er kjekt å spele i skulemusikken, men artig med litt ekstra utfordring og sosialt ilag med andre vaksne. Vi har og med 4 musikantar frå Svelgen, så vi er litt i overkant av 20 medlemmar.

Johnny Sælemyr dirigerer og vi har øvingar ca 6 gongar i året. Brassbandet har hatt konsert i lag med Hammarbakken Blæseensemble i Davik Kyrkje i mai 2016 og fått spelt på Smalsarhorn sin jubileumskonsert i Rugsund kyrkje i oktober 2017. Vårt neste prosjekt er konsert den 24. august i lag med eit italiensk korps. Antagelig i Davik kyrkje.

Beathe

SMALARHORN SKULEMUSIKK

Page 9: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

 Fyrst og fremst så vil vi takke alle som støtta oss på basaren i mars. Alltid kjekt å spele for bygda vår! No har vi kjøpt to nye paradetrommer til våre nye og flinke trommeaspiranter. Trur dei gleder seg veldig til å viser fram disse 17. mai. Jobber vidare med nye instrumentkjøp. Men store instrument koster… Den 1. mai var vi med og fylte ut rekkene til Svelgen skulemusikk under arrangementet der.Ei fin generalprøve før 17. mai. Vi slit litt sjølve med å fylle våre rekker den store dagen, men vi skal gjere vårt beste for at det vert musikk for bygda i år og.

Søndag 11. november 2018 arrangerer vi julemesse for 3. gong. Det er ikkje det aller største inntektsbringande arrangementet vi har, men det er moro å lage eit så vellykka arrangement og ikkje minst å klare å samle folk frå alle bygdene rundt oss. Så det gler vi oss veldig til. Set av helga!! Ellers så er det eit musikkarrangement i november og julekonsert i desember som er planane framover. Smalsarhorn har alltid plass til fleire musikantar. Og dersom du treng det, så kan vi stille med ektraundervisning, enten som nybegynner, eller som oppfriskning. Ta kontakt med Beathe. Her er alle velkomne! Helsing oss i Smalsarhorn Skulemusikk

Kolset Seniordans

Page 10: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Etter årsmøtet i januar har styret slik samansetjing:

Leiar: Brita HauglandNestleiar: Magnar Storøy Sekretær: Bjørg D. LofnesKasserar: Hans BakkeStyremedlem: Åshild T. Leirgulen

Vi har 25 medlemmer, og øvingane er som før, annankvar tysdag kl 19-21, og stort sett held vi oss til partalsveker.

Dette vårhalvåret har vi hatt to ”utflukter”. Den 13. mars feira Svelgen Seniordans 15-årsjubileum, og dei inviterte seniordansarane i Kolset og Bremanger på feiring. I tillegg til god mat og fine ord vart det sjølvsagt dansa, og instruktørane frå alle tre laga hadde førebudd seg til å leie dansane.Søndag 17. mars vitja vi Klokkartunet etter at kaffimåltidet var over. Reglane seier at vi ikkje kan ha med kaker lenger, og det er både vi og bebuarane leie for. Dansane vi hadde plukka ut, gjekk som smurt, og alle hadde ei koseleg stund i den fine stova på Klokkartunet.

Laurdag 14. april var danseleiarane i fylket inviterte til treff i Jølster. Bjørg har slite med influensa og kunne ikkje reise, men vi hadde tre deltakarar, Åshild, Reidun og Brita. På dette treffet vart mange nye dansar presenterte, og i tillegg er det sosialt og kjekt å møte andre i same situasjon.

No nærmar det seg sommaravslutning, og i år går turen til Stadlandet. På Leikanger er der ein serveringsplass som heiter Furebuda, og der skal vi ete middag. Datoen er 5. juni, og viss det er andre enn medlemmene som har lyst å vere med på turen, kan de berre melde dykk

Page 11: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

på til Magnar (97597187) eller Brita (41579425). Vi har ikkje planlagt heile turen enno, men det blir heilt sikkert ein minnerik dag.

Til hausten startar vi opp att i dei tider skulane byrjar, og vi skulle så gjerne hatt fleire dansarar i laget vårt. Alle frå 55-årsalderen er hjerteleg velkomne.

Julebord på Dampen

Page 12: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,
Page 13: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

Program for 17. mai i Kolset Krins

0800: Flaggheising1100: Gudsteneste v/Tor Grindland og markering ved bautaen (Ring drosjene i Rugsund ved behov for transport, tlf. 57794111)Om lag 1200: Tog frå SFE til Kolset Oppvekst, med tonar frå Smalsarhorn1300: Velkommen til festbord med rømegraut og spekemat. Kiosken opnar. 1430: Inne- og uteaktivitetar for liten og stor1600: Kaker og kaffi

Page 14: files.leirgulen-rugsund.webnode.comfiles.leirgulen-rugsund.webnode.com/200000297-9e19d9f…  · Web view2018. 5. 13. · Våren er her! STYRET HAR ORDET «No livnar det i lundar,

1800: Folkefesten startarArr.: 17. mai-

komitèen 2018