eg er så nær morgonen eg kan kome
DESCRIPTION
Dikt av Veronika Erstad.TRANSCRIPT
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 1
Veronika Erstad
Eg er så nær morgonen eg kan kome
Dikt
Samlaget
Oslo 2015
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 3
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 4
Eg vaknar i skogen og går heim. Det er skumring. Skodda legg seg over vatnet. Eg er
ikkje redd for at ei ulykke skal ramme meg. Det skjer plutseleg. Varmen breier seg frå
omnen ut i kjøkenet. Naboen går over plenen med ei tekanne i handa. Eg ventar på at
han skal ta i dørhandtaket, kome inn på kjøkenet, fylle ei mugge med vatn, setje seg ved
bordet, legge hendene framføre seg og sjå på neglene, spørje om å få sjå hendene mine,
legge handflate mot handflate, ta brødet ut av omnen, ete oss mette.
5
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 5
Veggane rører ved golvet og taket og meg. Her er eg vaken og her søv eg. Støvet legg
seg ikkje, men kvervlar rundt meg. I skapet heng ein kjole med svarte prikkar. Ein dag
skal eg ta kjolen ut av skapet, ta han på meg, kneppe knappane frå halsen til knea og gå
ut og det er sommar.
6
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 6
Skogen nærmar seg huset. Havet held. Huset er på flukt. Når eg opnar auga, er eg her.
7
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 7
Blodårene er tydelege på handbaken. Eg toler ikkje kulde og heller ikkje varme. Eg har
spinkle hender og lepper som sprekk. Eg tenkjer på kroppen min som eit korsett. Pusten
slepp så vidt ut. Inne i den store genseren ser eg mindre ut enn eg er. Auga leitar på
same måte i huset som i skogen, lyttar.
8
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 8
Skogbotnen er dekt av barnåler. Eg ser ikkje dyra som må vere her. Eg står stille til
fuglane lettar frå greina. Eg held meg vaken heile natta. Noko losnar i mørket. Om
morgonen ser eg etter dyrespor rundt huset. Eg ventar til det er lys hos naboen før eg
tenner lampa over kjøkenbordet.
9
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 9
Eg veit at det streifar ulv omkring her, men eg ser dei ikkje. Eg har stått ute ei heil natt
utan å sjå ulv. Dei små dyra og insekta kjem fram når sola går ned. Eg plukkar sopp og
steikjer han i omnen. Det er alltid kaldt i huset, også om sommaren. Eg ventar alltid at
det kan byrje å snø. Snøen legg seg tett inntil veggane og isolerer for vinden som rullar
inn frå havet.
10
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 10
Hiet har fleire utgangar. Gulbrune auge ser ut.
11
Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 11