detektiv smartbart og sabotasjen på badet

8

Upload: det-norske-samlaget

Post on 24-Mar-2016

230 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

Detektiv Smartbart, Oberst Dobørst, lettlesen detektivserie

TRANSCRIPT

Sigrid Merethe Hanssen

Illustrert av Åshild Irgens

SamlagetOslo 2011

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 3

© Det Norske Samlaget 2011www.samlaget.no

OMSLAGSDESIGN: Åshild IrgensFØRTRYKK: SamlagetSKRIFT: SabonPAPIR: 130 g Arctic VolumeTRYKKERI: Scangraphic, AalborgPrinted in Poland

ISBN 978-82-521-7965-1

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 4

Det var tidleg morgon i Moltebærvegen 8. Den einastelyden i huset kom frå kaffitraktaren på kjøkkenet, derein mann tusla rundt i slåbrok. Mannen gjekk ut avkjøkkenet og gjennom korridoren i retning av ut -gangs døra.

Brått stansa han opp, og ein lyd som mest av altlikna ein jetmotor, breidde seg utover heile førsteetasje før den skaut fart bortetter ganggolvet og fórsom ein tornado opp ei trapp og inn ei dør til treferierande skolebarn som låg og sov i sengene sine.

5

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 5

Hagbart Korneliussen vakna av eit brøl. Det varikkje hans eige brøl. Ikkje kom det frå dei to eldresøskena, Sigvart og Esmeralda, heller. Det var fardeira, Kyrre Korneliussen, som brølte.

Og sjølv om det var feriemorgon, heilt i byrjingaav ein lang, lang ferie, så visste Hagbart at det klok -aste han og resten av søskenflokken kunne gjere, varå stå opp, og det i lynfart. Kyrre Korneliussen brølteikkje ofte, men når han gjorde det, var det for at detskulle høyrast.

Hagbart spratt opp i sittande stilling.DUNK!Panna hans møtte sengebotnen i køya over han. AU!No var han i alle fall vaken, og gryntinga over og

under han varsla om at det var søskena hans også.Snart kjente han heile senga riste og knake.

Det verka som om han kunne få den øvste køya ihovudet når som helst, og betre var det ikkje fråunder sida. Det krafsa og klora, og madrassen begynteå bule kraftig oppover.

– Kutt ut! ropte han. Og hadde det vore ein van-leg feriemorgon, ville ikkje dei to eldre søskena hagitt seg så fort, men i dag var ingenting normalt.

Senga jamra seg kraftig, og etter to–tre kraftigejump var Sigvart i overkøya borte ved stigen som skulle

6

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 6

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 7

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 8

ta han ned til golvet. På veg ned vippa han dyna avHagbart med eit av dei lange beina sine, og klasketetterpå var beviset på at han hadde landa på golvet.

– Oppstilling! kommanderte Sigvart, og med detmeinte han at Hagbart og Esmeralda skulle stille segbak han for etterpå å marsjere ned trappa til førsteetasje. Grunnen til at det skulle skje på den måten,var noko berre dei tre visste om.

Den snille, godmodige og ein smule lettlurte KyrreKorneliussen hadde av sine eigne barn fått tilnamnetObersten. Og når Kyrre Korneliussen var oberst, vardei tre ungane soldatane hans.

Hagbart, den minste soldaten, hadde gitt Obers -ten endå eit namn. På slike dagar som dette var hanikkje berre oberst, han var sjølvaste Oberst Dobørst.

Og for å vise obersten kor TEIT han var somvekte ungane sine på ein slik måte ein feriemorgon,marsjerte dei taktfast ut av soverommet sitt og bort-over ganggolvet.

Dei tre ungane visste at om dei ikkje gjorde slikobersten befalte, ville det gå lang, lang tid før KyrreKorneliussen var så medgjerleg som dei likte å ha han.

Tre par nakne føter klaska nedover trappa ogvidare bort til eksersisplassen, som var midt på stue-golvet.

9

Detektiv Smartbart ferdig.qxd:A 06-09-11 11:34 Side 9