det som er sant

21

Upload: det-norske-samlaget

Post on 09-Mar-2016

241 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Ny ungdomsroman av Magnhild Bruheim

TRANSCRIPT

Page 1: Det som er sant
Page 2: Det som er sant

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 1

Page 3: Det som er sant

Magnhild Bruheim

Det som er sant

Roman

SamlagetOslo 2013

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 3

Page 4: Det som er sant
Page 5: Det som er sant

1

Musikk. Stemmer. Latter. Her kunne alt skje. Kanskjenoko fint. Kanskje ingenting. Lyden vart skrudd opp endameir. Fleire kasta seg ut i dansen. Det vart litt vanskeleg åsnakke. Men Linn hadde ikkje behov for å snakke akkuratnå. Auga hennar speida rundt i rommet utan å finne detdei leitte etter. Han hadde sagt at han skulle koma.

– Skikkeleg kul fest, altså. Solveig kom tilbake frådansegolvet og dumpa ned ved sida av henne. Det varingen ledige stolar, så dei sat på store puter.

– Ser ut som Jonas er interessert i deg. Linn måtte nes-ten rope inn i øyret på venninna.

– Æsj, vi berre dansa, sa Solveig og var sveitt i panna.– Han er vel ok.– Sikkert. Så vi får sjå. Solveig såg seg rundt. – Det er

mange andre her også.Linn smilte tilbake som svar. Samtidig kjende ho seg

usikker. Den eine ho venta på, hadde ennå ikkje vist seg.Ho sjekka telefonen for å sjå om det var ny melding.Ingen ting nytt.

Hanna hadde fått lov til å invitere rundt tjue venner påfest mens mora var bortreist på kurs. Men festrykta haddespreidd seg, så nå var huset fullt.

5

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 5

Page 6: Det som er sant

Vertinna smaug seg rundt blant gjestene. Linn studertehenne der ho kom mot dei med ei flaske i handa. Ho varkledd i ei åletrong svart bukse og hadde ein svart utringaoverdel som dekte baken. Kleda sat som spytta på.

– Øl? spurde ho og rette flaska til Linn. – Nei takk.– Frøken Prektig, sa Hanna og lo. – Og du? Ho vende

seg til Solveig.– Litt seinare, kanskje.Hanna vart ståande ved sida av dei med flaska i handa.

Tok seg ein slurk sjølv. Musikken vart dempa eit par hakkatt.

– Veit mor di at folk drikk her? Linn spurde fordi hovart irritert da Hanna kalla henne prektig.

– Kva trur du? Hanna snudde på den høge tynne sko-hælen og gjekk vidare.

– Kva er det med deg og Hanna? spurde Solveig inn iøyret på Linn. – Kvifor liker du henne ikkje?

– Har eg sagt det?– Du treng ikkje seia det du så tydeleg viser.– Det var noko som skjedde sist vinter. Før du flytta

hit. Noko jævlig, sa Linn.– Som du ikkje har fortalt meg?– Eg skal fortelja det ein annan gong. Linn ville ikkje

tenkje på det akkurat nå. I kveld skulle ho ha det moro. – Ho verkar så tøff. Solveig vart meir fjern i stemma. – Eg synest ikkje det er tøft å drikke seg full. Du ser jo

at ho ikkje er edru?– Da eg begynte i klassen, syntest eg nesten ho var litt

skummel, sa Solveig utan å kommentere det med drik-

6

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 6

Page 7: Det som er sant

kinga. – Måten ho snakka til lærarane og dei andre i klas-sen på, så overlegen liksom, og alltid med så kule klede.

– Du veit jo kva slags rykte ho har? spurde Linn, sjølvom ho eigentleg ikkje hadde lyst til å snakke meir omHanna.

– Ein treng ikkje tru på alt som blir sagt.– Rykte dukkar ikkje opp av seg sjølv. Ikkje det at eg

bryr meg om det, altså, sa Linn. Med det same oppdaga ho Sander. Endeleg. Han måtte

nettopp ha kome, og stod i andre enden av rommet. Altvar som det skulle vera. Hjartet dunka litt ekstra. Linnvinka. Han nikka tilbake frå andre sida av rommet.

– Eg var ikkje klar over at Sander var her, sa Solveig.– Han kom akkurat nå, trur eg, saman med Espen.

Linn reiste seg opp frå puta og strekte på kroppen. – Eggår og snakkar med han. Blir du med?

Sander stod for seg sjølv og såg på dei dansande daLinn og Solveig kom bort. Han smilte stort og sa hei. – Erdet bra fest? spurde han.

– Skikkeleg bra, svarte Linn. – Kom du ikkje før nå?– Espen og eg forsa litt. Linn kjende at det lukta øl av han, men det var ikkje

ekkelt. Det halvlange, krøllete håret såg nyvaska og vil-tert ut. Akkurat som på festen sist laurdag, da det haddekila Linn i ansiktet. Munnen såg like varm og mjuk ut.

– Skjer det noko spesielt? Sander såg frå den eine tilden andre.

– Spesielt? Solveig trekte på skuldrene. – Bra musikk, sa Linn og hadde lyst til å dra Sander

med seg ut på dansegolvet.

7

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 7

Page 8: Det som er sant

– Vanskeleg gitarlekse du gav oss på siste øving, sa Sol-veig. – Linn og eg sat to timar i går, så vi er snart proffe,spøkte ho.

Solveig var skikkeleg god på gitar. Ho hadde fått medseg Linn på eit kurs gjennom kulturskolen. Sander varlæraren, sjølv om han berre var to år eldre. Etter kvarthadde dei vanka ein del saman utanom kurset også.

– Ja, du kan verkeleg gle deg til å høyre oss måndag,sa Linn. Ho hadde lyst til å snakke med Sander, seia nokoanna, seia noko viktig, men fann ikkje ord som passa. Deivart berre for store eller for små i munnen hennar.

– Og her står alle dei søtaste jentene i kø. Det varEspen som kom mot dei på litt ustøe bein. Han slengdeeine armen rundt Linn, den andre rundt Solveig. I handahadde han ei colaflaske.

Begge jentene vreid seg ut av grepet hans. Armanehans fall slapt ned langs kroppen.

– Smak på dette, sa han og heldt fram flaska. – Det erikkje så uskuldig som det ser ut.

Linn og Solveig rista på hovudet, men Sander tokimot. Han drakk, gjorde ein grimase og gav flaska frå segatt. – I alle fall sterkt, sa han.

Linn ønskte at Espen skulle gå. Det einaste dummemed Sander var at Espen hang på han som ein klegg.Utruleg at dei var kameratar, så ulike som dei var. Hohadde mislikt Espen frå første stund. Han hadde fleireblomstrande kviser på haka, og det fanst ikkje noko annatiltrekkande ved han, heller. Og han sa alltid så mykjedumt. Klengete var han også, slik som nå. Hadde lagtarmane rundt dei som om det var ok.

8

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 8

Page 9: Det som er sant

Sander snudde seg mot Linn og opna munnen som omhan ville til å seia noko. Ho rakk å ønskje at han ville fore-slå ein dans. Da var plutseleg den svartkledde vertinna der.La eine handa lett på skuldra til Sander. – Danse?

– Ok. Han trekte på skuldrene og vart med.– Skal vi også? Solveig dulta Linn i sida.– Har ikkje så veldig lyst.– Kom igjen, nå. Solveig drog henne med. – Ikkje

tenk på Sander.Dei begynte å røre seg etter musikken. Dansa utan å

halde i kvarandre.– Kva meinte du med det du sa? Linn la munnen tett

inntil øyret til Solveig. – Om at eg ikkje skulle tenkje påhan.

– Du verkar litt for opphengd i han. Ikkje noko anna. – Han er jo den kulaste typen her.– Tja. Solveig såg seg rundt. – Kanskje ikkje den smar -

t aste å satse på.– Kva meiner du?– Sander flørtar med alle. Ein veit aldri om ein kan

stole på han.– Høyrest ut som du snakkar av erfaring?– Hugs at eg er eit klokt menneske, sa Solveig spøke-

fullt.– I alle fall det kulaste og snillaste mennesket eg veit

om, svarte Linn og kjende kor sant det var. Kor viktigdet hadde vore å treffe Solveig. Kor mykje som vart for-andra etter det.

Dei vart ståande og småtrakke mens dei snakka. Linnhadde samtidig Sander og Hanna i augekroken. Følgde

9

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 9

Page 10: Det som er sant

med. Dei dansa saman. Da neste låt kom, dansa dei vidare.Rolegare nå. Og tettare?

Ho tok handa til Solveig og leidde henne bort frå danse -golvet. Klinelåtar var kjedeleg med venninner. Dei gjekkinn i tv-stova, der musikken ikkje var så høg. Fann segledige sete i ein sofa. Linn gjorde seg brei, slik at det kunnebli plass til ein person til. Sat slik at ho framleis kunne sjådei som dansa.

Der sleppte dei kvarandre. Hanna snurra rundt på deihøghæla skorne før ho tok hovudet hans i hendene ogkyste han på munnen. Grov fingrane inn i krøllene hans.Linn miste nesten pusten der ho sat og såg på dei. Såsleppte Hanna han og gjekk bort til nokon andre. San-der såg først litt forvirra ut. Så kom han gåande mot tv-stova. Linn vinka. Han såg ikkje. Jo, der såg han henneog kom bort. Linn gjorde seg smal slik at han fekk plassved sida av henne.

– Hanna ser litt full ut, sa ho. – Og ho er ikkje den einaste, svarte han og klappa

henne på armen. – Ikkje alle er like prektige som gitar-elevane mine.

Prektig. Han brukte også det ordet. – Eg tar ein liten runde og snakkar med folk, sa Sol-

veig og reiste seg. – Snart tilbake.Linn fylte ikkje opp tomrommet etter Solveig. Ho

ville sitja så trongt, venninna kom jo tilbake. Sanderhadde lagt hendene på låra sine. Linn hadde sine i fanget.Berre ei lite rørsle så fann dei kvarandre. Så var det gjort,og kvelden var redda.

Alle orda vart borte att. Og hendene var like langt unna

10

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 10

Page 11: Det som er sant

kvarandre. Kunne ho gjera det? Eller måtte ho vente? Berresitja slik. Kjenne kroppen hans ved sida av seg.

– Den boka vi snakka om sist, sa han. – Eg tar denmed måndag.

– Fint, sa ho. – Det gler eg meg til. Ja, både å lesa bokaog gitartimen. Det er utruleg moro. Hadde det ikkje vorefor Solveig, så hadde eg aldri begynt med det. Før …

Sander avbraut henne. – Ja, det er ei knall venninnedu har, sa han og rørte på seg.

Linn heldt pusten.Så reiste han seg. – Eg tar ein runde, eg også, sa han.

– Kan ikkje sitja roleg for lenge på fest. Kan fort gro fast.Skal vi danse? Ho burde ha vore rask nok til å spørja.

Nytta sjansen da den var der. Like etter var det for seint.Sander var på veg ut til den største stova att. Han sjanglalitt. Hadde visst drukke litt for mykje. Kva skulle Linngjera? Berre bli sitjande? Alle gjekk frå henne. Solveighadde sikkert gått for å la Linn vera åleine med Sander.Men kvifor måtte han gå?

Ho fekk vente og sjå. Ho snudde seg mot jenta som sati ein stol ved sida av. Ei ho ikkje kjende. Linn prøvde åtenkje ut noko smart å seia, men jenta var berre opptatt avmobiltelefonen sin. Alle rundt henne var visst opptatt medsitt og kvarandre. På tide å reise seg og finne Solveig.

I opninga mellom dei to romma vart ho ståande. Eitstykke unna stod Solveig saman med Sander. Det såg utsom om dei diskuterte. Nå stilte han seg rett overfor Sol-veig, tok tak i overarmane på henne. Ho rista på hovudetog sa noko. Verka avvisande. Så sleppte han henne oggjekk.

11

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 11

Page 12: Det som er sant

Linn skunda seg bort til venninna. – Kva var det dusnakka med Sander om? sa ho. – Det såg ut som om devar ueinige.

– Det var ingenting, sa Solveig. – Ikkje noko viktig,meiner eg.

Solveig snakka ikkje sant. Linn såg det på henne. Detvar ulikt bestevenninna. Men Linn ville ikkje spørja meir.Heller snakke det bort.

– Du … den låten er berre så bra, kom, vi dansar. Sol-veig trekte henne med seg på golvet att.

Dei svinsa framleis rundt på golvet da Linn fekk augapå Sander. På nytt dansa han med Hanna. Ho hangrundt halsen hans. Såg drita ut. Så vart dei borte. For-svann saman?

Kva i all verda var det som skjedde?

Linn hadde vore så tilfreds med seg sjølv før ho gjekk hei-manfrå. Tenkt på Sander. På det som hadde skjedd påfesten sist laurdag. Visste at han skulle koma, det haddehan sagt. Eigentleg hadde ikkje Linn lyst til å gå. Ho varikkje venninne med Hanna. I grunnen var det rart atLinn var invitert på festen. Solveig ville, men ho vissteikkje noko om det som hadde skjedd før ho flytta hit.Linn ville eigentleg ha foreslått noko anna dei kunnegjera. Men da ho høyrde at Sander skulle gå, ombestemteho seg.

Linn hadde sett seg i spegelen og kjent seg ganske fin.Buksa var i trongaste laget, men det syntest ikkje underden lange overdelen. Ho hadde brukt lang tid på smin-kinga, og rufsa til håret slik at det såg tøft ut. Nå kjen-

12

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 12

Page 13: Det som er sant

dest det som om buksa var i ferd med å sprekke, sminkarann utover, håret var flatt, blusa lukta sveitte, og magenslo seg vrang. Kvelden var i ferd med å hamne i søppel-bøtta.

Musikken og latteren rundt henne var støyande. Hohadde mest lyst til å dra heim. Ein del andre hadde alle -reie gått.

– Opp med humøret, sa Solveig. – Vi er på fest. Drit iSander.

– Han har kanskje gått, svarte Linn. – Har ikkje setthan på lenge, kanskje ein halvtime.

– Kanskje det, sa Solveig og såg på klokka. – Er detok om vi blir litt til?

– Ok, sa Linn, sjølv om det ikkje var heilt ok.Da oppdaga ho Hanna i ei døropning. Plutseleg stod

ho der. Alvorleg. Barbeint. Men med kroppen framleisinnpakka i dei svarte kleda. Ho tok nokre steg. Ustø. Varho så full?

Ingen Sander saman med henne, tenkte Linn letta. – Hanna verkar så rar, sa Solveig, som også hadde fått

auge på henne. – Ho ser sjuk ut.– Tydelegvis full, sa Linn. Solveig kom seg opp på føtene utan å seia meir. Like

etter var ho borte hos Hanna, tok armen, snakka tilhenne. Dei stakk hovuda tett saman, Hanna lente segmot Solveig, Solveig heldt rundt henne. Lenge stod deislik.

Linn kom seg ikkje opp frå stolen. Det kjendest somho hadde lim i baken. Kva var det med Hanna? Solveigtrong vel ikkje stå der og trøyste henne i det uendelege

13

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 13

Page 14: Det som er sant

fordi om ho hadde vore dum og drukke seg full. Ingenandre såg ut til å bry seg.

Der forsvann dei ut gjennom døra, begge to. Utan åseia frå til Linn. Skulle Solveig også bli borte nå? Slik somSander. Gå ut døra saman med Hanna og bli borte? Linnkjende seg svimmel sjølv om ho ikkje hadde smakt eindrope alkohol. Ho hadde aldri prøvd å drikke seg full.Ikkje hadde ho særleg lyst heller.

Blikket var stivt festa på den mystiske døra. Ho klarteikkje vera opptatt av andre ting. Endeleg. Døra vart opna.Solveig kom tilbake. Åleine. På veg tilbake til Linn.

– Det er heilt jævlig. Solveig bøygde seg over Linn ogkviskra i øyret hennar.

– Kva er det? – Hanna er … Sander har gjort noko heilt forferdeleg.

14

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 14

Page 15: Det som er sant

2

Linn vakna og kjende eit stort tomt mørker inni seg.Hendingane frå kvelden før slo mot henne så ho nestenmiste pusten. Tusen tankar banka på og ville inn. San-der? Han kunne ikkje ha gjort det Hanna sa. Det måtteikkje vera sant. Ho kjende han da godt nok til å vita det.

Linn og Solveig hadde vore dei siste som gjekk etter atfesten vart avslutta. Fordi Solveig bestemte det. Ho opp-førte seg plutseleg som ein sjef som ordna opp i alt. Sadei måtte ringje politiet. Det som hadde skjedd, var atSander hadde tvinga Hanna til samleie, eller det var i allefall det Hanna sa. Solveig var opprørt og meinte det vardet same som valdtekt, og at det var viktig å melde fråfordi det var kriminelt. Hanna sa ho ikkje orka, politietville ikkje tru på henne likevel, meinte ho. Men Solveigringde. Først politiet, deretter mor til Hanna for å fåhenne heim.

Dei tre vart sitjande att i eit rotete festlokale utan folk.Utan liv og musikk og latter. Tomflasker. Glas. Skitnepapptallerkenar. Stearinlys som var blåste ut. Hanna sågogså ut som eit utblåst lys.

Ingen andre på festen fekk vita kva som hadde skjedd.Hanna ville ikkje, ville vente, alt var for vanskeleg, sa ho.

15

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 15

Page 16: Det som er sant

Derfor sa dei at ho var sjuk. Solveig sa det, Solveig somordna opp i alt. Rydda opp etter festen, fjerna flasker ogtømte oskebeger. Det var som ein motor som starta oppog aldri ville stoppe. Linn hjelpte til så godt ho kunne,fordi Solveig hadde kommandoen.

Linn hadde kjent seg kvalm og ønskte at ho likevelikkje hadde gått på festen. At det ikkje hadde vore nokonfest. At ho hadde vore heime og sett på eit eller annafjernsynsprogram saman med Solveig og ete noko godt.

Ho var kvalm nå også. Kjende trong til å spy. Allerhelst ville ho berre sova.

Mobilen gav lyd frå seg. Drar innom Hanna nå. Møtestsom avtalt utanfor kinoen, ok? Glad i deg, snuppa. Frå Sol-veig.

Mange timar utan Solveig. Ein lang grå dag. Med alledesse forvirrande tankane som ikkje ville sleppe taket.

Banking på døra. Den myndige stemma til mora: – Fru-kost for alle om ein halv time.

Linn hadde ikkje lyst på frukost. Ikkje lyst til å snakkemed foreldra. Men ho slapp ikkje unna, så godt kjende homor si.

– Var det ein fin fest? Mora verka smørblid. Linn hadde ikkje snakka med mora da ho kom heim,

berre faren sat oppe og venta til ho var vel i hus.– Heilt ok. Masse folk. Linn klarte ikkje å fortelja det

ho burde seia. Dei ville få greie på det. Men ho kunnenesten høyre alle spørsmåla som kom til å bombe henne.Det fekk heller vente.

– Det er fint at du kan omgåst Hanna att, sa mora.

16

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 16

Page 17: Det som er sant

– Av og til må ein leggje ting bak seg. Og nå har du joSolveig.

Ja, ho hadde Solveig. Men ho var ikkje venner medHanna, om det var det dei trudde. Ho mistenkte Hannafor å ha ein baktanke med å be henne på festen. Så vardei plagsame tankane der att. Hanna, Sander, Hanna.

– Nå må du få i deg mat, sa faren og plasserte brød-korga på asjetten hennar.

– Har ikkje matlyst så tidleg, sa Linn.Og dermed fekk ho det mistenksame blikket til mora

på seg. – Du prøver deg ikkje med noko slanketull att, vel? – Eg seier jo berre at det er for tidleg, eg har nettopp

stått opp. Linn kjende irritasjonen murre.– Skal du ta av eit par kilo, så får du heller begynne på

trening att, sa faren. – Eg har ikkje slutta. Eg speler jo handball, innvende

Linn.– Dessutan treng du ikkje ta av eit par kilo, sa mora

og såg strengt på faren.

Linn såg på klokka. Ho skulle møte Solveig utanforkinoen kvart på sju. På tide å kle seg om. Dagen haddegått på eit vis. Plutseleg slo det henne: Tenk om Sanderogså var der? Kva skulle dei seia til han da?

Ho opna skapet og drog ut fleire toppar. Prøvde eitpar av dei framfor spegelen, slengde dei frå seg og tok eintredje. Friske grønfargar i mønster. Oppkvikkande. Stodtil det lange, litt raudlege håret. Så var det buksa, densame som kvelden før. Den kjendest enda trongare ut nå,enda ho nesten ikkje hadde ete heile dagen.

17

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 17

Page 18: Det som er sant

Mens ho sleit med å få på buksa, banka det på døra.Sikkert mora.– Driv og skiftar! ropte ho litt irritert. – Kjem innom

før eg går.Døra gjekk opp. Det var Solveig som stod der.– Å hei, sa Linn overraska. – Kjem du innom? Er snart

klar. Berre eg får på meg denne fordømte buksa. Solveig lo. – Kvifor kjøper du ikkje klede som passar?

sa ho. – Fordi eg ikkje vil vera så tjukk, svarte Linn og lo litt,

ho også. Det var ok når det var Solveig som sa det. Deikunne snakke om alt mogleg.

– Du er ikkje tjukk fordi om du er søt som sukker. Ialle fall ikkje så tjukk, sa ho og erta.

– Ikkje mobb. Linn heldt inne magen. – Om eg berrevar så tynn som du.

– Eg har ikkje alltid vore så tynn, eg heller.– Så du har slanka deg? Linn hadde fått att glidelåsen

på buksa og snudde og vende seg mens ho studerte spegel -bildet. – Veit du forresten noko om filmen vi skal sjå?

Solveig sette seg ned på sengekanten og begynte å fiklemed kantane på eit teppe. – Du … det var i grunnen der-for eg kom innom, sa ho nølande. – Hanna har det ganskejævlig.

– Ikkje rart, viss det med Sander er sant, sa Linn, utanå forstå kva det hadde med filmen å gjera.

– Klart det er sant, sa Solveig i ein skarp tone og sågopp på Linn. – Den toppen din er dritkul, Linn. Du klerden så godt. Kan eg prøve? Stemma var mildare nå.

Linn tok av seg den fargerike toppen og gav til Sol-

18

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 18

Page 19: Det som er sant

veig. Nå var det venninna som kledde av og på seg fram-for spegelen.

– Du kan ikkje stole på Hanna, sa Linn.Solveig snudde seg mot henne. – Det var stygt sagt,

Linn. Linn greip ein av toppane ho hadde vraka, og drog

den over hovudet. – Eg lovde i går at eg skulle forteljadeg det som skjedde i niande. Det Hanna gjorde motmeg.

– Akkurat nå vil eg ikkje høyre på slarv om henne, vissdu forstår, sa Solveig. – Nå må vi hjelpe henne. Uansettkva som har skjedd før.

– Sander er ikkje slik, sa Linn og seig ned på senge-kanten. – Han har aldri oppført seg slik mot meg.

– Kjære, søte Linn. Solveig sette seg ved sida av og tokhanda hennar. – Det er aldri lett å vita korleis folk eigent-leg er. Folk treng ikkje vera snille fordi om dei verkar slik.Sander er sikkert vand til å få det han vil ha. Og sjølv omhan har vore saman med deg litt, så såg du jo sjølv kor-leis han oppførte seg mot deg i går. Klinte med Hannamens du stod der. Ikkje sant?

– Men Hanna var full, prøvde Linn seg.– Du meiner ikkje at det er ei unnskyldning?– Naturlegvis ikkje. Kva sa ho i dag?– Det hadde vore ekkelt med undersøkingane. Og

ubehageleg å forklare seg for politiet. Eg prøvde å trøystehenne og seia at det var riktig å melde frå.

– Du er snill mot alle, du, sa Linn og såg på klokka.– Men må vi ikkje gå nå om vi skal rekke kinoen?

– Du … dette er litt kinkig, sa Solveig og drog på det.

19

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 19

Page 20: Det som er sant

– Eg lovde å koma innom Hanna att. Og tenkte at duogså ville vera med. Eller blir du veldig lei deg om vidroppar filmen?

– Kan vi ikkje berre gå på kino saman, alle tre, da?– Hanna orkar ikkje gå ut blant folk. Det forstår eg

godt. Blir du med? Solveig greip ytterjakka si. Linn bestemte seg brått. – Eigentleg blir eg veldig lei

meg, sa ho. – Eg hadde gledd meg til vi skulle gå på kinosaman. Kanskje høyrest det barnsleg ut. Men som du harforstått, Hanna og eg er ikkje akkurat gode venner. Ogdet har ein god grunn. Som du ikkje vil høyre om.

– Klart eg vil, sa Solveig nølande, med eine handa pådørklinka. – Men eg må gå, og blir du ikkje med, så gåreg åleine. Hanna treng gode venner nå, det verkar ikkjesom ho har så mange. Vi får snakke om det andre sei-nare. Sorry, Linn.

Så var ho borte.

Det har skjedd noko nytt og gledeleg. 15. august. Første skole -dag i tiande. Det nye heiter Solveig. Ho kom som ein engelfrå himmelen. Men ho kjem berre frå ein annan plass. Tenkat familien bestemte seg for å flytte akkurat hit. Slik at hokom i klassen min, og vi vart kjende. Ho er pen. Tynn.Mørkt kort hår, som er klipt på ein måte slik at det dekkjerlitt av ansiktet. Bronsebrunt i tuppane og i ei stripe langseine sida. Straks første friminuttet kom, gjekk eg bort for åsnakke med henne. Linn som aldri har vore så modig. Medhenne er det som om eg har fått ein ny sjanse. Vi har bestemtoss for å bli bestevenninner.

Linn las gjennom det ho hadde skrive tidlegare. Om

20

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 20

Page 21: Det som er sant

møtet med Solveig. Ho hadde eit hemmeleg dokumentpå pc-en, som ingen andre hadde fått lesa. KVEN ERLINN? Når ho streva med noko, var det fint å kunneskrive det ned. Finne ord som forklarte, eller berre stiltespørsmål. Seinare kunne ho gå tilbake og hente fram attbitar av seg sjølv.

Eigentleg kunne det kallast ein blogg, berre at denikkje vart lagd ut på nettet. Det ho skreiv, var for privattil det.

Ho skvatt da meldinga tikka inn på telefonen. Du har sikkert høyrt om det forferdelege som blir sagt om

meg. Eg er uskuldig, og veit ikkje kva eg skal gjera for å fåalle til å forstå, til å tru på meg. Høyr på meg: EG ERUSKULDIG.

21

Det som er sant ferdig.qxd:På flukt 24-06-13 13:47 Side 21