den hesten er av snø

9

Upload: det-norske-samlaget

Post on 28-Mar-2016

227 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

Den hesten er av snoe, Juliane Rui, lyrikk, debutant, dikt, poesi

TRANSCRIPT

Page 1: Den hesten er av snø
Page 2: Den hesten er av snø

Juliane Rui

Den hesten er av snø

Dikt

Samlaget

Oslo 2011

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 3

Page 3: Den hesten er av snø

© 2011 Det Norske Samlagetwww.samlaget.no

omslagsillustrasjon: David Sanchezomslag: Johanne Hjortholførtrykk: Samlagetskrift: Adobe Garamond 11/13,5papir: 100 g Munken Print Creamtrykkeri: AIT Otta ASPrinted in Norway

ISBN 978-82-521-7808-1

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 4

Page 4: Den hesten er av snø

7

Fingranes vesen uroar

kvart sinn. Novu va

taneme. Celi arpore.

Eg kan ikkje skrive så mange ord

det er som det forsvinn.

Eref ind oihte. Uut

elur. Her skulle vore

eit lydspor, ei luke og de opna

og ei stemme song ord de ikkje forstår.

Som å høyre ein japansk eller fransk song

når ein ikkje kan språket.

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 7

Page 5: Den hesten er av snø

Haust. Eg kunne snakke

om kvelden. Eg kunne peike.

Eg kunne sjå på

stjernene. Eg kunne vende

orda. Bøye strenger.

Ei fele. Eg kunne vore mildare

lettare. Revar. Eg kunne leike

i kvelden. Eg kunne vêre

gradvis i mørkret. I vindar.

Eg kunne folde

vindar, eg kunne

ein morgon halde fram

denne gonga som mi

denne keitete denne lågare

stemma, men eg

ville ikkje vite anna enn:

Eg ville verke, ville hente

ut av trådane, eit varmt pinnsvin. Hendingar

frå andre soler av.

8

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 8

Page 6: Den hesten er av snø

9

Eg ønskjer å vere som

dei kinesiske dikta

klar

sannferdig

Det verste eg gjorde

på vegen heim

var å tolke ein gest

Eg kledde meg i gjennomskinleg

for å notere ned

fuglane

Fuglar?

Kvar hadde du vore?

Fuglar der ute

eg skriv dei i boka

det er det (beste)

eg kan gjere

(song)

I wish to belike those chinese poemstruthful, clear

The worst thing I did

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 9

Page 7: Den hesten er av snø

10

on my way homewas to unform the clay

make an owlmake you recollect

human sounds

I dressed all in transparentto write the birds down

it isthe best I can do

now I must rest

now I must

now I must rest

I must

decipher

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 10

Page 8: Den hesten er av snø

11

Set ring kring foten.

Det skal vere ein liten låsemekanisme.

Lågvatn. Eg får det ikkje til.

Det klistrar seg

eg skrapar meg på rur.

Eg syng først

lyst. Lukkar noteboka.

Eg syng mørkare.

Om verda, utan sårheit

korleis er det

for ein fugl å vere stum?

Fysiologi. Hvordan kan

slangene fiskene fuglene høre.

Viss songen går

to trace a hoUl

og det er eit hòl, som under bakken

når frosten kjem

hòl i dine jakkeerme

eller det er ei nedteikning

av eit heile.

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 11

Page 9: Den hesten er av snø

Elgen. Eg er ein okse.

I våren

paringa. Eg stryk ho

med geviret

med mulen.

Halvlys

vi stansar.

Lauv, eit bær

eg hentar.

I ein vinter, eg var.

I ein vinter

knelande i snøen.

Fordjuping i snø.

Vinden stilna

i trekronene. Lydhør.

Eg var aleine.

12

Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 12