brukarrettleiing for tussafiber heimesentral...lampeoversikt for znid-gpon-24xx: status - viser om...
TRANSCRIPT
BRUKARRETTLEIING FORTUSSAFIBER HEIMESENTRAL
VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA
2
TUSSAFIBER
MONTERINGSRETTLEIING FOR INTERNETT, DIGITAL-TVOG TELEFONI
Denne rettleiinga skal hjelpe deg å kome raskt og enkelt i gang med
internett, digital-tv og telefoni. Vi tilrår at du les gjennom heftet før
du startar, og at du følgjer instruksjonane nøye.
Får du problem kan du bruke sjekklista på side 10 for å finne ei
løysing. Dersom du framleis står fast, kan du kontakte kundesenteret
for å få hjelp.
Kopling av heimesentral 4
Aktivere trådlaust nettverk 6
Kundeservice 7
Sjekkliste ved problem 8
Koplingsskisse 10
4
Ein montør kjem og koplar opp heimesentralen hos deg ved levering av TUSSAFIBER. Det vert først montert ei utvendig veggboks. Frå den vert det trekt ein fiberkabel på inntil 12 meter inn til heimesentralen. Etter at heimesentralen er ferdig montert inne i huset, er det kunden sjølv som er ansvarleg for kabling internt i huset.
Viktig! Utstyret er ømfintleg for overspenning og du har sjølv ansvar for at utstyret er tilstrekkeleg beskytta. Tussa tilrår difor at utstyret vert kopla til overspenningsvern.
Sjå ikkje inn i fiberkabelen, dette kan skade augene.
For mange kan monteringa verke komplisert. Kundar som er vane med montering kan kable og setje opp koplingspunkta sjølv, men vi tilrår at du innhentar tilbod frå godkjend installatør til jobben. Kontakt ansvar-leg representant på anleggstaden eller avtal direkte med det firmaet du ønskjer å nytte.
Pots 1 og 2 - Analog telefon
GE1 - Internett
GE2 til GE4 - Digital-tv
RF - Analog-tv
PWR - Straum
On/off - Av/på knapp
Fiberkabel
Fig. 1 Heimesentralen
TUSSAFIBER
KOPLING AV HEIMESENTRAL
a b c d e f g
a
b
c
d
e
f
g
5
Internett-tilkopling (GE1)Internett skal koplast frå GE1 på heimesentralen. Til det skal du bruke ein Cat-5 nett-verkskabel eller betre. Dersom du ønskjer å kople på meir enn ein PC må du bruke ein svitsh med minimum 100 Mb/s. Dette får du kjøpe på t.d. ein elektronikk-butikk.
Telefoni (Pots 1 og 2)Set telefonkabelen i kontakten merkt “Pots 1” på heimesentralen dersom du har tinga Tussafiber med telefoni.
Digital-TV (GE2 - GE4)Dersom du har tinga digital-tv frå Get, får du tilsendt ein Get-boks. Denne må stå ved tv-en. Mellom tv og Get-boksen koplar du HDMI-, komponent-, eller SCART-kabel. OBS: ved bruk av SCART-kabel får du ikkje glede av HD-kvalitet på bileta.
Mellom heimesentralen og Get-boksen må det vere ein Cat-5 nettverkskabel eller betre. Denne nettverkskabelen skal koplast frå GE2 på heimesentralen til RJ45- porten i Get-boksen.
Ein kan kople 3 Get-boksar på heimesentralen. Dersom du ønskjer å kople til fleire enn det må du bruke ein svitsj som du kan kjøpe på ein elektronikk-butikk.
Analog TV-tilkopling (RF)Dersom du har tinga digital-tv frå Get, leverer vi også analoge tv-signal der du får tilgang til tv-kanalar utan innkjøp og tilkopling av dekodar til andre tv-ar i huset. For å unngå dårleg bilete på tv-en din må koaksialkabelen gå via ei antenne-kontakt på veggen som dempar signalet. Sjå koplingsskisse på side 10.
Pots 1 og 2 - Telefoni
GE1 - Internett
GE2 til GE4 - Digital-tv
RF - Analog-tv
PWR - Straum
On/off - Av/på knapp
Fiberkabel
1
2
3
4
5
6
7
Fig. 1 Heimesentralen
1
23
4
5
7
6
TUSSAFIBER
AKTIVERE TRÅDLAUST NETTVERK PÅ HEIMESENTRALEN
På denne heimesentralen (ZNID-GPON 24xx) er trådlaus funksjonalitet
slått på som standard. Du kan kople PC-en din til det trådlause nettet ved
å følgje denne rettleiinga:
Det trådlause nettverket ditt heiter “ZHONE_SSID0”
På eska eller under heimesentralen din finn du WPA-kode til det trådlause nettet. Skriv inn denne koden når du blir spurt om å oppgi nettverksnøkkel under tilkoplinga til nettverket. For å finne koda til det trådlause nettet må du gjere følgjande:
• Les av serienummer til heimesentralen og legg til “znid”.
• WPA-kode vert då til dømes: znid301629287 (dersom serienr. ditt er 301629287)
1
Her kan du notere WPA-koden din znid
1 Opne oversikta over trådlause nettverk på PC-en din og prøv å kople til det tråd-lause nettverket ditt. Det er vanleg at du finn dette i verktylinja nedst i høgre hjørne. Namnet (SSID-en) til nettverket er ZHONE_SSID0
2 Det trådlause nettverket er sikra med såkalla WPA-kryptering. For å kople deg til må du difor leggje inn ein WPA-kode på alle einingar som skal nytte det trådlause nett-verket. WPA-koden finn du ved å følgje metoden over.
PC-en skal no vere klar med trådlaust samband(Hugs å aktivere trådlaus-knappen på PC-en din)
7
ORD OG UTTRYKK
Heimesentral: omformar lyssignal frå fiberen til datasignal
Ethernet: eit namn på den dominerande teknologien for lokale datanettverk. Dei vanlegaste hastigheitene er 10, 100 og 1000 Mbit/sekund (sjå LAN).
LAN - Local Area Network: eit lokalt kommunikasjonsnettverk med printerar, datam-askiner, fil-serverar osb.
WLAN - Wireless LAN (trådlaust nettverk)
Nettverkskort: ei eining i datamaskina som gjer at ho kan kommunisere med ruter og andre datamaskiner. Kan også vere kopla til utvendig på maskina.
RJ-45: namnet på pluggen som sit på nettverkskablar (større enn ein telefonplugg).
IP-adresse: den unike elektroniske adressa til ei datamaskin som er kopla til internett.
KUNDESERVICE
Erfarne medarbeidarar på Tussa Kundesenter er klare til å hjelpe deg
dersom du får problem.
Vi gjer merksam på at kundesenteret ikkje har høve til å yte kunde støtte
for tenester som ikkje er leverte av Tussa. Dette gjeld t.d. svitsj, trådlause
ruterar, PC-ar og programvare (til dømes antivirus), brannmurar m.m
frå andre leverandørar. Dersom du treng hjelp til denne type ting, kan
du kontakte leverandøren av utstyret, tenesta eller programvara direkte.
Vi har dyktige medarbeidarar som kan hjelpe deg med dei fleste spørs-
mål knytt til Tussa og Tussafiber.
Dersom det er spesielle tekniske årsaker til at du har problem, er det
ikkje sikkert at kundesenteret kan løyse saka di på staden. I slike tilfelle
blir saka di sendt vidare til Tussa si eiga teknikargruppe.
8
SJEKKLISTE VED PROBLEM
Dersom du har problem med å få internett, digital-tv eller telefoni
til å fungere, set vi pris på om du sjølv sjekkar desse punkta før du
kontaktar kunde service.
1. SLÅ AV OG PÅ HEIMESENTRAL OG PC-ENSlå av og på heimesentralen slik at han kan prøve å kople seg til PC-en igjen. Slå av og på PC-en slik at han under omstarten eventuelt kan oppdage heimesentralen som er kopla til han.
2. KONTROLLER LAMPANE PÅ HEIMESENTRALENPå heimesentralen din er det fleire lampar på toppen som signaliserer om han har kontakt med PC og anna utstyr. Ved å sjå kva for lampar som lyser, kan du finne ut kvar feilen ev. ligg. DØME: Dersom t.d. lampen “GE1” ikkje lyser, har ikkje heime-sentralen kontakt med Get-boksen.
Lampeoversikt for ZNID-GPON-24xx: STATUS - viser om heimesentralen er tilkopla straum (blinkar grønt kvart 5. sekund) GE1 - viser om det er kontakt mellom heimesentralen og PC (lyser grønt) GE2,3 og 4 - viser om det er kontakt mellom heimsentral og Get-boksen (blinkar
ved trafikk/lyser ved kontakt) WiFi - viser om det trådlause nettverket på heimesentralen er slått på (lyser grønt) VOICE - lyser når telefonlinja er aktivert, blinkar under samtale WAN - viser at heimesentralen har kontakt med internett (lyser grønt) VIDEO - syner at analogsignalet er aktivert (lyser grønt) ALARM - lyser berre ved feil (lyser raudt). Ta kontakt med Tussa!
3. KOPLE PC-EN DIREKTE TIL HEIMESENTRALENDersom du har ein trådlaus ruter eller andre type utstyr mellom heimesentral og PC-en, fjernar du dette. Så koplar du PC-en direkte til heimesentralen sin LAN- eller Internet-utgang med ein nettverkskabel og ser om du får kontakt.
4. KONTROLLER NETTVERKSINNSTILLINGANE PÅ PC-ENPå neste side finn du nettverksinnstillingane du skal bruke i ulike Windows-versjonar. Kontrollér at innstillingane på maskina di stemmer overeins med det som står der.
TUSSAFIBER
9
PC MED WINDOWS VISTA- Klikk på Start (Windows-logo nede til venstre). Klikk deretter på “Nettverk”- Klikk på “Nettverks- og delingssenter” på den øvste menylinja.- Klikk på “Administrer nettverkstilkoblinger”.- Høgreklikk på ikonet for “Lokal tilkobling” og vel “Egenskaper” i menyen.- Her vel du “Internet Protocol version 4” og trykkjer “Egenskaper”.- Vel “Motta IP-adresse automatisk” og “Motta DNS-serveradresse automatisk”.
- Klikk på “OK” og steng alle opne vindauge. Du skal no kunne kople deg til Internett.
PC MED WINDOWS 7- Klikk på Start (Windows-logo nede til venstre).
- Klikk deretter på ”Kontrollpanel”
- Klikk på ”Nettverk og Internett” i ruta som kjem opp.
- Klikk deretter på ”Nettverks- og delingssenter” (Viss du har endra visinga til å bli
sortert som ikon, går du direkte på ”Nettverks- og delingssenter”).
- Klikk så på ”Endre innstillinger for nettverkskort” i margen til høgre.
- Høgreklikk på ikonet for ”Lokal tilkobling” og vel ”Egenskaper” i menyen.
- Her vel du ”Internet Protocol version 4” i lista og trykkjer på ”Egenskaper”
- Vel ”Motta IP-adresse automatisk og ”Motta DNS-serveradresse automatisk”.
- Klikk på ”OK” og steng alle opne vindauge. Du skal no kunne kople deg til Internett.
PC MED WINDOWS 2000/WINDOWS XP- Høgreklikk på “Mine nettverksstader” eller “My network places”. - Klikk deretter på “Eigenskapar” eller “Properties”.- Høgreklikk på “Lokal tilkopling” eller “Local area connection”. - Klikk på “Eigenskapar” eller “Properties”.- Bla deg deretter fram til “Internett-protokoll (TCP/IP)” eller “Internet protocol (TCP/IP)”. Marker han, og klikk på knappen “Eigenskapar” eller “Properties”.- Her skal det vere kryssa av for “Motta IP-adresse automatisk” og “Motta DNS-serveradresse automatisk”, eller “Obtain an IP adress automatically” og “Obtain DNS server adress automatically”.- Du skal no fjerne gamle tilkoplingar.- Opne Internet Explorer.- Gå til “Verktøy” og “Alternativer for internett” eller “Tools” og “Internet options”.- Gå til arkfana “Tilkoplingar” eller “Connections” og fjern alle eventuelle tilkoplingar.- Trykk “OK”. Du skal no kunne kople deg til Internett.
10
Under finn du ei enkel koplings-skisse. Lysblå bakgrunn viser det området Tussa har ansvar
for å kople. Lysgult område viser det kunden sjølv har ansvar for å kople.
Fiber
Utv
end
ig b
oks Analog
Digital
Heimesentral
get
Cat-5 UTP eller Cat-6 UTP nettverkskabel
digital TV-dekodar
Fiberkabel
Telefonkabel med anten RJ11- eller RJ45 plugg
HDMI-, komponent- eller SCART-kabel
Antennekontakt for analog TV-tilkopling
Koaksialkabel av typen RG6 eller RG59
get
Heimesentral
splitter
splitter Splitter til koaksialkabel for analog TV-tilkopling
tussafiber.no
TUSSAFIBER – ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON?
Ring kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00, eller send ein e-post til [email protected].