+2014.pdf · men som si fremste oppgåve å gjera andre gode, det vere seg kundar, leverandørar...

12
www.fmvas.no

Upload: dangtu

Post on 13-Jul-2019

214 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

www.fmvas.no

«Never give in. In nothing, great or small, large or petty - never give in, except to convictions of honour and good sense.» - Winston Churchill

FMV si hovudbrosjyre kjem kvart andre år. I 2010 var tema at verftet fungerte godt igjen etter krisa i 2007 og var på “veg opp”, i 2012 at satsinga innan FMV Havbruk kas-ta av seg og at me mellom anna hadde 2 ringnotbåtar i ordreboka. Grunnlaget var lagt. No i 2014 fortel me om nokre av dei fartøya me har levert nyleg, HFMV-designa som er utvikla saman med Heimli Ship Design og investeringar innan infrastruktur.

Pågangsmot og vilje tel i skipsbygging, det syner erfaringane frå 2007 og åra sein-are. Desse, saman med gjennomtenkte og gode val, samt tålmod og “sisu”, kjennetei-knar FMV. Me gjer oss ikkje og me utviklar oss. Eigarar som er industrielt dyktige og ikkje redd for å satse, samt kundar som er krevjande, tykkjer om norsk verdiskaping og tenkjer langsiktig er òg viktige bidrag til at me som verft har “framtida framom oss og ikkje bak”.

FMV206 Bondøy og FMV36 Harvest står ikkje attende for noko synes me, og syner stolt fram desse levert til høvesvis SalmoNor (Rørvik) i mai 2014 og Hardhaus (Aus-tevoll) i juli 2014. Begge fartøya er designa her på Fitjar, og Bondøy er komplett bygd her. Det gode samspelet me har både med Heimli Ship Design og Wärtsilä Ship Design er ein stor styrke for oss, og noko me vil utvikla vidare.

“Berre goe folk!” fortel noko om kva me verdset internt på “Sveiseneset”. Leiar-gruppa, eit godt lag på heile 8 mannfolk, har som ei viktig oppgåve å vera gode sjølv, men som si fremste oppgåve å gjera andre gode, det vere seg kundar, leverandørar eller medarbeidarar. Me tykkjer godt om kortreist arbeidskraft, og har nyleg tilsett 3 unge, lokale gutar i produksjonen. Av dei 10 utanlandske som er fast tilsette har 5 slått rot på Fitjar. Me er no vel 10 fleire tilsette enn i 2012, me veks. Av våre vel 60 er 10 kvinner; me hadde ikkje klart oss like godt utan.

Havet og fiskeri-, havbruk- og offshorenæringane er viktig for regionen vår og heile nasjonen. FMV skal gjere vårt for at alle dei som driv innan desse krevjande næringane skal lukkast. Me har ikkje som ambisjon å bli størst, men stadig betre og til slutt best innan nybygging og service for fiskeri og havbruk. Me skal òg vera eit alternativ for offshorereiarlag, spesielt i vår region. Alle dei som vel “Berre goe!” skal vera trygg på at dei får eit godt, langsiktig samarbeid og eit kvalitetsfartøy.

“Me byggjer for framtida!”, også for vesle Sigmund Skipsbyggjar. Den neste bros-jyren, i 2016, vil vonleg fortelja at me har lukkast med HFMV design også innan fiske-fartøy og brønnbåtar, og at ny infrastruktur har kome vel med. Men før det skjer skal me levere mykje godt arbeid og gje “Full hændel!”.

Hugo Strand Verftsdirektør, Nordlending og stadig meir Vestlending

Me byggjerfor framtida...

Design: HFMV W15Hovuddimensjonar LxBxD: 15 x 12 x 3,9m

...og me gjer andre goe!

FMV206 Bondøy er ein arbeidsbåt med stor kapasitet som er designa og bygd i sin heilheit på Fitjar for SalmoNor i Rørvik. Det tok i underkant av 6 månader frå kontrakt-signering til overlevering i mai 2014.

HFMV DesignHFMV er forkorting for Heimli Ship Design og FMV. Me fører stolte designtradisjonar på Fitjar vidare og bidreg til “Godt samspel på Fitjar” innan utvikling av arbeidsfartøy, fiskebåtar og brønnbåtar. Fellesnemnaren er fisk.

Konseptutvikling og design av fartøy er ei grunnleggjande oppgåve. Saman har Heimli Ship Design og FMV funne ei god oppskrift for å utvikla konsept, gjere teknisk/økonomiske vurderingar av utstyrsval, designe og arrangere for god drift så vel som byggjevenlegheit. Så langt har samarbeidet resultert i 6 leverte havbruksfartøy og 3 nye i bygging (for 6 ulike reiarlag og alle bygd komplett på Fitjar), HFMV PS60 Austral – ein snurpar tilpassa peruansk fiskeri og eit brønnbåtdesign, samt engineering for ei mengd service/ombyggingsoppdrag og konseptutvikling av større havbruksfartøy.

Innan havbruk skal me fortsette satsinga og planen er også å tilby aluminiumsbåtar i framtida. FMV har begrensa produksjonskapasitet og me vurderer difor sal av HFMV design og engineeringstenester til andre verft.

Innan fiskefartøy og brønnbåtar skal me tilby HFMV design til enkelte kundar. Men FMV har bygd 15 havgåande fiskefartøy av WSD design, og me hadde ikkje vært der me er forutan. FMV har eit godt samarbeid med Wärtsilä Ship Design, tidligare VikSandvik, og me har til dømes vore involvert i designutviklinga av Kystverket sine nye fartøy, og FMV har nyleg levert WSD sine design FMV35 Vendla og FMV36 Harvest. Alle dei nemnde båtane er kompliserte kvalitetsprodukt frå A til Å, og denne samhandlinga skal fortsetje og vonleg forsterkast. Me trur FMV blir meir attraktiv for reiarar og designselskap når me på prosjektstadiet kan tilføre teknisk/økonomiske vurde-ringar og erfaringar gjennom eigne design og ei mengd vedlikehaldsoppdrag. I tillegg har me god engineeringskompetanse til bruk i sjølve bygginga og for tenester i driftsfasen. Det er få norske verft som satsar innan fisk, og det er ei krevjande oppgåve å designe og byggje eit godt fiskefartøy. FMV skal være ein dyktig og attraktiv partner.

FMV har erfaring og kunnskap som vil verta meir og meir attraktiv etterkvart som båtane blir dyrare og meir kompliserte, og innan havbruk og brønnbåtar også større. Difor etablerer me til dømes FMV Elektro og andre servicetenester og satsar innan prosjektut-vikling, design og engineering. Me blir ein meir interessant samarbeidspartner og ein meir spanande arbeidsplass. Saman med inves-teringar i infrastruktur legg FMV eit framtidig grunnlag for fortsatt verdiskaping her i steinrøysa, og dermed svarar me på utfordringa frå utanlandske konkurrentar.

Under ser vi (frå øverst til venstre med klokka) FMV203 Obelix, FMV204 Safir, FMV210 og HFMV LFC3600 Seistar, alle av HFMV Design..

Asbjørn (39) er utdanna innan Marin teknikk med konstruksjon som spesialisering ved NTNU i Trondheim. Hovudkontoret til Heimli Ship Design ligg på Fitjar, i tillegg har han også ei underavdeling av bedrifta si i Szczecin i Polen, kalla Heimli Ship Project. Totalt er dei 8 tilsette i bedrifta, to i Noreg og seks i Polen.

Primæroppgåva til Heimli Ship Design med Asbjørn i spissen er å designa arbeidsbåtar til havbruksnæringa, fiskebåtar og ulike spesialfartøy. Dette inneber blant anna at dei lagar arbeidsteikningar og klasseteikningar. I tillegg har dei spesialisert seg på å jobba

med fartøya sin stabilitet og Computa-tional Fluid Dynamics (CFD), altså korleis dei skal forma skroget for at båten skal gå best mogeleg i vatnet.

Programvare Heimli nyttar:- AutoCAD for design og konstruksjon- NUPAS for klasse- og arbeidsteikningar- RHINO for design og arbeidsteikningar- Maxsurf for stabilitet, linjer og fart- OpenFOAM for CFD- Multiframe for strukturberekningar- Nauticus Hull for klasseberekningar

Asbjørn Vik synest samarbeidet med Fitjar Mekaniske Verksted er svært godt, og gler seg til fortsetjinga.

HFMV PS60 Austral - eit ringnotfartøy utvikla for peruansk fiskeri av Heimli Ship Design og Fitjar Mekaniske Verksted

Asbjørn Vik - sjefsdesignar i Heimli Ship Design

Asbjørn Vik saman med modellane av to av arbeidsbåtane han har designa for FMV: (f.v)FMV203 Obelix og FMV206 Bondøy

Nye og gamle båtar

Jan Åge Tislevoll og hydraulikkspesialist Kjell Træet i gang med røyrbøying

FiskefartøyFMV har bygd 15 havgåande fiskefartøy sidan 1999. Dei to siste, FMV35 Vendla og FMV36 Harvest, syner kor komplekse og teknologiske slike fartøy har blitt, spesielt innan maskineri og el/automasjon. Bygging av fiskefartøy er vårt “bread & butter”, og det er dei me likar best å laga. Me har eit mål om å bli leiande i Noreg innan fiskefartøy og gjer gass for å oppnå det.

HavbruksfartøyMe har satsa innan havbruk sidan 2010. Me har levert 6 arbeidsbåtar og har 3 under bygging no. Tidlegare har me bygd 3 fôrflåtar. Alle er av HFMV design, bygd innomhus på FMV og me nyttar same arbeidsmåtar og mate-rialkvalitetar som for større fartøy. Det har gitt solide båtar av høg kvalitet, levert på tid. FMV skal vere ein komplett tilbydar innan nybygg og service for havbruksnæringa, og gjer investeringar i infrastruktur og tenestetilbod no. Saman med Heimli Ship Design har me utvikla større arbeidsbåtar og har planar om også å tilby båtar i aluminium og selje design til reiarlag og verft.

OffshorefartøyI perioden 2002-2009 leverte FMV 6 PSV/MPSVar, og sidan har vi utført større modifikasjonar på 7 slike fartøy og servicearbeid på ei rekkje andre. Det er mange reiarlag i vår del av landet og for få verft som tilbyr bygging av slike fartøy. FMV skal også byggje offshorebåtar i framtida.

Spesialfartøy og brønnbåtarKystverket sine 2 nye båtar er utvikla i samarbeid med Wärtsilä Ship Design og levert av FMV i 2012 og 2013. Saman med Heimli Ship Design har me utvikla eit brønnbåtdesign. Vår “track record” innan fiskefartøy og offshorefartøy (nybygg og service) gjer at me har framifrå erfaring og kompetanse som kan nyttast innan prosjektutvikling og bygging av spesi-alfartøy. Nærleiken mellom designar og verft gjer at reiarlag opplev “godt samspel på Fitjar” og får “goe båtar!”

ServiceFMV skal vere til stades for alle reiarar og gjera arbeid på seglande båtar ikkje berre byggja nytt. Det er krevjande å kombinere desse aktivitetane, men det gir og mykje attende for dei som klarar kombinasjonen, og me har lang røynsle og goe folk. No investerer me i infrastruktur og tenestetilbod retta mot havbruksnæringa, men noko av kompetansen vil sjølvsagt òg bli nytta for større fartøy, FMV elektro og maskintenester.

Nye og gamle båtar

Sidan 2008 har me prioritert å utvikla folk og skipsbyggjarkompetanse. Det skal me halde fram med sidan me forstår at det tek både tid og røynsle å bli ein dyktig FMVar, samt at utviklinga går sin gang og marknaden endrast. I tillegg ønskjer me sjølv å tilby nye tenester innan til dømes service.

Et skipsverft treng ikkje berre goe folk, men òg godt verktøy. Samstundes som me har utvikla folk, har me òg forbetra infrastrukturen. I tida framover vil me gjere fleire viktige oppgraderingar og fornyingar. Me har allereie laga 5 mål nytt land og kjem til å auka med 2-3 mål i år. Til hausten set me opp ein tårnkran med 40 tonn løftekapasitet. Då blir me meir sjølvberga med omsyn til løft for utrustning av nybygg, og me kan løfta mindre arbeidsbåtar på land.

FMV har som eit av fleire mål å levera eit komplett tenestetilbod innan havbruksservice og -nybygg. FMV har difor kjøpt ein mobil lift slik at me kan tilby fleire servicetenester til havbruksnæringa. Liften kan ta 300 tonn og fartøy opp til om lag 30m.

Området me eig i Årskog vil bli tilpassa lagring av utstyr, samt tenester som høyrer med slikt. Me har no fått en del røynsle gjennom FMV Base og lagring av offshoreutstyr, og har god tru på denne marknaden framover.

“Folk og verktøy – verktøy og folk” er dei viktigaste faktorane for å lukkast som skipsbyggar. Ein må ha desse i fokus til alle tider, tenkje langsiktig og ikkje la seg influere for mykje av skiftande økonomiske konjunkturar. Me har tru på oss sjølv og på norsk skipsbygging også i framtida. Det vil bli nødvendig med auka grad av mekanisering/automatisering og også difor meir innandørs produksjon. FMV er i gang med å vurdere alternativ for nye hallar (stål, aluminium, overflatebehandling) slik at me til dømes kan auka kapasiteten og storleiken på arbeidsbåtane, tilby betre arbeidsforhold og bli ein enda betre nabo. I forhold til bygging av store båtar ser me på ny utrustningskai og ein framtidig sjøhall.

Satsinga på “folk og verktøy” har gitt gode resultat, ikkje minst for kundane våre. Me vonar det vil halda fram.

«Folk og verktøy – verktøy og folk»

«Give us the tools and we will do the job»

Mulig framtidig verftslayout for FMV Sveiseneset

FMV har prestert jamt bra i ein del år no. Vi har gjennomført gode prosjekt, utvikla folk, tenester og infrastruktur, samt hatt ferdigheit-er og krefter til å gå etter nye mogelegheiter. Vi veit kvar vi kjem frå og kvar vi er, og vi har ei god formeining om kvar vi skal. Gjennom-føringsevna vår blir avgjerande for at vi kjem dit.

FMVs største fortrinn er vår arbeidslyst og yrkesstoltheit, og vår tru på at vel utført arbeid på “Sveiseneset” er viktig for at andre skal lykkast. Alle 60 tilsette er like viktige i det, og har prestasjonsvilje, forbetring og langsiktigheit i seg. “Me gjer andre gode!”.

Jobben til medlemmene i FMVs leiargruppe er spesielt krevjande. Alle i leiargruppa skal delta operativt i første linje, og i tillegg skape ein sterk organisasjon som klarer å gjennomføre den daglige drifta ordentleg. Leiargruppa skal også ha tankekraft til å setje saman eit rett bilde over kvar vi er og kvar vi bør bevege oss vidare, samt ha krefter og gjennomføringsevne til å ta oss dit. Totalt sett blir dette en utfordrande og krevjande jobb, men aldri rutinemessig. Og når vi lykkast saman er den rett og slett givande.

Gjennom hardt arbeid har FMV skapt eit solid verft som er godt fundamentert kva angår verftskultur, dyktige arbeidsfolk og solid økonomi. Nokre eksempel på det vi har gjennomført dei siste åra: - FMV Base etablert- FMV Havbruk etablert (bygd 8 HFMV arbeidsbåtar og 3 fôrflåtar sidan 2011, alt komplett på FMV)- Teknisk avdeling etablert (10 tilsette per no)- HFMV design (arbeidsbåtar, fiskebåtar og brønnbåtar) utviklet saman med Heimli Ship Design. - Infrastrukturen på “Sveiseneset” utvikla. Våre planar framover omfattar også spenstige og utfordrande oppgåver, eksempelvis: - FMV Havbruk: ny infrastruktur, nye tenester og kompetanse- FMV Elektro: etablering og utvikling av elektroselskap- HFMV design: bygging av prototypar av HFMV design innan fiskefartøy og brønnbåtar, samt sal av design og engineering innan havbruk- FMV Base: etablering på vårt område i Årskog (3 km nord for «Sveiseneset»)

FMVs leiargruppe består av 8 skipsbyggjarar. Den er samansett slik fordi FMV driv innan nybygg og service for ulike marknadar (fisk, havbruk, offshore/spesial), byggjer komplette arbeidsfartøy her på “Sveiseneset” og har viktige oppgåver for utvikling av verftet framover. Men mest av alt fordi leiargruppa er ein god gjeng med hjarte for verftet og lokalsamfunnet, og ingen tenker “I am” men heller “We are FMV”.

FMV bygger ikkje berre fartøy og yter servicetenester. Me lagar arbeidsfolk, bidrar til andre næringar sin suksess og til eit levande lokalmiljø. Eg er optimist med tanke på FMV si framtid.

Leiargruppa på FMV

Hugo Strand

«Bedrifter som vil at mennesker skal vokse oppnår mer enn bedrifter som vil at bunnlinjen skal vokse» -Ingebrigt Steen Jensen

Hugo Strand, 45 årVerftsdirektørHugo er nordlending frå Andenes. Er utdanna sivilingeniør innan skip-steknikk frå NTH i Trondheim (1994). Har også ein MBA frå NHH i Bergen (2009). Han har jobba for MARINTEK, Interpro og Aker Yards før han i 2007 kom til FMV. Han er også styreleiar i “Norske Skipsverft”.

Rune Kvinhaugsvik, 28 årØkonomisjefRune er frå Sotra og er yngstemann i leiargruppa. Han har utdanning innan økonomi og administrasjon frå Høg-skulen Stord/Haugesund. Han starta på FMV i 2012 som Controller og er no økonomisjef med pågangsmot.

Rune Rimmereid, 52 årTeknisk sjefRune er Fitjarbu og starta på FMV i 1997. Han har vore med og bygd opp verftet slik det er i dag, som produks-jonssjef og prosjektleiar. Han har fagbrev som røyrleggjar og har jobba for VikSandvik, Leirvik Sveis, Eidesvik og CGG.

Åsmund Sørfonn, 40 årProduksjonssjefÅsmund er Fitjarbu og har sterke fam-ilietradisjonar på FMV kor han starta i 1997 etter nokre år på Aker Stord. Som produksjonssjef er han i “første linje”, men han har òg kapasitet til å driva fram FMV Havbruk samt å vera prosjektleiar.

Stein Gunnar Halleråker, 39 årLager- og logistikksjefStein Gunnar er Fitjarbu og starta på FMV i 2002. Han har erfaring frå Aker Stord og Wärtsliä på Rubbestadneset. Han har fagbrev innan logistikk og har i tillegg til stillinga som “vollmester” drive fram satsinga på FMV Base.

Nils-Andreas Brekke, 49 årInnkjøpssjefNils-Andreas er Fitjarbu og er utdanna frå Sjøkrigsskolen i Bergen. Han starta på FMV i 2006, og har erfaring frå Sjøforsvaret, Oma Båtbyggeri og Fitjar Betongindustri. Han er dyktig teknisk, prøvetursleiar og ein viktig mann innan sal/kalkulasjon på FMV.

Geir Arne Isdahl, 37 årProsjektleiarGeir Arne er Fitjarbu ein del av den drivande gode generasjonen som starta her i 97/98. Han starta som sveisar og har også erfaring frå innk-jøp. Ved sida av å vera prosjektleiar er han også produksjonskoordinator og B-mann innan kran.

Odd-Bjørn Troland, 58 årProsjektsjefOdd-Bjørn er frå Austevoll, og er opprinneleg maskinsjef og fiskar. Har jobba på FMV sidan 2007 og driv no med prosjektering, sal og prosjektlei-ing. Han har omfattande erfaring frå Austevoll Seafood-systemet og sit i FMV sitt styre.

«Die Mannschaft»

Me byggjer for framtida

Havnevegen 22, 5419 Fitjar

Tlf: +47 53 45 72 00Fax. +47 53 45 72 20E-mail: [email protected]: www.fmvas.no

Fitjar Mekaniske Verksted AS Sigmund Skipsbyggjar