basar - valle.custompublish.com · foto-og lyrikk-kveld i skafsÅheii fjellkyrkje fredag 17....
TRANSCRIPT
Februar 2017 - 28. årgang
Setesdal—Noreg tett på ! Foto: Anders Martinsen fotografer
BASAR Garane grendelag laurdag 25.feb.
Basaren startar kl. 12.
Program:
Åresal og sal av suppe, kaffe og kaker m.m.
Eiga barnebok.
Hovudgevinstar:
Gåvekort kr 3.000 frå Sylvbui,
Saueskinnsfell,
halve røykte lam,
fleire sekkar ved, heimebaka flatbraud.
Helsing styret i Garane Grendelag
KOMMUNALT UTDANNINGSSTIPEND
SKULEÅRET 2016/17
Elevar som tek 3-årig vidaregåande utdanning
kan søkje om kommunalt stipend. Søkjaren må
vere registrert i Valle folkeregister. Søknads-
skjema finn du på www.valle.kommue.no
Søknadsfristen er 15. februar 2017.
GRATIS HPV-VAKSINE TIL KVINNER
FØDDE I 1991 OG SEINARE
Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får
frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot
humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom
eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet
starta opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd
til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft
og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av
HPV-infeksjon.
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt over-
førte infeksjonen i verda. Dei fleste som er sek-
suelt aktive blir smitta i løpet av livet, mestepar-
ten av dei i ung alder. Infeksjonen er som
regel ufarleg og går over av seg sjølv, men
somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt
kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag
300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65100
døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv
om ein har debutert seksuelt.
HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksina-
sjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009.
Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som
er fødde i 1991 og seinare også få tilbod om gra-
tis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer
i ein toårsperiode frå hausten 2016.
Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt
over 6-12 månader, og må derfor startast opp
innan utgangen av 2018.
Bestilling av vaksine: Ring Valle legekontor
379 37 540 eller Helsesøster Monique V. Jore
952 81 818. Meir informasjon om HPV og HPV-
vaksine på Folkehelseinstituttet si nettside:
www.fhi.no/hpv-vaksine
KULTURPRISEN 2017
Har du framlegg til kven som bør få
Valle kommune sin kulturpris?
Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har tilknyting til Valle kommune. Dersom to eller fleire kandidatar vert funne likeverdige kan prisen delast.
Veit du om ein eller fleire som fortener pris for
innsatsen? Valle kommune oppmodar til å
sende inn kreative og godt grunngjevne
forslag!
Frist for innsending er 15. mars. Saka blir
handsama av levekårutvalet. Prisen blir delt ut
under 17.mai-arrangementet på Hylestad
soknehus. Forslag skal sendast skriftleg til
Valle kommune v/leiar kultur og fritid,
pb. 4, 4747 Valle, eller som e-brev til
TEKNISK ETAT INFORMERER
Informasjon i samband med
nytt renseanlegg I samband med at det nye renseanlegget på Rys-stad er tatt i bruk, vil vi i vatn- og avlaupsetaten i Valle kommune oppmode folk til å tenkje over kva dei puttar i toalettet.
Dette er døme på kva som ikkje skal i do:
Q-tips - løyser seg ikkje opp i vatn, og set seg fasti røyr og andre installasjonar i pumpestasjo-nar og renseanlegg.
Våtserviettar - løyser seg ikkje skikkelig opp,
samler seg i store ballar som tettar røyrsysteme
og kummar.
Feitt fra matlaging som vert tømt i vasken eller i
do, stivnar i røyra slik at dei blir tette.
For meir informasjon: http://dovett.no/
VIS DOVETT! :-)
Strøsand til privat bruk
Privatpersonar kan hente sand i mindre mengder/
bøtter frå strøsandlageret i Øyne.
Ved spørsmål, kontakt :
Geir Helge Solheim, driftsansvarleg VVA.
tlf. 416 00 312,
NOMELAND BEDEHUS
Undervisning i Danielsbok med Sven A.
Gustavsen: torsdag 2.2, 9.2, 16.2, 23.2 kl. 1900.
Møte med Arne Arnesen frå IMF
(indremisjonsforbundet) tysdag 21.2 og onsdag
22.2 kl. 1900.
BASAR til inntekt for huset blir laurdag 1.april kl.
1500 - 1900.
FOTO- OG LYRIKK-KVELD
I SKAFSÅHEII FJELLKYRKJE
FREDAG 17. FEBRUAR KL. 1900
«EIN LYRISK OG VISUELL BUKETT
FRÅ NATUREN»
v/Jon Ingebrigtsen og Jørgen Kasin
ENKEL SERVERING
KOLLEKT TIL FJELLKYRKJA
VELKOMEN!
Arrangør: Fjellkyrkjelaget
BASAR PÅ VALLE BYGDEHEIM
laurdag 11. mars kl. 11.00 -16.00.
Inntekta går til trivselstiltak på dagsenteret.
Sal av suppe, eplekake og kaffi.
Vi er takksame for gåver som kan leverast på
bygdeheimen innan laurdag 11. mars kl. 11.00.
Alle hjarteleg velkomne!
NYTILSETTE PÅ KOMMUNEHUSET
Ny rådgjevar plan og landbruk har starta i jobben.
Åsulv Sveinung Aas erstattar Jon Ødeskaug som
har blitt pensjonist. Du treff Åsulv på tlf.
37 93 75 34 og [email protected]
På økonomiavdelinga har Vicky Lolk Norvik
starta som økonomikonsulent
Tlf. 37 93 75 05 [email protected]
K u l t u r k a l e n d e r e nK u l t u r k a l e n d e r e nK u l t u r k a l e n d e r e n
www.valle.kommune.no/kvawww.valle.kommune.no/kvawww.valle.kommune.no/kva---henderhenderhender
3. feb kl. 1945
Valle filmklubb, filmrommet kultursenteret
6.feb kl. 18 - 21
Valle allidrett, Idrettshallen
8.feb kl. 18
Kulturkveld, Storstoga
9. feb
11.– 12 feb
Brokke minitour, Brokke
15. feb kl.13.
Geirr Lystrup, Valle Bygdeheim
16.feb frå kl. 15
Bygdekveld, Soknehuset på Rysstad
17. feb kl. 1945
Valle filmklubb, filmrommet kultursenteret
19 feb kl. 14-17
Minemorennet
23.feb
24. feb kl. 20
Folkemusikkpub, Sølvgarden
25. feb frå kl. 12
Basar, Garane Grendehus
TORSDAG 9. februar
Kl 18:00, Vaiana 2D (norske stemmer) Aldersgrense: 6 år Vaiana handlar om ein eventyrlysten tenåring ved same namn, som ved hjelp av halvguden Maui
siglar ut på eit dristig oppdrag for å bli ein ekte
sjøfarar og redde sitt folk.
Kl 20:00, Kings Bay
Aldersgrense: 9 år
I 1962 omkom 21 gruvearbeidarar i Kings Bay-
gruva på Svalbard. Kva som utløyste eksplosjonen
er til dags dato eit mysterium. Regjeringa
Gerhardsen måtte gå av, men visste dei noko ingen
har fortalt? Kva om det ikkje var ei ulykke? Med Kari Bremnes
i hovudrolla.
TORSDAG 23. februar
Kl 18:00, Trio - Jakten på Olavsskrinet
I kinofilmen "TRIO - Jakten på Olavsskrinet" blir vi
med den nysgjerrige ungdomstrioen Nora, Simen og
Lars på nye eventyr. I hundrevis av år har menneske
leita etter det myteomspundne Olavsskrinet, men
ingen har funne det.
Kl 20:00, xXx: Return of Xander Cage
Aldersgrense: 12 år
Vin Diesel er endeleg tilbake som trippel-x-agent
Xander Cage i denne actionfylte oppfølgjaren. Cage
vart tilsynelatande drepen under eit oppdrag for
nokre år sidan, men trer fram frå skyggane att når
verda står ovafor ein ny trussel, i form av alfakrigeren Xiang
og det ustoppelege våpenet Pandora's Box.
FILM ER BEST PÅ KINO!
VI HAR EIGEN KINOKIOSK - STØTT DIN LOKALE KINO!
Frist for innsending til Bygdenytt
for mars er 23 februar.
Send til
Bykle og Valle
UngKulturMøtast
Valle kultursenter, Storstoga laurdag 25.mars kl 17
Alder 10-19. Du kan delta med
musikk, dans, akrobatikk, tekst, kunst, kunsthandverk, foto, film, teater,
eit skuleprosjekt, åleine eller saman med nokon…
- det er opp til deg! :-) Påmeldinga har starta, gå inn på www.ukm.no,
finn ”Min mønstring” og meld deg på!
Valle allidrett har samling
laurdag 6.februar
kl. 18-21 i idrettshallen.
For 7.klasse og oppover.
Valle filmklubb viser film 3 .og 17. februar. Møt opp klokka 19.45 filmen begynner 20.00 i rommet til Valle ungdomsklubb.
Korleis var det å vekse opp der og då du var liten, samanlikna med i dag? Korleis har lokalsamfunnet endra seg i di tid?
Det er på trappene å prøve å få danna ei gruppe som kan tenkje seg å møtast for å røde, fortelje og skrive om ting ein har opplevd gjennom livet, sett, høyrt eller lese, som kanskje kan vere til nytte, glede eller lærdom for deg sjølv eller for dei som er yngre. Det er heilt opp til deg kva du vil kome med eller skrive om. Du kan deltake i gruppa på den måten du likar best.
Første samlinga vert på Setesdalsmuseet, Rysstad,
torsdag 23. februar kl. 11:30.
Meir informasjon kjem i Setesdølen!
Valle bygdekvinnelag vil arrangere tur til Arendal, for å sjå Riksteateret si framsyning "Kollaps i kullissene" fredag 17.mars i Arendal Kulturhus.
Følg med i Setesdølen for nærare opplysingar om påmelding til teaterturen!
Årsmøte i Utdanningsforbundet Valle for 2017
Stad: Bergtun Valle - 27.03.2017 kl. 16.30
Saker som medlemmer eller klubbar ynskjer å ta
opp på årsmøtet må sendast til styret for
Utdanningsforbundet Valle på e-postadresse:
Årsmøte i Oveinang grendelag
Torsdag 16.02.2017 kl. 19:00
Vanlege årsmøtesaker
Innkomne saker må vere Knut Arne Rysstad i
hende innan 09.02.2017
E-post: [email protected]
Årsmøte i Hylestad Pistolklubb
Onsdag 22.02.2017 kl. 18:00 i Smeddestoga
Vanlege årsmøtesaker
Innkomne saker må vere Knut Arne Rysstad i
hende innan 15.02.2017
E-post: [email protected]
FOLKEMUSIKKPUB MED
DUGNADSKVELD FOR KAPPLEIK
Gratis pizza til alle som møter.
Stad: Sølvgarden hotell
Tid: fredag 24. februar 20:00
DEN KULTURELLE
SPASERSTOKKEN
VÅREN 2017
Valle bygdeheim - dagsenter
15. FEBRUAR: Geirr Lystrup med
Kl. 13 lokalt barnekor
15. MARS: ”Roser” - Magne Skjævesland
Kl. 13 med dikt, song og gitar
19. APRIL: ”Skrøner, sang og spill”
Kl. 11 - Kjell Morka og Ole -Bjørn
Gullbring med gode historier,
gitar, trekkspel og song
Mai og juni er ikkje avklart.
Geirr Lystrup til Valle bygdeheim
15. februar kl. 13:00
Geirr Lystrup vaks opp i Vinje og har vore visesongar
og forfattar heile livet, med vaksne og etter kvart
også barn som målgruppe.
Han vitjar no Valle og Bykle i februar, og i Valle skal
han ha konsert på
Valle bygdeheim,
dagsenteret, saman med
barn frå Valle kulturskule
sine barnehagekor og
Kompiskor.
Valle IL informerer
Medlemskontingenten er nå fakturert ut, og vi minner om at alle som deltek på aktivitetar i regi av Valle
IL må vere medlem. Dette gjeld både barn og vaksne.
Dersom du trenar i Møykjeromet, inkludert går på timane i Møykjeromet, skal du betale treningsavgift.
Denne er fakturert ut, så har du ikkje mottatt faktura ber vi deg gi beskjed.
Ta kontakt dersom det skulle vere spørsmål: [email protected] eller per telefon 993 86 630.
Arrangement framover:
- Brokke Mini Tour 11.-12. februar - ValleCup 4. mars
Ski- og turrenn
vinteren 2017
Brokke
MiniTour
11. - 12.02.
Støyledalslåmi
04.03
Kontaktperson Olav
Mandt:
901 73 940
Sesilåmi 11.03.
HovdenTour
15.03.
Haukelirennet
25.03