b l e s t · b l e s t litteraturfest i tysvær 3.-9.november 2014 programhefte . takk for støtte...

15
b LES T Lieraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programheſte

Upload: others

Post on 20-Oct-2019

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

b L E S T

Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014

Programhefte

Page 2: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

Takk for støtte frå

Velkommen til bLEST!Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under bLEST-veka 3.-9.november.Norske og nordiske toppnamn står i programmet, og dei vil gi oss pirrande smakebitar frå bøkene sine, dela tankane sine med oss og få fram latteren i spennande samtaler.Musikk og sang, kunst og film, hobby og quiz, blir det også. Seminar og ikkje minst lansering av Tysvær kommune si 50-års jubileumsbok er også blant godbitane.La deg lokka ut or godstolen under bLEST, så får du endå fleire gode opplevingar å kosa deg med i godstolen utover vinteren!bLEST-komiteen ønskjer deg velkommen uansett alder og kor du bur! Ingvar Frøylandkultursjef

Bokfuglar av Stian Hole. Sjå utstilling av fleire av bokillustrasjonane hans i Galleriet heile bLEST-veka.

Page 3: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

3 NOV MÅNDAG

Johan Theorin debuterte i 2007 med den første av fire kriminalromanar frå Öland. Bøkene hans er gitt ut i meir enn tjue land.

Kl 16.00Biblioteket

Kl 18.00Galleriet,Tysværtunet

Kl 19.00Storsalen,Tysværtunet

Biblioteket sitt store bruktsalg! Kom og finn skjulte skattar! Denne gongen vert det eit særleg stort utval av musikk-cd’ar, men også store mengder bøker for både barn og vaksne.

I år kilopris: Kun 19,99 kr pr kg!

Opning av kunstutstilling med bokillustrasjonar av Stian Hole og Rune Markhus. Dei har begge to fått mange prisar, mellom anna fleire gonger i “Årets vakreste bøker”. Arr. Tysvær kunstlag

Nordisk krimkveld! Eit mestermøte mellom forfattarane Lene Kaaberbøl (Danmark) Johan Theorin (Sverige) Gunnar Staalesen og Jan Mehlum. Munorpianist Marina Johansson spelar utdrag frå konserten Kriminelle komponistar. Medlem av familie-og kulturkomiteen på Stortinget, Hege Haukeland Liadal opnar festivalen. Programleiar er Fredrik Wandrup, litteraturkritikar i Dagbladet.Billettar: 200,-

Page 4: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

3 NOV MÅNDAG

Kl 19.30Skjoldastraumen grendasenter

«Hjertet mitt har ikke demens» ved forfattar og lege Audun Myskja.

Myskja ynskjer at me alle skal få meir kunnskap om kva demens er, korleis det gir seg uttrykk hos den som er ramma, og kva den som har demens treng.

I denne boka skriv han også varmt og nært om korleis me kan kommunisere med den som har demens, -gjennom musikk og andre følelsesmessige uttrykk. For: “Hjertet husker det hodet glemmer!”

Forfatteren vender seg først og fremst til pårørande, men boka er også svært nyttig og relevant for helsepersonell.

Audun Myskja har tretti års erfaring innan integrert medisin, og har arbeidd parallellet med vanleg medisin, terapeutisk berøring, terapeutisk stemmebruk og musikkterapi. Han har skrive ei rekkje fagbøker og har vunne Den Norske Lægeforenings kvalitetspris for arbeid med musikk i medisinen.

Page 5: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

TIRSDAGKl 12.00Arquesbus,Førresfjorden

«Krigsseileren» Leif M. Bjørkelund og Bjørn Toft fortel og viser videoopptak om krigsseglarane på Haugalandet. Kaffi.

4 NOV

Kl 19.00Biblioteket

90-talls flashback og tøffe tak når haugesundaren Jan H. Kallevik og Aslak Nore møtest for å snakke om om sine ferske, hardtslåande bøker.

Jan H. Kallevik ga ut si sterke sjølvbiografiske debutbok “Xtrm, krig i Oslo’s gater” våren 2014. I boka utspelar det seg scenar m.a frå lokale plasser som Flytten og Djervhuset. Ein gripande, brutal action-dokumentar om kampen mot nynazisme i Oslo-gatene på 1990-tallet.

Aslak Nore slapp nyleg spenningsromanen “Oslo Noir”, som både er hardkokt narkokrim og ei forteljing om å vekse opp på 90-tallet.

Programleiar er Roar E.Jacobsen, kulturleiar i Haugesunds Avis.

Page 6: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

ONSDAGKl 19.00Husflidshuset, Grinde

Dei gjer suksess over heile verda, og trivest like godt i New York som heime på den nedlagte jernbanestasjonen i Valdres.

Designerduoen Arne & Carlos har med sine julekuler, strikkedokker og setesdalssokkar gjort handarbeid trendy, og i år kom boka “30 tøfler”. Denne kvelden vil dei presentere både denne og dei tidlegare bøkene sine.

Vertskap er Tysvær Husflidslag, og dei vil også ha ei stor kofteutstilling med gamle og nye mønster på plass i denne perioden. Her er det rom for inspirasjon begge veier! Boksalg og lett servering.

Billettar: 100,- for medlemmer, 200,- for ikkje-medlemmer.“Arne & Carlos -noe av det mest trendy på kloden”

(Trendanalytiker Li Edelkoort )

5 NOV

Page 7: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

ONSDAGKl 19.00FjørSilkeBris,Førland

Ein litterær-musikalsk kveld der fotball og far & son tema står i sentrum - med

Kjartan Fløgstad, Aslak Nore og Odin Staveland.

5 NOV

Kjartan Fløgstad og Aslak Nore skriv bøker kvar for seg, men har nå skrive si første bok saman. Boka Brasil 2014 handlar om deira glødande felles interesse: Fotball. Men den er også ein hyllest til den latinamerikanske kulturen. Under VM i 2014 reiste dei både i storbyar og i jungelen, dei var på tribunar, i gatene og på kafear. Møt forfattarane og høyr forteljingar frå eit kontinent i sterk endring. Odin Staveland gir snart ut sitt første solo-album. På FjørSilkeBris får publikum kome tett på Staveland og høyre utdrag frå albumet hans. Kvelden blir leia av Alf-Einar Kvalavåg, redaktør i Tysvær Bygdeblad.Billettar: 200,-

Page 8: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

TORSDAGKl 19.00Storsalen,Tysværtunet

TETT PÅ! Litterær festaften i to akter!

Selma Lønning Aarø, Hanne Ørstavik og Brit Bildøen presenterer bøkene sine og samtalar mellom anna om utfordringar i nære relasjonar.

Øyvind Rimbereid er ein av våre fremste og mest prislønna lyrikarar, og

Sigmund Falch krydrar kvelden med sine humoristiske tekstar til gamle fotografi.

Programleiar er Karen Hesseberg.

Billettar: 200,-

6 NOV

selma brit hanne

karen sigmund øyvind

lønning aarø bildøen ØRSTAVIK

hesseberg falch rimberein

“Først svarer han nølende: Tør du det da, komme sånn ens ærend. Det svarer jeg ikke på, lar ham gå litt med forbeholdet sitt. To timer senere: Kom! Kom lørdag og bli så lenge du vil! “

Frå “Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux” av Hanne Ørstavik

Page 9: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

FREDAG

Kl 17.00Biblioteket

Sjakk matt! Heile livet har politikaren

Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap. I boka “Sjakk, ei kjærleikshistorie” forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Dette er ei bok for deg som vil forstå meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel. Etter programmet tek me sikte på oppstart av Tysvær sjakklubb. I biblioteket kan du dessutan prøve deg på eit parti sjakk både på skjerm og “live”.

7 NOV

Kl 10.30Biblioteket

Forteljarstund for førskulebarn. Møt Roald Kaldestad frå Stord som har gitt ut mange barnebøker. I haust kjem biletboka “269 dagar”. Det er ei historie om ei jente og ein gut som er verdas beste bestevenner. Så flytter jenta...

Glad i sjakk?Kom og bli med i oppstarten av Tysvær sjakklubb!

Page 10: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

FREDAGKl 19.00Storsalen, Tysværtunet

Konsert: Renberg og Tønes Gled deg til ein anleis kveld med laus snipp, fornøyeleg historieforteljing, litt alvor, ein del tøys, og ikkje minst mykje song og musikk saman med to av dei meist profilerte kunstnarnamna i fylket dei seinare åra. Tore Renberg har besøkt bLEST tidlegare. Denne gong har han med seg Frank Tønnesen – betre kjent som Tønes.

I 2012 kom det definitive gjennombrotet til Tønes, med albumet “Sån av Salve” som fekk to spelemannsprisar og strålande kritikkar. Nå i haust spelar Tønes inn ei ny plate.

Tore Renberg sin roman “Vi ses i morgen” frå 2013 henta maxiyatzy i seksarar og sal til Storbritannia. Dette var første bok i Texsas-serien, og bok to, “Angrep fra alle kanter”, kom ut i september 2014.

Billettar: 290,-

7 NOV

Page 11: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

LØRDAG

Kl 11.30Nygaardssalen Tysværtunet

Kl 10.00-12.00Bestestova, Tysværtunet

Kl 12.00Lars Hertervigsplass

Cleng Peerson seminar. Historikar Svein Ivar Langhelle: Utvandringa frå Tysvær til AmerikaTidlegare statsråd og fylkesmann Tora Aasland: Migrasjon i vår tid. Arr: Tysvær historielag

Knøttelaurdag Forestilling om FilleFrans og korleis det går når han har bursdag. Etter forestillinga: Servering av grøt og saft . Kr 40,-

Tysvær kommune 50 år! Lansering av jubileumsbok v/bokredaktørane Jørn Lekve og Svein Ivar Langhelle. Tysvær Blandakor. Innslag frå barnehage og skule. Sal av jubileumsboka og gode tilbud på tidlegare bygde-bøker! Programleiar: Vidar Aarhus

Kl 13.00Storsalen,Tysværtunet

Under paraplyen Vågar du bli med? Diktopplesing ved Truls Horvei

8 NOV

Page 12: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

LØRDAGKl 11.00Førre bedehus

Kl 19.00Verkstaden, Rønnevik

MisjonsbLEST / misjonsmesse. Eyvind Skeie presenterer boka “Mama Maggie Gobran” om grunnleggaren og leiaren av stiftelsen «Stephen’s Children» som driv viktig arbeid i Kairo sine slumområde. I 2012 vart ho foreslått til Nobels fredspris.

Ølbrygging som hobby - ein smakfull temakveld.Sigbjørn Huus frå nettstaden brygging.no demonstrerer ulike bryggeapparat og ingredienser til eit vellykka heimebrygg.Lervig Aktiebryggeri, Stavanger: Populære ølsortar. Aksdal bok og papir : Litteratur om øl og ølbrygging.Sal av spekemat.Påmelding til Ann-Elin Nordgård, tlf. 92059180 innan torsdag 6. november.

Amatør-brygge-klubbar blir inviterte til å ta med smaksprøvar av eige brygg til uhøgtideleg konkurranse. To klassar: Ale og pils. Premiering. Meld deg på konkurransen til Vidar Aarhus, tlf. 93216609 innan torsdag 6. november.

“Mjødbegeret skal du tømme, men hold måte med drikk, tal det som trengs eller ti; kalle det uskikk vil ingen gjøre om du så går tidlig til sengs.» (Håvamål)

8 NOV

Page 13: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

Kl 11.00Aksdal kyrkje

Livsmot i mørketI januar i år blei de to hestejentene Sara (13) og Tiril (11) påkjørt og drept i Bjørkelangen-ulykka. I boka “Pass på liten og

på stor” skriv Sara sin pappa Jostein H. Sandsmark om sjokket og sorga som ramma familien – og om smila og livsmotet som etter kvart kom og berga dei gjennom det djupaste mørket.

Denne kvelden fortel Sandsmark om dei ti månadene sidan ulykka – om sinne og gudskamp, fortviling og oppmuntringar, klemmar og latter. Han svarar óg gjerne på spørsmål.

Arr i samarbeid med ressursgruppa i Nedstrand kyrkjelyd.

NOV9 SØNDAG

Kl 19.30Nedstrand kyrkje

Litteraturgudstenestev/ Bård Egil Dyrhol.

Page 14: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

I 2014 er det 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. I år er det derfor viser og stubbar av den folkekjære diktaren som står på repertoaret når Anne Kjersti Aarhus og Aud Grimstveit gjestar grendasentra med sitt program:

Alltid meir å finne hos Prøysen Sosialsenteret på Stranda: Onsdag 5.november kl.10.30Nedstrandstunet: Onsdag 5.november kl.12.00Skjoldastraumen grendasenter: Torsdag 6.novmber kl. 11.00Aksdalstunet, Midtstova: Fredag 7.november kl.10.30Tysværtunet, Bestestova: Fredag 7.november kl.11.30

Dette skjer også i bLEST-veka:Biblioteket i Nedstrand: Linn T. Sunne møter skuleklasser i Nedstrand og feirar elevene sin leseinnsats i leseaksjonen iRead.

Stian Hole, Lene Kaaberbøl og Tove Selås/Haugalandsmuseene besøker Skulane i Tysvær.

Onsdag 5. november: Dagtid, Storsalen Tysværtunet kulturhus: Barnehagane har stort Prøysenarrangement.

17.00 - 19.30: Tysværtunet kulturhus - Avslutningsfest for leseaksjonen iRead. I Storsalen les Lars Mæhle frå bøkene sine og i idrettshallen blir det Knoterudkampar. Lukka arr. for skuleelevane i Tysvær kommune.

Torsdag 6.november: 10.30 – 12.30: Tysvær Vepro: Arne &Carlos besøker strikkegruppa. Lukka arr.

ANDRE ARRANGEMENT

Page 15: b L E S T · b L E S T Litteraturfest i Tysvær 3.-9.november 2014 Programhefte . Takk for støtte frå Velkommen til bLEST! Rundt 40 forfattarar og kunstnarar besøkjer Tysvær under

velkommen!

BILLETTAR: Billettar til dei fleste arrangementa kan kjøpast via www.tysvertunet.kulturhus.no eller tlf 52757500. Billettar kan og kjøpast ved frammøte. Følgjekort gjeld. Der det ikkje er oppgitt billettpris, er arrangementet gratis.

bLEST PÅ NETT:

På www.blestlitteratur.no finn du program og informasjon om festivalen. Legg gjerne til bLEST Litteraturfest si side på Facebook. Her får du jamnlege oppdateringar både før og under festivalen, og nytt gjennom heile året. Spørsmål? Kontakt oss på telefon 52757540 eller 52757555.