eksempeloppgaver nasjonale prøver lesing 8. trinn …...nynorsk den største sjørøvarskatten...
Post on 15-Feb-2020
13 Views
Preview:
TRANSCRIPT
Nasjonale prøver
Lesing 8. trinnEksempeloppgåve 3
Nynorsk
Den største sjørøvarskatten gjennom tidene funne i StillehavetDen største sjørøvarskatten i verda – til saman 800 tønner med gull og edelsteinar –
kan vere funnen på Robinson Crusoe-øya i Stillehavet.
AV STINE JØRGENSEN (14. OKTOBER 2005)
Heilt moderne teknologi, utvikla av selskapetWagner Technologies, har hjelpt til med åavsløre skjulestaden til skatten. Denspesialkonstruerte roboten Arturito, oppkallaetter R2-D2 i Starwars-filmane, kan «sjå» 15meter ned under jordoverflata. Dei bileta somskattejegerane har fått opp på dataskjermen, harforbløffande fellestrekk med tønnene som skalliggje nedgravne på øya.
Roboten er laga i Chile og har tidlegare vorenytta for å finne nedgravne lik og skjultevåpenlager.
Øya der skatten ligg nedgraven, er kjendunder namnet Juan Fernández-øya. For å auketurismen vart øya i 1966 døypt om til RobinsonCrusoe-øya. Det var nemleg her skottenAlexander Selkirk vart sett i land og levde i fireår. Hendinga vart gjord udødeleg i den kjendebarneboka om Robinson Crusoe.
Krangel om skattenFunnet av den gigantiske sjørøvarskatten harskapt store bølgjer i Chile. Ei chilensk lov seierat skattejegerar kan få behalde halvparten avskattane som dei finn, mens ei anna lov seier atstaten kan behalde alt dersom skatten hararkeologisk verdi.
Wagner Technologies nektar å oppgi detaljarom funnstaden før selskapet får lovnader om atdei sjølv får behalde 50 prosent av verdiane.
Dei chilenske styresmaktene kunngjer at detikkje er aktuelt å gi bort verdiar til «grådigeselskap», sidan skatten høyrer til heile detchilenske folket. Og fordi øya er ein
nasjonalpark, slår Chiles president fast atWagner Technologies i alle tilfelle ikkje vil fålov til å grave etter skatten med noko anna ennteskeier.
Truverdige kjelderFunnet på Robinson Crusoe-øya skal ha ein verdipå om lag 60 milliardar norske kroner. Nyheitahar fått brei omtale i fleire utanlandske aviser.Ifølgje ei britisk avis er denne meldinga omskattefunn meir truverdig enn tidlegarepåstandar.
Jakta på skatten har vore driven i mange tiår,og det har ikkje mangla på meldingar frå folksom hevdar at dei har funne han. Utstyrt medgamle spanske kart har eventyrlystneskattejegerar grave så mykje at lokalbefolkningahar vorte skeptisk til alle rykte om skattefunn.
Ei chilensk avis hevdar at WagnerTechnologies neppe har funne nokon skatt i detheile, fordi det ikkje finst robotar som kan identi-fisere gull og edelsteinar som er djupt nedgravnei jorda. Ei anna chilensk avis skriv at Wagner-selskapet har fått mykje medieomtale på grunnav roboten sin, og at det nok har vore hovud-formålet med å fortelje at sjørøvarskatten erfunnen.
Skatt frå 1700-taletMange meiner at sjørøvarskatten på RobinsonCrusoe-øya opphavleg høyrde til den spanskekrona. Spania var den viktigaste kolonimakta iLatin-Amerika på 1600-talet og 1700-talet.
Men da den spanske sjøkapteinen JuanEsteban i 1714 fekk i oppdrag å flytte Spaniasskattar heim til Europa, sørgde kapteinen for ågrave ned det aller meste av skatten på ei avstrendene på Robinson Crusoe-øya.
I 1761 fekk engelskmannen Cornelius Webbi oppdrag å frakte skatten til London. Oppdragetfekk han av den kjende lord Anson, som på einav reisene sine hadde fått snusen i kvar skattenlåg nedgraven.
Men delar av Webbs mannskap gjordemytteri, så etter at Webb hadde funne skatten,måtte han grave ned dei 800 tønnene ein ny stadpå øya, visstnok fleire kilometer inne på land.Den nøyaktige plasseringa vart skildra i tre kodabrev, som seinare forsvann.
Bruk avisartikkelen «Den største sjørøvarskatten gjennom tidene funnen i Stillehavet» ogillustrasjonen med tidslinje når du svarer på oppgåvene nedanfor.
Oppgåve 1:
Kva heiter roboten som skal ha oppdaga sjørøvarskatten?
A Wagner TechnologiesB ArturitoC R2-D2D Starwars
Oppgåve 2:
Sjørøvarskatten skal vere funnen ved hjelp av den spesialkonstruerte roboten.
Nemn to andre funn som ein har gjort ved hjelp av denne roboten.
1...............................................................................................................................
2...............................................................................................................................
Oppgåve 3:
Korleis har dei chilenske styresmaktene reagert på nyheita om eit mogleg skattefunn påRobinson Crusoe-øya?
A Dei har sendt arkeologar med teskeier til øya.B Dei har lova skattejegerane halvparten av skatten.C Dei har vedteke at skatten skal høyre til innbyggjarane i Chile.D Dei har kjøpt inn ein robot for å leite etter skatten.
Oppgåve 4:
Ein av mellomtitlane i nyheitsartikkelen er «Truverdige kjelder». Kva for eit av desse forslagakunne ha passa like bra som mellomtittel?
A «Robot har funne gull og edelsteinar»B «Nasjonal begeistring i Chile»C «Usemje om skattefunn i pressa»D «Avisene nektar å skrive om skatten»
Oppgåve 5:
Korleis er forholdet mellom tidslinja og nyheitsartikkelen?
A Tidslinja dekkjer eit større tidsrom enn nyheitsartikkelen.B Tidslinja dekkjer det same tidsrommet som nyheitsartikkelen.C Tidslinja dekkjer eit mindre tidsrom enn nyheitsartikkelen.D Tidslinja dekkjer ikkje noko av det tidsrommet som nyheitsartikkelen dekkjer.
Oppgåve 6:
Kva viser tidslinja?
A historia til inkariket frå 1500-talet og framoverB historia om engelske og spanske sjørøvararC historia om kven som har eigd og leita etter sjørøvarskattenD historia om Robinson Crusoe og Robinson Crusoe-øya
Oppgåve 7:
Etter det som går fram av tidslinja, kvar grov Juan Esteban ned skatten sin? Skriv inn ein «J»på kartet, så nøyaktig som råd, for å vise kvar skatten vart graven ned.
Oppgåve 8:
Etter det som går fram av tidslinja, kvar grov Cornelius Webb ned skatten sin? Skriv inn ein«C» på kartet, så nøyaktig som råd, for å vise kvar skatten vart graven ned.
Oppgåve 9:
I den tekstboksen som er knytt til året 1715, blir ordet «bane» nytta. Kva tyder ordet «bane» idenne samanhengen?
A dødsårsakB idrettsplassC karrierevegD skinnegang
Oppgåve 10:
Her er ein del av ein samtale mellom to elevar som har lese artikkelen om sjørøvarskatten:
Linn Tom
Er du samd med Tom i det han seier om styresmaktene i Chile? Skriv «Ja» eller «Nei» oggrunngi svaret ditt med opplysningar frå artikkelen.
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
Wagner Technologiesoppfører seg utruleg
barnsleg!
Tvert imot! I dennesaka er detstyresmaktene iChile som erbarnslege!
Nedanfor finn du fem kommentarar frå eit diskusjonsforum på Internett om klede på skolen.
Oves innlegg var det første i diskusjonen. Bruk kommentarane når du svarer på oppgåvene
som kjem etterpå.
Nettprat18. september 14:38
OVENå har enda en skole bestemt seg for å forby saggebukser. Helt prima, spørdu meg. Lærere som tør å bestemme noe, får respekt fra alle kanter. Det erslike lærere Norge trenger.
Bare så det er sagt: Det tar seg ganske dårlig ut å fly med halve ræva ute
etter et dobesøk. Når det innerste plagget vårt heter underbukse, så er det
fordi den skal være UNDER BUKSA!!!!!
18. september 14:45ESPAHva er vitsen med enda flere forbud? For oss elever betyr det mye hva vi har
på oss. Vi som vokser opp, må da få lov til å uttrykke hvem vi er gjennom
klærne våre! Mangfoldet forsvinner hvis det er skoleuniformer og
«fellesantrekk» som skal gjelde fra nå av.
18. september 15:02MARI95 Til Ove: Ute i arbeidslivet er det helt vanlig at folk kler seg forskjellig. Både
journalister og musikere sagger uten at noen bryr seg – hvorfor er det da så
farlig om ungdommer sagger? Så lenge vi ikke har skoleuniformer (som jeg
går 100 % inn for!), synes jeg at elever bør få velge om de vil trekke buksene
langt opp eller langt ned.
Selv kler jeg meg «helt normalt» når jeg er på skolen, for jeg vet at læreren
helst vil ha det slik. Hvis jeg respekterer han, så respekterer han meg.
18. september 15:28TEVEZFør sagga jeg på skolen, lærerene likte det ikke, men hvem bryr seg om
lærere? Det var verre at pappa ikke likte sagginga mi, for han begynte å
sagge han også, både i butikken og i gågata. Det syntes jeg var helt pyton,
så nå har vi slutta å sagge begge to. Et problem som er mye større enn
sagging, er jenter med dyp8 utringing. Jeg greier ikke å konse om algebra i
mattetimen når jenta på pulten ved sida av viser fram litt mer enn hun bør ...
18. september 17:41
PAULA
Klær bør ikke være til hinder for lek og fysisk aktivitet. Forskning har vist at
ungdommer som sagger, får et annet ganglag og økt risiko for hofteskader. I
et blad har jeg lest at kroppen automatisk produserer mer fett på de
kroppsdelene som er lite innpakket, så sagging passer dårlig hvis man vil
være slank.
Argumentet om selvstendighet og identitet er ikke noe godt argument.
Ungdommen bør slippe å kle seg slik moteindustrien ønsker. Når alle de kule
guttene sagger, er det da så opplagt at hver og en av dem opptrer som
enkeltmennesker?
Man kan helt fint «uttrykke seg» uten å bruke rumpe eller bar mage – for
man bruker faktisk ikke klærne til å tenke med.
Oppgåve 11:
Kva er formålet med innlegga?
A å uttrykkje ei meining om måtar å kle seg påB å gjere greie for ulike moteklede for ungdomC å vise kor populært sagging erD å argumentere for sagging på skolen
Oppgåve 12:
Kven skriv i innlegget sitt at det bør innførast skoleuniformer?
A OveB EspaC Mari95D Paula
Oppgåve 13:
Paula skriv at «argumentet om sjølvstende og identitet ikkje er noko godt argument». Kvameiner ho med det?
A Dei som saggar fordi alle andre gjer det, bestemmer ikkje sjølv.B Det er ingen vits i å sagge dersom ingen andre gjer det.C Dei som ikkje saggar, bør heller ikkje argumentere mot det.D Det er berre dei som er sjølvstendige, som torer å sagge.
Oppgåve 14:
Korleis prøver Mari95 å argumentere mot eit saggeforbod?
A Ho nemner eigne erfaringar.B Ho bruker døme.C Ho bruker statistikk.D Ho siterer kjende personar.
Oppgåve 15:
Faren til Tevez sagga i butikken og i gågata. Kva trur du faren ønskte å oppnå meddet?
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
Oppgåve 16:
Kva opplever Tevez som eit enda større problem enn sagging?
A måten jentene behandlar han påB måten lærarane behandlar han påC måten jentene kler seg påD måten faren hans kler seg på
Oppgåve 17:
Vi kan snakke om kva som står i eit innlegg (innhaldet).
Vi kan snakke om måten som innlegget er skrive på (form eller stil).
Sjå på innlegga til Ove og Paula. Kven av dei to synest du har skrive det beste innlegget,uavhengig av kven du er mest samd med?
Set ein ring rundt «Ove» eller «Paula» og forklar svaret ditt ved at du viser til måten somOve eller Paula har skrive på.
OVE PAULA
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
Nedanfor finn du ei oversikt over tildelinga av Nobels fredspris sidan denne prisen vart utdeltførste gong i 1901. Bruk oversikta når du svarer på oppgåvene som kjem etterpå.
Vinnarar av Nobels fredspris 1901–20001
1901–1925 1926–1950 1951–1975 1976–2000 Totalt
Internasjonale
organisasjonar3 4 5 7 19
Europa 20 10 9 8 47
Anglo-Amerika2
4 7 6 2 19
Latin-Amerika 0 1 0 4 5
Asia/Midtausten 0 0 2 11 13
Afrika 0 0 1 3 4
Vinnarar av Nobels fredspris 2001–20073
Namnet påprisvinnaren
Heimlandet tilprisvinnaren
Verdsdel
Kofi Annan Ghana Afrika2001
FN
2002 Jimmy Carter USA Anglo-Amerika2
2003 Shirin Ebadi Iran Asia
2004 Wangari Maathai Kenya Afrika
Mohamed ElBaradei Egypt Afrika2005
IAEA4
Muhammed Yunus Bangladesh Asia2006
Grameen Bank Bangladesh Asia
Al Gore. USA Anglo-Amerika2
2007FNs klimapanel
1Kjelde: Nobels fredspris – hundre år for fred. Cappelen Forlag 2001 (litt omarbeidd)
2USA og Canada
3Kjelde: www.nobel.no (litt omarbeidd)
4Det internasjonale atomenergibyrået
Oppgåve 18:
Kven fekk fredsprisen i 2005, etter det som står i tabellen?
.................................................................................................................................
Oppgåve 19:
Kor mange gonger har fredsprisen gått til fleire enn éin vinnar i perioden 2001–2007?
A 0 gongerB 3 gongerC 4 gongerD 7 gonger
Oppgåve 20:
Kva for nokre land ligg i Anglo-Amerika, etter det som står i teksten?
.................................................................................................................................
Oppgåve 20:
Kor mange fredsprisar vart delte ut til amerikanske prisvinnarar i åra 1976–2000?
A 2 prisarB 4 prisarC 6 prisarD 19 prisar
Oppgåve 21:
Kor mange fredsprisar har det vore delt ut til prisvinnarar i Afrika sidan den aller førstefredsprisen vart delt ut og fram til 2007?
A 3 prisarB 4 prisarC 7 prisarD 11 prisar
Oppgåve 22:
Kva er grunnen til at nokre av cellene i den nedste tabellen er utan innhald?
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
Oppgåve 23:
Den øvste tabellen er delt inn i periodar. Kva kan vere formålet med ei slik inndeling?
.................................................................................................................................
.................................................................................................................................
Nedanfor ser du fire bokomtalar. Bruk omtalane når du svarer på oppgåvene som
kjem etterpå.
Cæsars steintavler
Kort om boka:
Kort om boka:
Korleis var Julius Cæsar som tenåring? Kva skreiv han eigentleg på steintavlene
sine? Var han berre oppteken av krig og konspirasjonar, eller var han meir oppteken
av dei små hendingane i kvardagslivet? Boka til Ingeborg Kløvendal kan vere ein
fulltreffar for ungdommar som både er interesserte i tenåringsproblem og historie.
Lesaren møter friske teoriar om oppveksten til Cæsar og om dei opplevingane som
herda han til å bli keisar. Ungdommar som ikkje har noka som helst interesse for
romartida, vil lett kunne finne boka kjedeleg.
Stuntmann
Kort om boka:
Ei svært spennande og velskriven bok der forfattaren speler på erfaringane sine som
stuntmann i James Bond-filmen «The World is not Enough». Vi følgjer ein ung
kroppsbyggjar frå Hallingdal som tidleg i livet bestemmer seg for å bli stuntmann.
Hovudpersonen utfordrar naturkreftene på ulike måtar, og både oppturar og nedturar
blir skildra med ein stor dose humor. Spesielt morosam er skildringa av den kort-
varige karrieren som profesjonell stuntmann. Kapitla er korte og kan fint lesast kvar
for seg.
Forfattar: Ingeborg KløvendalSjanger: BrevromanUtgivelsesår: 2008Pris: 179,- kroner
Spenning 1
Humor 4
Romantikk 3
TOTALINNTRYKK 3
Forfattar: Borgar EliassenSjanger: RomanUtgivelsesår: 2003Pris: 249,- kroner
Spenning 5
Humor 4
Romantikk 1
TOTALINNTRYKK 4
Striden om fortiden
Kort om boka:
I Bergen finn ein historieprofessor og den unge medhjelparen hennar gløymde
gjenstandar frå den andre verdskrigen. Men ikkje alle liker at fortida blir graven opp.
Historieprofessoren blir på mystisk vis ramma av ei ulykke. Den 15 år gamle Maja må
ta saka i sine eigne hender og finne ut kvifor nokon vil at det skal vere stilt om funna.
Hadde nazistane gode hjelparar som aldri vart avslørte? Boka stiller store krav til
lesaren: I draumane sine snakkar Maja med historieprofessoren, men for lesaren kan
skiljet mellom draum og verkelegheit vere utydeleg.
Siste buss hjem
Kort om boka:
Den 15 år gamle Amina har sagt til foreldra sine at ho skal ta siste buss heim frå
kjærasten David, men inga jente går av på busshaldeplassen der foreldra ventar. Når
mobiltelefonen til Amina blir funnen, set politiet i gang ei etterforsking som gir fleire
spørsmål enn svar. Hovudpersonen i boka blir på sett og vis David, som viser seg å
vere ein klok og edel tenåring, heilt motsett av det omgivnadene hadde trudd. Ei
viktig og velskriven bok om sakn, sorg og tillit.
Forfattar: Gunilla Lavik
Sjanger: Roman
Utgivelsesår: 2009
Pris: 249,- kroner
Spenning 5
Humor 2
Romantikk 3
TOTALINNTRYKK 4
Forfatter: Nursel Yilmaz
Sjanger: Roman
Utgivelsesår: 2002
Pris: 198,- kroner
Spenning 3
Humor 2
Romantikk 3
TOTALINNTRYKK 4
24 Ifølgje bokomtalane har ein av dei fire forfattarane skrive bok med utgangspunkt
i sine eigne opplevingar. Kva for ein forfattar er det?
A Ingeborg Kløvendal
B Borgar Eliassen
C Gunilla Lavik
D Nursel Yilmaz
25 Ein person ønskjer å kjøpe ei bok som er både lettlesen og spennande. Kva for ei
av bøkene bør personen kjøpe dersom han eller ho stoler på bokomtalane?
E Cæsars steintavler
F Stuntmann
G Striden om fortida
H Siste buss heim
26 Set kryss for «Sann» eller «Usann» for kvar av desse påstandane ut frå dei fire
bokomtalane. Det første krysset har vi sett for deg.
Påstand Sann Usann
A. Gunilla Lavik har skrive ei bok som kostar 198,- kroner
B. Boka av Ingeborg Kløvendal passar godt for alle ungdommar.
C. Hovudpersonen i boka «Stuntmann» klarte alltid det som han
prøvde på.
D. I boka «Siste buss heim» endrar folk syn på personen som
heiter David.
27 Boka «Siste buss heim» har fått to eller tre poeng når det gjeld «Spenning»,
«Humor» og «Romantikk», men fire poeng når det gjeld «Totalinntrykk». Kva kan
vere årsaka til at ei bok får fleire poeng på «Totalinntrykk» enn ho får for dei tre
områda «Spenning», «Humor» og «Romantikk»?
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
Hurtigruta– den vakraste sjøreisa iverda
Opplev den storslåtte naturen i Noreg med
hurtigruta. Langs kysten av Noreg vil du kunne
oppleve trolske fjordar, øyar og skjær, urørt
natur, midnattssol, nordlys og stupbratte fjell.
Havørnsafari, spekkhoggarsafari, ekte vikinggilde
og tur til Noregs nest største isbre, Svartisen, er
berre nokre av dei fantastiske utfluktene vi tilbyr.
Opplevingane står i kø: på båten, når du går i
land, og når du deltek på utfluktene våre.
Ruteplan fornordgåandehurtigrute
Sommar15/4 –14/9
Vinter1/1–14/4
15/9 –31/12
Fråa
Bergen 20:00 22:30
Florø 02:15 04:45
Måløy 04:30 07:30
Torvik 07:30 10:45
Til Ålesund 08:45 12:00
Frå Ålesund 09:30 /
Frå Geiranger 13:30 /
Frå Ålesund 18:45 15:00
Molde 22:00 18:30
Kristiansund 01:45 23:00
Til Trondheim 08:15 08:15Fråa
Trondheim 12:00 12:00
Rørvik 21:15 21:15
Brønnøysund 01:00 01:00Sandnessjøen
04:15 04:15
Nesna 05:30 05:30
Ørnes 09:30 09:30
Til Bodø 12:30 12:30
Frå Bodø 15:00 15:00
Stamsund 19:30 19:30
Til Svolvær 21:00 21:00
Frå Svolvær 22:00 22:00
Stokmarknes 01:00 01:00
Sortland 03:00 03:00
Risøyhamn 04:30 04:30
Til Harstad 06:45 06:45
Frå Harstad 08:00 08:00
Finnsnes 11:45 11:45
Til Tromsø 14:30 14:30
Frå Tromsø 18:30 18:30
Skjervøy 22:45 22:45
Øksfjord 02:15 02:15
Til Hammerfest 05:15 05:15
Frå Hammerfest 06:45 06:45
Havøysund 09:45 09:45
Til Honningsvåg 11:45 11:45
Frå Honningsvåg 15:15 15:15
Kjøllefjord 17:45 17:45
Mehamn 20:00 20:00
Berlevåg 22:45 22:45
Båtsfjord 01:00 01:00
Til Vardø 04:00 04:00
Frå Vardø 04:15 04:15
Vadsø 08:15 08:15
Til Kirkenes 10:00 10:00
Tekstane på den førre sida er henta frå
nettstaden www.hurtigruta.no. Bruk dei når
du svarer på oppgåvene nedanfor.
28 Kva er formålet med dei to avsnitta som
er plasserte under overskrifta
«Hurtigruta – den vakraste sjøreisa i
verda»?
I å nemne tettstader som hurtigruta
passerer
J å fortelje kor lang tid hurtigruta bruker
K å freiste folk til å reise med hurtigruta
L å informere om køar på hurtigruta
29 I det andre avsnittet står det:
«Havørnsafari, spekkhoggarsafari, ekte
vikinggilde og tur til Noregs nest største
isbre, Svartisen, er berre nokre av dei
fantastiske utfluktene vi tilbyr». Kven er
«vi» i denne setninga?
M tidlegare passasjerar
N alle nordmenn
O lesarane av teksten
P turarrangøren
30 Solveig skal reise med hurtigruta frå
Trondheim på ein laurdag. Når vil ho
vere framme i Honningsvåg? Nemn
både dag og klokkeslett.
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
31 Ein dag i februar skal familien Albertsen
reise med hurtigruta frå Molde til Nesna.
Kva klokkeslett må familien reise
frå Molde?
Q klokka halv seks om morgonen
R klokka halv sju om kvelden
S klokka halv ni om kvelden
T klokka ti om kvelden
32 Sjå på ruteplanen for nordgåande
hurtigrute. Kva har mest sannsynleg
vore formålet med å gi delar av tabellen
grå bakgrunnsfarge?
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
top related