1. administrasjon/Økonomi · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap avtale om tilskot frå...

12
3 ÅRSMELDING FOR NORDFJORD FOLKEMUSEUM 2009 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI 1.1 Styret Årsmøtet i Nordord Sogelag vart halde 1. april 2009 på Nordord Folkemuseum. Dee årsmøtet handsama museumssaker, resten av årsmøtesakene i Nordord Sogelag vart handsama på møte 5. juli på Fjelli, Bergset i Stryn. Nordord Folkemuseum var frå januar 2009 ei avdeling i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Nordord Sogelag er framleis eigar av museet. Musea i Sogn og Fjordane er ansvarleg for drift. Fylgjande representantar er valde fram til 2011 til eigarstyret for museet: Nordordrådet: Liv Henjum, Vågsøy, vara Anne Margrethe Tonning, Stryn Gloppen kommune: Kari Jordanger (nestleiar), Gloppen, vara Sverre Folkestad, Gloppen Nordord Sogelag: Aud Bruland ( leiar), Stryn, vara Sigbjørn Hjelle, Selje (Fylkeskommunen og tilsee sine representantar gjekk ut av styret frå 2009) Det har vore halde to styremøte i 2009 og handsama 5 saker. Kari Jordanger har delteke på vegne av eigarstyret på fellesmøte med styret for Musea i Sogn og Fjordane. Direktør Anne Marie Førde har mø på eit møte i eigarstyret. 1.2 Personale Aslaug Nesje Bjørlo, avd. direktør Ingrid Berger, konservator Anne Bakke, museumspedagog Guri Hoddevik, førstesekretær i 80% stilling Nils Åge Kvamme, driftsansvarleg/handverkar Kent Arvid Flølo, handverkar/vaktmeister 50% stilling Steinar Evebø, handverkar/vaktmeister 50% stilling Kathrine Svendsby, guide og formidlar 40% stilling Eva Holme, reinhald 20% stilling Ulf Palm, fotograf i prosjekt Harald Kvandal, felemakar deltid Liv Byrkjeland, fellesstilling for musea i fylket Nokre personar var engasjert på deltid, i sommarsesongen, ved arrangement, ved større grupper, opplegg i Den kulturelle skulesekken, til produksjon av felemakarfilm og til vasskraftprosjektet. Traudalsbåten

Upload: others

Post on 11-Oct-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

3

ÅRSMELDING FOR NORDFJORD FOLKEMUSEUM 2009

1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI

1.1 StyretÅrsmøtet i Nordfjord Sogelag vart halde 1. april 2009 på Nordfjord Folkemuseum. Dette årsmøtet handsama museumssaker, resten av årsmøtesakene i Nordfjord Sogelag vart handsama på møte 5. juli på Fjelli, Bergset i Stryn. Nordfjord Folkemuseum var frå januar 2009 ei avdeling i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Nordfjord Sogelag er framleis eigar av museet. Musea i Sogn og Fjordane er ansvarleg for drift.

Fylgjande representantar er valde fram til 2011 til eigarstyret for museet:Nordfjordrådet: Liv Henjum, Vågsøy, vara Anne Margrethe Tonning, StrynGloppen kommune: Kari Jordanger (nestleiar), Gloppen, vara Sverre Folkestad, GloppenNordfjord Sogelag: Aud Bruland ( leiar), Stryn, vara Sigbjørn Hjelle, Selje(Fylkeskommunen og tilsette sine representantar gjekk ut av styret frå 2009)

Det har vore halde to styremøte i 2009 og handsama 5 saker. Kari Jordanger har delteke på vegne av eigarstyret på fellesmøte med styret for Musea i Sogn og Fjordane. Direktør Anne Marie Førde har møtt på eit møte i eigarstyret. 1.2 PersonaleAslaug Nesje Bjørlo, avd. direktør Ingrid Berger, konservator Anne Bakke, museumspedagogGuri Hoddevik, førstesekretær i 80% stilling Nils Åge Kvamme, driftsansvarleg/handverkarKent Arvid Flølo, handverkar/vaktmeister 50% stillingSteinar Evebø, handverkar/vaktmeister 50% stillingKathrine Svendsby, guide og formidlar 40% stillingEva Holme, reinhald 20% stillingUlf Palm, fotograf i prosjektHarald Kvandal, felemakar deltidLiv Byrkjeland, fellesstilling for musea i fylketNokre personar var engasjert på deltid, i sommarsesongen, ved arrangement, ved større grupper, opplegg i Den kulturelle skulesekken, til produksjon av felemakarfilm og til vasskraftprosjektet.

Traudalsbåten

Page 2: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

4

1.3 Økonomi/rekneskapAvtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare for åra 2010-2013. Revidert og vedteke rekneskap er oppsett bak i årsmeldinga. Rekneskapen viser eit overskot på 2672.- ved Nordfjord Folkemuseum. Rekneskapen er frå 2009 eit avdelingsrekneskap i total rekneskap for Musea i Sogn og Fjordane. Eigeninntekter er kr. 455567 .- eller 9 % av totale driftsinntekter.Museet har fått ekstra støtte frå:Norges vassdrag- og energidirektorat, Eckboes Legater, Norsk Institutt for Skog og Landbruk, BKK og Rådet for folkemusikk og dans.

1.4 Utval, møte og kurs

1.4.1 Møte i kommunanePersonalet har delteke på ulike møte i kommunane m.a. i samband med mottak av gåver, råd og rettleiing. Avdelingsdirektør er med i kulturleiargruppa i Nordfjord.

1.4.2 Representasjon i stiftingar og utvalMuseet er medlem og representert i styret i Stiftinga Karnilstunet på Hauge, representert i Liatunet i Stryn, medstiftar av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, medlem i Norsk Forening for Fartøyvern (avdelingsdirektør er valt til 1. vara til styret frå 2008) og Stiftinga for vern og gjenbruk av Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

1.4.3 Møte og kursPersonalet har delteke på ulike kurs, etterutdanning og møte knytte til museumsfagleg arbeid og til drøfting og arbeid i samband med konsolidering av musea i Sogn og Fjordane.

Lêrryggsekk frå utstillinga ”Ting”

Page 3: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

5

2. MUSEUMSFAGLEG ARBEID

2.1 Besøk på museet i 2009 Totalt 22809 (21678 i 2008) barn og vaksne besøkte museet. Tala for besøk kjem fram ved registrering, billettsal og overslag. Auken kjem av at vi hadde fleire utstillingar rundt i regionen og fylket. Det var gratis å gå på museet for alle, berre grupper betalte.

2.2 Skriftleg formidling Museet gir ut Årbok for Nordfjord saman med Nordfjord Sogelag og Sogn og Fjordane Ungdomslag, og Jul i Nordfjord saman med Nordfjord Sogelag. Opplaga er 1500 for årboka og 3000 for juleheftet. Begge vert distribuert frå museet. Alt arbeidet vert elles gjort på dugnad. Artiklar om gjenstandar er publisert på Kulturnett, i ”Ljøren”, i ”Kjelda” og i Kyrkjeblad for Gloppen. Det vart sendt artiklar om gjenstandar til lokalavisene i regionen. Museet har lagt ut to digitale fortellingar. 2.3 Eldfast byggDet vart rydda i materiallager, på verkstad og utført diverse mindre vedlikehaldsarbeid. Det vart montert to nye avfuktarar for fotomagasin og mykje arbeidstid vart brukt på klimaanlegget. Det viser seg at det frå start av var montert eit anlegg som vanskeleg kunne fungere i høve til oppsette krav. Museet må rekne med store kostnadar vidare og har hatt eit møte med fylkeskommunen om saka og vidare framdrift.Fellesadministrasjonen for Musea i Sogn og Fjordane er lokalisert på Nordfjord Folkemuseum og noko ombyggingsarbeid vart gjort i 2009 og det vert fullført i 2010.

2.3.1 Utstillingssal og biletgalleri/møteromDen kulturhistoriske utstillinga er ikkje endra og sal og møterom har blitt brukt som tidlegare.Utstillingar i 2009:Januar: ”Båtreisande på Vestlandet” Vandreutstilling frå HaugalandmuseeneFrå 7. Januar ”Tinn og Vann” Fotoutstilling Mars: ”Urstraumingar” Kunstnarar frå Sogn og FjordaneSommarutstilling: Kathrine Svendsby ”Installasjonar” i friluftsmuseet og i FrislidladaAugust: Dåpsutstilling. Eit samarbeid mellom Nordfjord Folkemuseum og Henny StaalnackeSeptember: Kulturminnedag med utstilling av klevask og bygningsmodellarOktober: Den norske epledagen. Utstilling med foto og ulike eplesortarNovember: Kulturnatt Nordfjord med utstillingane ”Kystgeit” og Kunstutstilling med Eli Hovdenakk

Utstillinga om kystgeita i Selje var ny i 2009. Norsk Landbruksmuseum og Nordfjord Folkemuseum laga utstilling, og ho opna i Selje i juni og sto der over sommaren.Utstillinga ”Ting” produsert av Nordfjord Folkemuseum i 2008 var vist i Innvik på Ullvarefabrikken i samband med opninga av Kulturminneåret i fylket. Seinare var utstillinga vist i Sogndal, Lærdal og Stryn.I samband med kulturminneåret hadde vi kvar månad utstilling av ny gjenstand i monter i kafeen.Det vart laga to nye brosjyrer. Ei til dåpsutstillinga og ei til epledagen.

2.4 Bibliotek, gjenstandssamling og arkivMuseet abonnerer på eit utval tidsskrift og aviser, og har bytesamband med mange institusjonar.Gjenstandar vert frosne, støvsuga, registrert, fotografert og pakka. Profesjonell fotograf har teke bilete. Opplysningane om gjenstandane og bilete av dei vert lagt ut på internett. Det er rydda i magasin og i fleire hus i uteområdet. Målet er betre sikring, bevaring og oversikt.

Page 4: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

6

I 2009 kom det inn 47 gjenstandar som gåve til museet. Museet har no 23143 gjenstandar. 2249 gjenstandar er fotografert og lagt ut på nettet. Nokre gjenstandar vart kassert etter rydding og gjennomgang av samlinga.Museet har avtale med Gloppen kommune om oppbevaring av privatarkiv for kommunen.

2.5 Friluftsmuseet og uteområdet

2.5.1 VasskraftprosjektetVasskraftprosjektet - bygningsmiljø knytt til vasskraft. I 2009 vart det lagt golv i Ålfotsaga. Prosjektet vert i sin heilskap finansiert utanom museet sitt driftsbudsjett. Miljøet vart brukt i samband med tilbod i skulesekken og på kulturminnedagen med tema vatn og skuleopplegget vart utvikla vidare.

2.5.2 Uteområdet og husa på museetDet vart utført vedlikehaldsarbeid på ein del torvtak og gjort mindre vedlikehaldsarbeid på nokre av dei antikvariske husa. Det vart rydda mykje skog i 2009, og noko ved vart selt. Museet har totalt 55 antikvariske hus og sju andre bygg. Dette utgjer ein total bygningsmasse på omlag 4000 kvm.

2.6 FelemakarverkstadenNærare 400 feler har vore innom felemakarverkstaden for reparasjon sidan verkstaden vart etablert. Hausten 2008 starta arbeidet med å lage dokumentasjonsfilm om felemakaren og om å bygge hardingfele. Arbeidet gjekk vidare i 2009 og filmen vert ferdig i 2010. Filmen vert finansiert av eksterne midlar.

2.7 Den kulturelle skulesekken Museet satsar vidare på tidlegare program for skulane og det vart laga nye tilbod. Nemnast kan dyrking av korn og designundervisning ved H. Staalnacke. I 2009 hadde museet to utreiseprogram til grunnskulane ”Kystgeita” og ”Båtreisande på Vestlandet”. Dessutan var det prøvd ut nye opplegg for vidaregåande skule. I 2009 deltok 2055 (2212 i 2008) barn og unge på organisert undervisning. Skyssmidlane frå fylket fall bort og det førte til at færre elevar hadde høve til å komme til museet.

Sirkelsag frå Ålfoten, vasshjul i framgrunn

Page 5: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

7

3. ARRANGEMENT, UTLEIGEVERKSEMD OG ANDRE AKTIVITETAR

3.1 Ulike større arrangement gjennom året og besøk av grupper, institusjonar og organisasjonarI 2009 hadde vi som åra før ”Laurdagsrunda” og ”Påskerunda”. Eit samarbeid mellom museet, biblioteket, fylkesarkivet si fotoavdeling, Firda vidaregåande skule og butikkgruppa i Gloppen Næringsorganisasjon. Sommaren 2009 hadde vi ulike aktivitetar på søndagar frå 1. juli -15. august.Det var arrangert fleire konsertar gjennom året. Nemnast kan konsert med ”Bussi” Hilmar K. Rosenberg, Glopperock, Bluegrass i Frislidlada og konsert med distriktsmusikarane. 13. november var museet med på ”Kulturnatt i Nordfjord” og museet har ansvar for søknadar for arrangementet og rekneskap på vegne av arrangørane i Nordfjord.Mange institusjonar, skular, verksemder, organisasjonar og lag har halde møte, kurs o.a. på museet og fått orientering om ulike sider av museumsdrifta og mange har fått omvising og undervisning, m.a. : Hovudutvalet for kultur, Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane, Nomil, Motorførernes Avholdsforbund, Gloppen Sogelag, Nordfjord Sogelag, Roseklubben, Gloppen kommune, Gloppen Kunstlag, Årbok for Nordfjord, Jul i Nordfjord, Barnas Turlag, Gloppen Hardingfelelag, Gruppe for seniordans, Nordfjord Folkehøgskule, Jubilantar frå Firda vidaregåande skule og Gloppen ungdomsskule, skular og barnehagar i Nordfjord, elevar ved vidaregåande skular, bebuarar på eldretun, o. fl.Lokala har vore utleigd til enkelte mindre tilstellingar, jubileum, større serveringar og til møte.I 2009 kan elles nemnast Gloppen Litteraturfest, Gloppen musikkfest og Q-filmfestivalen.

4. OPPSUMMERING RESULTAT I HØVE TIL OPPSETTE MÅL OG FØRESETNADER

4.1 Departementet har bedt om rapport for 2009Utvikling i eigenkapitalen har vore i 2007: 809 696.-, 2008 kr. 147 082.-, 2009 kr. 149 754. Eigeninntekter har vore på 17,5, 18 og 9% desse åra. Utgifter til løn og pensjon har utvikla seg slik i prosent av totale driftsutgifter: 2007: 56%, 2008: 59%, 2009 : 66%.Departementet har lagt følgjande museumsfaglege føresetnader til grunn for tildeling av statstilskotet i 2009 og har bedt om rapportering i høve til fylgjande punkt:

4.1.1 Strategiar for aktiv samfunnsrolleI 2009 hadde museet utstillinga ”Båtreisande på Vestlandet” om Romanifolket og ei kunstutstilling med installasjonar i samarbeid med kunstmuseet i fylket. Eit ”nedgreve” gamalt hus i friluftsmuseet og videoinstallasjon i Frislidlada ”Grasgirl” skapte debatt og merksemd. Museet prøvde seg på mange nye arenaer med utstillinga TING, i kulturhus, i samband med marknadsdagar i Lærdal og var med på ”Kulturnatt i Nordfjord”. Avdelingsdirektør deltek på faste møter i kulturleiargruppa i regionen; der kulturansvarlege i dei sju kommunane og museet møtest tre til fem gonger i året.

4.1.2 Kort omtale av status og planar for museumsfagleg verksemdI august 2008 vedtok styret for museet ny Strategiplan for museet 2008 – 2011 etter at tilsette og styret hadde gjort eit grundig førearbeid frå 2006. Planen tek føre seg alle deler av verksemda.

Innsamling.Museet arbeider etter innsamlingsplan som skal reviderast. Det er nøye vurdering før inntak.

Samlingsforvaltning.Museet har også i 2009 rydda i samlingane og har stort etterslep. Eit antal gjenstandar er avhenda. Etter tidlegare arbeid om fellesmagasin mellom musea i fylket skal Nordfjord

Page 6: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

8

Folkemuseum ta vare på foto. To nye avfuktarar er montert til dette magasinet i 2009. Fleire gjenstandar er fotografert og lagt ut på nett. Museet manglar sikringsplan, men har plan for innsamling, bevaring og katalogisering. Arbeid med realisering av fellesmagasin for Musea i Sogn og Fjordane held fram. Ein del av museet sine samlingar er tenkt plassert der. Museet har stort etterslep innan samlingsforvaltning.

Forsking.Det har ikkje vore forskingsprosjekt ved museet i 2009, men dokumentasjonsprosjektet om Kystgeita i Selje vart avslutta med ferdig utstilling og arbeidet med dokumentasjonsfilm om bygging av hardingfele held fram.

Formidling og tilrettelegging for publikum, med vekt på barn og unge, inkludert arbeidet med Den kulturelle skulesekken.Museet har opningstider som vert kunngjort via avisene i regionen, reiselivsbrosjyre , i eigne brosjyrer og på heimeside. Museet hadde ekstraope på mange arrangement og for grupper med særskilde ønske. Det vart arrangert ekstraope på ”Laurdagsrunda” og ”Påskerunda” ( i samarbeid med bibliotek, fotoarkiv, vidaregåande skule, symjehall og butikkgruppa). Museet hadde gratis tilgjenge for alle utanom grupper på guida opplegg. Det gjer det lettare for folk å stikke innom museet og frigjer tid til formidling i staden for rutiner og kontroll med billettsal. Nordfjord Folkemuseum er eit av musea med spesielt ansvar i skulesekken. Vi lagar eigne tilbod til skulane i regionen, og har også utreiseprogram. Det var laga fleire nye skuleopplegg i 2009 både til elevar i grunnskule og vidaregåande. Formidlar og konservator brukte fleire veker på utreiseprogram til skulane.

Digitalt innhald og digital formidling.Museet har fotografert fleire gjenstandar og revidert opplysningar om gjenstandar og lagt dette ut på nett. Museet har produsert to digitale fortellingar som er lagt ut. Dåpsutstillinga og utstillinga om kystgeita har digitale element; reportasje og billedfortelling.

Deltaking i nasjonale nettverk.Museet er med i Kulturlandskapsnettverket. Museet har eplehage med gamle fruktsortar og er med i Klonarkiv for frukt ved Norsk Genressurssenter og har nært samarbeid med NVE si Museumsordning. Personale frå museet har delteke på konferansar/seminar i nettverka og har fått auka kompetanse og knytt nyttige kontakter.

Immateriell kulturarv.Arbeidet med å dokumentere på film korleis ein bygger ei hardingfele held fram. Gjennom året legg museet som ein del av si formidling og innsamling vekt på immateriell kulturarv ved å samle inn kunnskap til artiklar og notatar og legge gamle arbeidsmåtar inn som ein del av formidlinga. Vi viser å male korn, tørke korn, vaske klede på brett, hellebakst o.a. Norsk Landbruksmuseum og Nordfjord Folkemuseum laga ferdig vandreutstilling om kystgeita i Selje, der kunnskap knytt til geitehald vert dokumentert.

4.1.3 Tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevneAdministrasjonsbygget med utstillingar og møterom er tilpassa for funksjonshemma. I friluftsmuseet er det stort sett greitt å ferdast, men fleire av dei antikvariske husa kan vere vanskeleg tilgjengelege. Vi legg til rette omvisingane og skuleopplegg for å passe til dei fleste. Vi tek omsyn til nedsett funksjonsevne når vi vert gjort merksame på spesielle behov.

4.1.4 Kulturelt mangfaldGratis inngang til museet gjer at det er lettare ”Å trø over dørstokken”. Museet deltek i ”Kulturnatt

Page 7: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

9

i Nordfjord”. Natta skal avspegle kulturelt mangfald i regionen og er planlagt gjennomført på nytt i 2010. Museet tok i mot vandreutstilling om Romanifolket og gjennomførte utreiseprogram knytt til denne. Museet utvikla vidare samarbeidet med Gloppen Opplæringssenter der mange innvandrarar får opplæring. Mangfald er også eit stikkord i Strategiplan for museet. 4.1.5 Tiltak og røynsler frå Kulturminneåret 2009Avd.direktør ved museet var med i fylkesgruppe for Kulturminneåret 2009 for Musea i Sogn og Fjordane og var også fylkeskontakt for musea i nasjonal gruppe for musea. Museet deltok med fotoutstillinga TING ved opninga av året og denne vandra seinare rundt i fylket. Museet hadde arrangement på Kulturminnedagen. På museet vart det sett opp utstillingsmonter der det vert sett inn ein ny gjenstand kvar månad.

4.1.6 Status for bygningsmessig vedlikehaldDette året vart det føreteke reparasjon på tak og mindre vedlikehaldsarbeid på dei antikvariske husa. Det vart teke ned skog som sto for nær husa. Museet forbetra anlegg for klimastyring av magasin.Vedlikehaldsarbeid var prioritert gjennom året, men må også sjåast opp mot andre viktige oppgåver innan formidling, innsamling og bevaring. Museet har stort etterslep på området og Musea i Sogn og Fjordane bør ta ei kartlegging av behov ved avdelingane og lage ein strategiplan for betring.

4.1.7 LikestillingI 2008 hadde museet 8 tilsette fordelt med 4 kvinner og 4 menn. Det var fleire mellombels tilsette og mange på dugnad, i alt 8.08 årsverk, fordelt med 4,85 årsverk for kvinner og 3,23 årsverk for menn. Avdelingsdirektør og styreleiar er kvinner. Eigarstyret har tre medlemmer med varamedlemmer. Alle styremedlemmer er kvinner, to menn og ei kvinne er vara. Løn og arbeidstilhøve fylgde det fylkeskommunale avtaleverket i 2009.

4.2 Museumsplan for Sogn og Fjordane. Plan for 2006 - 2010Mange av punkta rapportert om under departementet, gjeld også for punkt som fylket ynskjer rapportering frå. I tillegg viser fylkesplanen til m.a. fylgjande punkt:

4.2.1 Tematisk ansvar i fylketNordfjord Folkemuseum har tematisk ansvar for vasskraft i fylket. Vi har ellers gjennom året brukt bygningsmiljøet til skuleopplegg med tema vatn og vasskraft. NVE støtta opplegg på Kulturminnedagen knytta til vasskraft. Museet har ei eiga nemnd som arbeider med prosjektet og det er arbeidt vidare med å planlegge utbygging og finansiering i 2009.

4.2.2 Planlagde og oppstarta fellestiltakNordfjord Folkemuseum har delteke aktivt i det konsoliderte Musea i Sogn og Fjordane og dette tok mykje tid i 2009. Fellesadministrasjonen er i dag lokalisert på Nordfjord Folkemuseum. Avdelingsdirektør deltok på kulturleiarmøta i Nordfjord og var med i arbeidsgruppa for ”Kulturnatt Nordfjord”. Tilsette deltok på opplæringskurs i digitale fortellingar. Museet oppbevarar foto også for dei andre musea. Museet gir råd og rettleiing og prøver å vere vegvisar også til andre når publikum tek kontakt. Vi har besøkt kommunar for å sjå på samlingar og gjenstandar.Museet er med i IKT-samarbeidet og har brukt mykje ressursar på å få registrert samlinga betre. Ulike tiltak saman med naturhistorisk konservator på friluftsmuseet vart ført vidare; slåtteeng, trohesjar og eplehage med gamle frukttresortar. Museumsformidlar har delteke i formidlarforum som musea i fylket driv.Museet har godt samarbeid med fylkesarkivet si fotoavdeling som er lokalisert på Nordfjord Folkemuseum.

Page 8: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

10

4.3. Strategiplan for Nordfjord Folkemuseum 2008 - 2011

4.3.1. SamlinganeI vasskraftprosjektet fekk Ålfotsaga nytt golv og det vart arbeidt med vidare finansiering. Arbeidet med å rydde opp i gjenstandar, betre bevaring, registrere og fotografere har vore prioritert. ABMU sin rapport har vore retningsgjevande. Klimastyringa vart forbetra med to nye avfuktarar til fotomagasin.Arbeidet med troheser, eplehage og slåtteeng vart ført vidare. Nytt i 2009 var markering av Den norske epledagen. Det vart søkt om midlar til planarbeid ved Holvikejekta.

4.3.2. Forsking og dokumentasjonArbeidet med å dokumentere korleis ein bygger hardingfele fortsette i 2009. Utstillinga om kystgeita vart ferdig og museet er med i arbeid om ei Bjørneutstilling saman med dei andre musea.Konservator har skrive artiklar og museet er med på å gi ut Årbok for Nordfjord og Jul i Nordfjord. Museet har gitt hjelp til publikum som har arbeidt med ulike oppgåver og studiar.

4.3.3 Formidling og undervisningTilbod til barn og unge var prioritert og museet hadde samarbeid med mange andre om arrangement. Museet hadde utstillingar i samarbeid med andre museum, kunstlag o.fl. Undervisningstilbodet om vatn vart fornya. Det vart produsert fleire utstillingar ved museet. Museet sende jamt ut pressemeldingar og brosjyrer når det var aktuelt. Utstillinga TING var vist mange stader i fylket. Museet ynskjer å vere ein møtestad for alle og kunne invitere til kulturelt mangfald. Det vart prøvd ut nye tilbod til vidaregåande skule.

4.3.4. OrganisasjonDei museumstilsette har vore aktive i nettverk og alle har delteke på ulikt vis i arbeidet med konsolidering. Mykje nytt skal på plass i ny organisasjon. Avdelingsdirektør er medlem i kulturleiargruppa i Nordfjord, ein møtestad for utvikling, samarbeid og informasjonsutveksling. Museet har også jamn kontakt med ulike ledd i kommune, fylke og stat, og har delteke i ulike samarbeidsprosjekt. Museet har eit godt samarbeid med vertskommunen på mange plan. Personalet har delteke på fleire kurs og møte og konservator har teke etterutdanning i museumsformidling på Høgskolen i Oslo.

4.3.5 Bygningar og arealDet var satsa mykje på rydding og stell av friluftsmuseet for å gjere dette til eit attraktivt og vakkert område. Ålfotsaga fekk golv og det vart rydda i mange av dei antikvariske husa. Det vart føreteke mindre reparasjonar på fleire tak.

Museet vil rette ei stor takk til alle samarbeidspartar, til alle som har utført dugnad og til alle som har gitt gåver til museet. Nordfjord Folkemuseum ynskjer og er avhengig av slik støtte og samarbeid.

Page 9: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

11

Page 10: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

12 Posthue frå utstillinga ”Ting”

Page 11: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

13

Page 12: 1. ADMINISTRASJON/ØKONOMI · 2019. 10. 14. · 4 1.3 Økonomi/rekneskap Avtale om tilskot frå nordfjordkommunane vart revidert i 2009 og gjort gjeldande på same nivå som tidlegare

14 Tine frå utstillinga ”Ting”